Fem på rektorvaldagen

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 15 1998

Kven stemte du på?
Kva var viktigaste grunnen til det?

{short description of image} Heidi Kristoffersen, sosiologistudent

- Nei. Eg har ikkje stemt på nokon av kandidatane fordi rektorvalet interesserte meg ikkje. Faktisk så interesserer eg meg ikkje i det heile tatt for det sosiale livet på UiO.

{short description of image} Kristoffer Bentz, biologistudent

- Eg stemte på Knut Fægri. Det har eg gjort fordi han er faren til ei eg kjenner. Dessutan er han ein real fyr som heilt sikkert vil gjera ein god jobb.

{short description of image} Geir Emblemsvåg, student

- Eg stemte på Knut Fægri. Han har masse røynsle både fordi han er prorektor i dag, men han har også gjort det bra som instituttstyrar ved Kjemisk institutt tidlegare.

{short description of image} Alf Johanson, professor i økonomisk historie

- Eg stemte på Magnus Rindal. Han har det beste programmet, og eg trur at han også er den som vil vera flinkast til å styra universitetet, og samtidig ta eit tak for at utdanningspolitikken skal bli tatt på alvor av politikarane.

{short description of image} Tom Tanes, overingeniør USIT

- Nei, det vil eg ikkje seia. Det viktigaste er at ein brukar stemmeretten og deltar i rektorvalet.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 15 1998
Publisert 13. okt. 1998 03:37 - Sist endra 1. sep. 2014 13:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere