Om skilnader mellom rektorkandidatane

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 14 1998

Eg er uhyre overraska over at Norum kan seie at eg er «tilfreds med Norges forskningsråd», skriv Magnus Rindal.

I Uniforum 01.10 går Kaare R. Norum inn på dei skilnadene han meiner det er mellom han og meg som rektorkandidatar. Sjølv har eg så langt late vere å karakterisere dei andre kandidatane, og eg vil ikkje vike av frå den linja. Men eg kan ikkje la vere å ta til motmæle mot Norums karakteristikk av meg.

Norum set opp tre skilnader. Den fyrste er grei, vi har ulik fagleg bakgrunn. Men dei to neste er sterkt misvisande.

Norum seier at eg vil «styre ovenifra og være langt mer ´universitets-lovlydig´ og ´departementslydhør´ enn jeg [dvs. Norum], konferer hans [dvs. Rindals] holdning til ´Norgesnettrådet´». Dette har ikkje Norum grunnlag for å seie.

Eg har i heile valkampen argumentert for heilskapleg politikk ved UiO, ikkje styring ovanfrå. Eg har opna for nye aksjonsformer, som vil vere retta mot det politiske styringssystemet. Kan dette kallast å vere «departementslydhør»? Noregsnettrådet, som eg er leiar for, skal ikkje styre norsk utdanning og forsking, men gje råd til KUF, etter samtaler med samarbeidsorgana for institusjonane. Noregsnettrådet har ei sentral rådgjevingsoppgåve i arbeidet med den vidare arbeidsdelinga mellom universitet og statlege høgskolar, som er eit viktig spørsmål i utviklinga av universitetssektoren. I mine orienteringar om rådet har eg lagt vekt på at det må ha ei sjølvstendig rolle i forhold til KUF.

Eg er uhyre overraska over at Norum kan seie at eg er «tilfreds med Norges forskningsråd». Eg rekna det som velkjent hos alle som følgde med i norsk forskingspolitikk at eg hadde ei kritisk vurdering av NFRs struktur og leiing.

Her vil eg minne Norum om følgjande: I kronikk i Aftenposten 22.06.92 argumenterte eg, som ein av dei få ved universiteta, mot etableringa av NFR. I 1994 var eg med i «opprøret» mot leiinga i NFR, som førte til at både administrerande direktør og hovudstyreleiar måtte gå. I kronikkar i Aftenposten 20.03.97 og i Dagbladet 27.08.98 har eg ei kritisk vurdering av NFRs struktur og leiing, og eg reiser spørsmålet om ikkje det burde delast i to. Då ville vi få eitt forskingsråd med primært ansvar for grunnforskinga, og eitt med primært ansvar for forsking for næringslivet.

Det finst skilnader mellom Norum og meg. Men dei gjeld andre spørsmål enn dei som han tek opp i Uniforum.

Magnus Rindal
rektorkandidat


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 14 1998
Publisert 7. okt. 1998 13:59 - Sist endra 1. sep. 2014 13:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere