Rindal

Forrige Innhold Uniforum nr. 13 1998


{short description of image}

Magnus Rindal
56 år
Gift, 1 barn

Leiar av Senter for mellomalder- og vikingtid og professor i nordisk mellomalderkultur
Tilsett ved UiO sidan 1989

1. Bør Kollegiet og UiO sentralt styre forskinga i større grad enn i dag?
- Universiteta er dei sentrale institusjonane for den frie, forskarinitierte grunnforskinga. Berre forskaren sjølv skal styre forskingsprosessen, frå hypotese til resultat. Kollegiet må utvikle ein sterkare heilskapleg og overordna politikk for bruk av UiOs ressursar til forsking og utdanning. Ein slik politikk vil gjere det lettare å argumentere for eit betre budsjett for UiO. Leiinga ved UiO har også eit klart ansvar for kvalitetssikring og for gode rammevilkår for forskarane.

2. Kva konkret vil du gjera for å rekruttere og halde på gode forskarar?
- Det må skapast gode og stimulerande arbeidsvilkår for forskarane, og lønsvilkåra må bli betre. Eg vil arbeide for at den enkelte forskar får eit skikkeleg økonomisk grunnlag for å drive si forsking, og for at forskarane ikkje skal bruke for mykje tid på administrasjon. Eg vil også arbeide for å skape gode fagmiljø, der forskarane kan samarbeide, både disiplinært og tverrfagleg.

3. Vil du leggje om universitetet til eit mer eksternt finansiert serviceuniversitet?
- UiO skal vere eit uavhengig universitet, med ei statleg grunnfinansiering. Ein idé bak Clarks entreprenøruniversitet er å halde på universitetets fridom, det er difor viktig å diskutere hans synspunkt. Eg ønskjer å vidareutvikle UiO i ei retning der dialogen med samfunnet om behovet for forsking og utdanning spelar ei viktigare rolle enn før. Vårt arbeid med etter- og vidareutdanning må skje i nært samarbeid med brukarane.

4. Kva konkret vil du gjere for å profilere UiO meir positivt for omverda?
- Fyrst må vi utvikle vår strategi og våre prioriteringar. Deretter kan vi profilere oss. Den faglege leiarskapen må styrkjast. Den utetterretta strategiske verksemda, herunder forskingsformidling, må bli betre. Informasjonsavdelinga må spele ei sterkare proaktiv rolle i dette arbeidet. Rektor må vere synleg i den offentlege debatt om forsking og utdanning.

5. Bør studia ved universitetet ha eit avgrensa studenttal?
- Dersom budsjettet for UiO ikkje blir betre, vil eg arbeide for å redusere opptaksrammene. Vi må drøfte kva faglege føresetnader vi skal kreve for opptak til hovudfagsstudia.

6. Korleis vil du få fleire kvinnelige professorar?
- Ved å leggje forholda til rette for kvinnelege søkjarar. Ei mentorordning bør vurderast. Det er aktuelt å øyremerkje post.doc.-stipend for kvinner.

7. Bør god forskingsformidling vere meritterande ved tilsettingar?
- Ja, men vitskaplege kvalifikasjonar er viktigast.

8. Torer du å stå for noko ikkje alle i universitetsmiljøa er samde med deg i? Gi døme på kontroversielle meiningar du vil stå for.
- Ja. Eg vil ikkje la dekanmøtet vere del av førebuinga av kollegiesaker, men bruke det som eit strategiforum. Eg vil ha nye satsingar også i tider med budsjettkutt.

9. Kva skil deg frå dei andre rektorkandidatane?
- Eg set søkjelyset på UiOs dårlege budsjett samanlikna med andre universitet. I ein kriseprega ressurssituasjon opnar eg for nye aksjonsformer. Eg ønskjer ein heilskapleg og overordna forskings- og utdanningspolitikk ved UIO, der enkeltinteresser må finne sin plass i heilskapen. Eg vil ha reell dialog med samfunnet. Eg har den breiaste og mest oppdaterte erfaringa frå norsk forskings- og utdanningspolitikk og har godt samarbeid med departement, Oslo kommune og mediene. Eg har støtte fra personar frå alle grupper og alle fakultet og har ein prorektorkandidat med allsidig, også internasjonal erfaring.

Eg vil ikkje la dekanmøtet vere del av førebuinga av kollegiesaker, men bruke det som eit strategiforum


Kollegiet må utvikle ein sterkare heilskapleg og overordna politikk for bruk av UiOs ressursar til forsking og utdanning


Forrige Innhold Uniforum nr. 13 1998

Publisert 30. sep. 1998 18:54 - Sist endra 1. sep. 2014 13:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere