Studentparlamentet slo universitetsleiinga



Eit fryktinngytande sterkt lag på papiret, men for dårleg i kollektivt lagspel. Det må bli karakteren til laget til universitetsleiinga etter at det tapte den tradisjonelle fotballkampen mot Studentparlamentet med to baklengsmål.
Av Martin Toft (tekst) og Xenia Isaksen (foto)
![]() |
Eit gult kort frå domar og rektor
Lucy Smith til målmann, prorektor og rektorkandidat Knut Fægri
var det mest dramatiske som skjedde under den fotballkampen som blei
skipa til på grasplenen mellom Idrettsbygningen og Sophus Bugges
hus den 20. august. Trass i at laget hadde to spelande rektorkandidatar,
kollegiemedlem Magnus Rindal og tidlegare nemnde prorektor Knut Fægri,
kom laget til kort mot dei langt yngre og langt mindre røynde
spelarane på laget til Studentparlamentet. I staden for å satsa pengar på å leiga inn tungvektarar som statsråd Jon Lilletun og leiar for Stortingets kyrkje- og utdannings- og forskingskomité, Grete Knudsen, stilte laget med mannen som passar pengesekken til universitetet, økonomidirektør Nils Dugstad. Dermed blei det tre prosent innsparing både når det galdt tacklingar og tal på angrep. Laget til Studentparlamentet var ikkje like ivrige til å bruka sparekniven på angrepsspelarane, og dermed fekk dei lurt inn to ballar bak prorektor Knut Fægri. Sjølv om teknisk sjef, Kirsten Lindberg også stilte på laget til universitetsleiinga, var ikkje laget godt nok teknisk til å hamla opp med laget til Studentparlamentet. Kanskje det var fråveret av ein klar leiarfigur som universitetsdirektør Tor Saglie som var årsaka til at laget til universitetsleiinga ikkje fekk det til å fungera i år? |
KEEPERTAKTAR: Prorektor og rektorkandidat Knut Fægri viste fine keepertaktar under oppvarminga. Her får han applaus frå Magnus Rindal og Erik Gulbrandsen. | |
![]() |
|
HARDT TIL VERKS: Knut Fægri gjekk hardt til verks mot alle ballar frå studentane. | |
![]() |
|
PÅ BAKKEN: Liggjande på bakken klarte han å redda dette skotet. Men redninga blei ikkje sett særleg pris på av domar, rektor Lucy Smith | |
![]() |
|
som løna han med eit gult kort for denne glimrande redninga. |



Publisert 3. sep. 1998 11:30
- Sist endra 1. sep. 2014 13:41
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere