Byggjer opp menneskerettsstudium i Kina

Innhold Neste Uniforum nr. 08 1998

Institutt for menneskerettar ved UiO:

Institutt for menneskerettar skal saman med representantar for to kinesiske universitet byggja opp eit delfag i internasjonale menneskerettar. Studiet skal vera klart hausten 1999.

Av Martin Toft

{short description of image}MENNESKERETTSAVTALE MED KINA: Prosjektleiar Lisa Stearns og direktør Nils Butenschøn ved Institutt for menneskerettar er glade for at dei no kan presentera ein menneskerettsavtale med kinesiske utdanningsinstitusjonar. (Foto: Xenia Isaksen)

- Dette er eit akademisk og pedagogisk tverrkulturelt eksperiment. Sjølve prosessen med å utvikla ein felles teoretisk og praktisk forståing av menneskerettar som universitetsstudium vil stå heilt sentralt. Fire norske og fire kinesiske fagpersonar skal forma eit kurs over eit års tid, og desse åtte står fritt til å bestemma innhaldet i dette faget. Det fortel direktør Nils Butenschøn ved Institutt for menneskerettar ved Universitetet i Oslo. Avtalen er inngått mellom Institutt for menneskerettar og dei to kinesiske universiteta, China University of Political Science and Law og College of Foreign Affairs.

Velsigna av UD

Underskrivinga skjedde med velsigning frå dei norske og kinesiske utanriks- og justisdepartementa, som lenge har hatt gåande ein dialog om menneskerettane. Butenschøn ynskjer dessutan å trekkja fram dei personlege eigenskapane til prosjektleiar Lisa Stearns ved instituttet. Ho har eit seks år langt opphald i Kina bak seg. Først arbeidde ho i tre år som universitetslærar i offentleg/administrativ rett ved Universitetet i Beijing, deretter jobba ho tre år som rådgjevar for Ford-stiftinga.

- Med hennar kjennskap til det kinesiske språket og det akademiske miljøet i Kina, blei det mykje enklare å forhandla fram samarbeidsavtalen med dei to universiteta, konkluderer han. Sjølv likar ho ikkje å snakka om si eiga rolle i arbeidet med denne avtalen. Men ho vil gjerne fortelja meir om kva som skal vera innhaldet i dette delfaget.

Toppbyråkratar, juristar og diplomatar

- Studentane som går ved desse universiteta, vil alle enda opp i det kinesiske rettsvesenet, byråkratiet eller diplomatiet. I løpet av det siste året har Kina skriva under på Den internasjonale konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, og dei kinesiske styresmaktene har også gitt lovnad om at dei vil skriva under på Den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar. Difor er kinesarane interesserte i å vita meir om korleis internasjonal menneskerettslovgjeving kan skrivast inn i den nasjonale lovgjevinga. Dei har altså funne ut at dei må utdanna ekspertar på dette området, fortel Stearns, som viser til at Fudhan-universitetet i Shanghai om kort tid skal skipa til eit internasjonalt seminar der eit av temaene er korleis Noreg, Sverige og Danmark har klart å nytta internasjonal menneskerettslovgjeving i sitt lovverk.

- Nyleg har ei engelsk oppslagsbok om internasjonale menneskerettar blitt omsett til kinesisk. Dette viser at det er ei stigande interesse for dette temaet i Kina no, slår ho fast.

Akademisk dialog om menneskerettar

Problemet for dei kinesiske akademikarane, trur ho, er at menneskerettane har blitt brukte politisk.

- Det er grunnen til at det har vore svært vanskeleg for både studentar og universitetslærarar å studera internasjonale menneskerettar. Difor er det svært viktig at denne avtalen gir både oss og Kina muligheten til å føra ein akademisk dialog framfor ein retorisk diskusjon om menneskerettar, understrekar Stearns. Samarbeidsavtalen går også ut på at Institutt for menneskerettar skal gi dei to kinesiske universiteta eit grunnbibliotek med litteratur om internasjonale menneskerettar.

- Me vil gi eit kjernepensum på mellom 80 og 100 boktitlar til dei kinesiske samarbeidspartnarane våre, fortel Butenschøn. Og alle dei kinesiske studentane skal ha mulighet til å få tak i bøkene i biblioteket til dei to universiteta. Men det vil enno ta ei stund før studiet kan setjast i gang.

- Det står enno att mange fleire møte mellom oss og dei to kinesiske universiteta før me har klar ein endeleg fagplan. Me kan nok ikkje ynskja dei første kinesiske studentane i internasjonale menneskerettar velkomne før hausten 1999, seier Lisa Stearns.

 

 


Innhold Neste Uniforum nr. 08 1998
Publisert 28. mai 1998 08:05 - Sist endra 1. sep. 2014 13:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere