Småstoff

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 07 1998

Aasen på engelsk

Alle føredraga frå den internasjonale Ivar Aasen-konferansen ved Universitetet i Oslo hausten 1996 ligg no føre i bokform. Naturleg nok på engelsk. Tema for konferansen var språkkontakt og språkkonflikt, og den raude tråden var forholdet mellom minoritetsspråk og majoritetsspråk både i Noreg, i resten av Europa og i Zimbabwe. Boka inneheld føredrag av forskarar som Aasen-biografen Stephen Walton, Tove Bull, Thomas Hylland Eriksen, Rolf Theil Endresen, Ole Henrik Magga, Kjell Venås og Torill Steinfeld. Bokutgjevinga er eit samarbeidsprosjekt mellom Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda, Institutt for nordistikk og litteraturvitskap ved UiO og Ivar Aasen-stiftinga.  

Teologi for dei fattige

Det teologiske fakultetet (TF) ved Universitetet i Oslo har starta eit student- og forskarutvekslingssamarbeid med fem andre teologiske institusjonar i fire forskjellige verdsdelar. Formålet med samarbeidet er å oppmoda teologar eller teologistudentar til å vera med på arbeidet med å utvikla ein teologi som kan tala saka til dei fattige og andre grupper som kjem til kort overfor storsamfunnet. Samarbeidet har fått namnet The International Network in Advanced Theological Education og omfattar også teologiske fakultet i Ungarn, India, Sør-Afrika, Brasil og Kina. Dei som vil vita meir om dette tilbodet, kan ta kontakt med TF og be om å få informasjonsbrosjyren om dette utvekslingsprogrammet.

Pris til ung forskar

Den unge forskaren Eirik Grude Flekkøy som tok dr.scient.-graden ved Universitetet i Oslo i 1993, har fått tildelt A/S Norsk Varekrigsforsikrings pris for yngre forskarar på 30 000 kroner. Han får prisen for ei rekkje nye oppdagingar han har gjort og for dei modellane han har utvikla på områda magnetiske feltlinjer i vakuum, hydrodynamikken til blandbare væsker og Brownske rørsler i væskeoverflatar. Prisen blei utdelt på årsmøtet til Vitskapsakademiet.

Rosendal – ikkje berre eit baroni

Baroniet Rosendal i Kvinnherad i Sunnhordland byd også i sommar på ei rad kunst- og konserttilbod. Kunstutstillinga

"Klassisk inspirasjon: Frå Pompei til Rosendal", konsentrert om den danske kunstnaren Bertel Thorvaldsen, står frå 4. juli til 23. august.

Baronikonsertane skiltar med Anne Grete Preus, Stein Erik Olsen og Roar Engelberg, Leif Ove Andsnes, Herborg Kråkevik, Kjetil Bjerkestrand og Tore Brunborg, Elise Båtnes og Håvard Gimse, Anbjørg Lien, Jan Henrik Kayser og nokre til, frå 30. mai til 7. august.

Føredrag: "Rosendalskulen" har allereie hatt føredrag av Inge Lønning og held fram med m.a. Øyvind Andersen og andre fagfolk frå 5. juni og fram til 16. oktober.

Borggardsteatret: Ludvig Holbergs "Jeppe på Bjerget" med Helge Jordal i hovudrolla blir spela dagane 24. til 28. juni, og Shakespeare-teatret framfører "Anthony and Cleopatra" 16.–18. juli. Elles er det mykje anna godt og vakkert å få med seg i Rosendal, både sjølve Baroniet, Baronihagen og Rosehagen, Paddetårnet og Ja-benken, Avlsgarden og Fruehuset, Borgstovo og Gamlakjøkenet, Thee&Caffe-Salongen og husmannsplassen Træo. Vil du vita meir, kan du ringja Informasjonsavdelinga, tlf. 22 8 5 62 55 og få programheftet for heile sommaren.

Nansen-prisar utdelte

Helge Nordahl har fått tildelt Fridtjof Nansens belønning for fremragende vitenskapelig forskning i den historisk-filosofiske klassen. Prisen, som er på 50 000 kroner, går til Nordahl for glimrande vitskaplege bidrag innan fransk språk og litteratur i mellomalderen. Helge Nordahl var professor ved Universitetet i Oslo til han gjekk av for aldersgrensa i 1996.

I den matematisk-naturvitskaplege klassen blei prisen på 50 000 kroner delt mellom professor John Birks ved Universitetet i Bergen og professor John Gray ved Universitetet i Oslo. Birks får prisen for sitt bidrag innanfor felta kvartær pollen-analyse, paleoøkologi, vegetasjonsøkologi, plantegeografi og bryologi. Gray får prisen for arbeidet med eksperimentelle tilnærmingar til marin økologi brukt på meio- og makrnfauna innan marine sediment. Han har også drive mykje forsking på dryeliv i havet, og han har utvikla spesielle indikator-teknikkar for å påvisa tidleg forureining.

Prisane blei delte ut på årsmøtet til Vitskapsakademiet tidlegare denne månaden.

Nye åpningstider i kassen på Blindern

Fra og med mandag 18. mai og inntil videre blir åpningstiden i kassen i 6. etasje i Administrasjonsbygningen fra klokka 1200 til 1400 både mandag, onsdag og fredag. Det vil imidlertid bli utvidete åpningstider i forbindelse med starten på Sommerskolen.

Nøtter

{short description of image}1 Hvem er dette?

2 Hva er åpningstidene i sommersesongen på Historisk museum?

3 Hva kom først til Blindern - Fysikkbygningen eller HF-bygningene?

4 Hvor mye koster en kopp kaffe på Studentkafeene?

5 Hva står forkortelsen OPA for?

 

Svar:

1 Alv Egeland, nordlysprofessor, Fysisk institutt

2 Klokka 11-15, stengt mandager og helligdager

3 Fysikkbygningen

4 6 kroner

5 Organisasjons- og personalavdelingen

 

 

 


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 07 1998
Publisert 14. mai 1998 14:04 - Sist endra 1. sep. 2014 13:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere