<b><font face="Concorde BE Regular" size="5"></font></b>UiO ber om 35 millionar ekstra til forsking

Innhold Neste Uniforum nr. 06 1998

Kollegiet ville ikkje senda ein blåkopi av årets universitetsbudsjett som budsjettframlegg til Kyrkje- , utdannings- og forskingsdepartementet. Difor blei budsjettframlegget sendt tilbake til universitetsdirektøren som fekk fullmakt til å setja opp ekstraløyvingar til forsking.

Av Martin Toft

Resultatet blei ei påplussing på 35 millionar kroner utanfor ramma i høve til det opprinnelege budsjettframlegget. Dette skal vega opp for reduksjonen på 918 studieplassar som har ført til at universitetet får mindre pengar til forsking. Økonomidirektør Nils Dugstad tolkar dette som at Kollegiet vil visa at forskinga må vera i fokus på universitetet.

- Dessutan vil Kollegiet også demonstrera kor uheldig det er med brå endringar i rammevilkåra for universitetet frå år til år. Nye brannføreskrifter og arbeidsmiljøreglar fører også til store ekstrautgifter for UiO som har mange gamle bygningar, forklarar Dugstad som gir Noregs blømande økonomi skulda for dei manglande løyvingane til universiteta.

Kan hausta fruktene i år 2018

- Det som me sår på universiteta i dag, vil først hausta frukter om 20 år. Då vil dagens studentar vera i 40-årsalderen. Det vil seia at dei pengane me satsar på forskingsstipendiatar i dag, dei vil me ikkje få noko konkret ut av før år 2018. Og då vil dei som har vedtatt universitetsbudsjettet for lengst vera ute av Stortinget, konstaterer Dugstad. Difor trur han ikkje at han vil finna eit særleg romslegare budsjett for UiO, når han opnar Odelstingsproposisjon nr.1, altså framlegget til statsbudsjett, i byrjinga av oktober.

Kompensasjon for tapte studieplassar

I budsjettframlegget for 1999 bed UiO om ei løyving innanfor ramma på 2,325 milliardar kroner. Det er nøyaktig det same som Stortinget løyvde til universitetet for 1998. Utanfor ramma har altså universitet bede om 35 millionar kroner ekstra til styrking av drifsbudsjetta for forsking ved institutta på universitetet. Dette skal vera ein kompensasjon for dei pengane som fall bort, då talet på studentar blei redusert med 918. Når det gjeld framlegg utanfor budsjettramma, også kalla satsingsframlegg, fremjar UiO ni slike. Det er styrking av driftsbudsjetta for forsking ved grunneiningane til universitetet, bygg, rehabilitering og særskilt vedlikehald, leigesaker, vitskapleg utstyr, nye studieplassar for IT-kandidatar, etter- og vidareutdanning, utvikling av musea, post-doc- og stipendiatstillingar til universitetet og kompensasjon for privatistar.


Innhold Neste Uniforum nr. 06 1998
Publisert 30. apr. 1998 17:51 - Sist endra 1. sep. 2014 13:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere