Leverte HIV-blod til medisinstudentar

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 18 1997

Ullevål sykehus:

123 medisinstudentar kan ha behandla HIV-infisert blod i laboratoriet utan at dei visste om det. Ullevål sykehus hadde levert blodet til forsøka utan å ha undersøkt om blodet inneheldt HIV-virus.

MARTIN TOFT

Det var på eit studentkurs i medisinsk mikrobiologi på Rikshospitalet den 2. oktober, det kan ha blitt nytta blod med HIV-virus. På dette kurset, som blei leia av ein professor frå Ullevål sykehus, skulle studentane læra å påvisa antistoff mot streptokokkar. Fem sera eller blodprøvar blei leverte frå Mikrobiologisk laboratorium ved Ullevål sykehus på grunn av høgt innhald av antistoff mot streptokokkar. Ein av desse prøvane blei brukte under dette studentkurset. Seinare viste det seg at ein av desse fem prøvane inneheldt HIV-virus. Ingen veit om det var den prøven som blei brukt under studentkurset.

MELDT TIL FYLKESLEGEN

Instituttleiar Geir Bukholm ved Mikrobiologisk institutt ved Rikshospitalet har likevel funne grunn til å orientera Fylkeslegen i Oslo.

- Det har me gjort fordi me vil at Fylkeslegen skal finna ut om internføreskriftene har blitt brotne, seier Geir Bukholm, som også varslar at denne episoden vil føra til endringar i rutinane.

- Me kjem til å krevja ei skriftleg stadfesting frå Ullevål sykehus og alle andre eksterne blodleverandørar på at blodprøvar anten har eller ikkje har blitt testa for HIV-virus og Hepatitt B og C, før me tar dei i bruk, seier Bukholm til Uniforum. Han legg til at det er svært liten sjanse for at dette blodet kan ha smitta nokon av studentane om dei skulle ha vore så uheldige å ha fått det på huda.

LATEKSHANSKAR BLIR OBLIGATORISKE

- Det er til no ikkje rapportert om tilfelle der personar som har fått blod på hud eller på sprekkar i huda, har blitt HIV-positive, fortel han. Fredag for ei veke sidan blei alle dei 123 studentane kalla inn til eit møte der dei blei informerte om at ein av blodprøvane dei hadde brukt, kunne ha innehalde HIV-viruset. Alle dei som hadde deltatt på kurset, fekk tilbod om å ta ein HIV-test, dersom dei ynskte det. Førebels har fem av dei takka ja til tilbodet, opplyser studenttillitsvalt Jon Helge Angelsen til Uniforum. Sjølv er han av dei som har valt ikkje å HIV-testa seg.

- Sjansen for å få HIV-viruset i seg på denne måten, er mikroskopisk. Eg har faktisk høyrt om eitt tilfelle der ein person fekk handa oversølt av HIV-infisert blod utan at han eller ho blei HIV-positiv, seier han.

Episoden har likevel ført til endringar i rutinane for studentane, fortel han.

- Ja, no har alle medisinstudentar fått påbod om alltid å ha på seg latekshanskar når dei held på med blodprøvar i laboratorieforsøk, stadfestar han.

OVERREAKSJON

Klinikksjef ved Laboratoriemedisinsk klinikk ved Ullevål sykehus, Johan H. Strømme meiner denne saka er storm i eit vassglas.

- Her på Ullevål tar me 1000 blodprøvar dagleg, og me behandlar alle som om dei var potensielle smitteberarar. Vår oppgåve er å læra våre 450 tilsette til å omgå desse prøvane på ein forsvarleg måte. Dersom også alle medisinstudentane får innprenta av medisinprofessorane at dei alltid må tenkja på mogleg smittefare når dei behandlar blodprøvar frå pasientar, vil det heller ikkje vera risikabelt å behandla HIV-infisert blod. Eg synest difor det er meiningslaust å gi desse studentane tilbod om HIV-test på grunn av dette, avsluttar Johan H. Strømme som er professor i klinisk biokjemi.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 18 1997
Publisert 27. nov. 1997 14:15 - Sist endra 1. sep. 2014 13:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere