Lovar fond for helse og utdanning

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 16 1997


 

Statsråd Jon Lilletun:

Eit investerings- og utviklingsfond skal finansiera oppkjøp av vitskapleg utstyr til helse- og utdanningsinstitusjonane.

AV MARTIN TOFT

 

IMPONERTE: Statsråd Jon Lilletun imponerte både representanar fra høgskulane og universiteta då han heldt jomfrutalen sin som kyrkje-, utdannings- og forskningsminister i førre veke. (Arkivfoto: Ellen C. Holte)

 

 

Det lova den nyutnemnde kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren Jon Lilletun då han fekk elddåpen sin som statsråd under den forskingspolitiske konferansen til Forskarforbundet i førre veke. Fondet skal byggjast på inntektene frå salet av aksjane som staten i dag har i Den norske Bank og i Kreditkassen.

- Oppkjøpet av utstyret skal gå føre seg i utlandet for ikkje å auka den innanlandske etterspurnaden, opplyste Lilletun. Han stod fast på at universiteta skulle ha hovudansvaret for grunnforskinga, men han gjorde det klart at også høgskulane vil få høve til å dela ut cand.mag.graden til dei studentane som oppfyller det, sjølv om dei ikkje har gått på eitt av universiteta.

- Når det gjeld hovudfagsundervisning, skal universiteta og dei vitskaplege høgskulane ha hovudansvaret for det, men dei skal på ingen måte ha nokon eksklusiv rett til det, understreka Lilletun medan han viste til Høgskulen i Telemark som om kort tid innfører eit tverrfagleg hovudfag i kulturstudiar. Lilletun kunne lova ei enda større satsing på utdanning og forsking frå neste år, når sentrumsregjeringa får frie hender til å setja saman eit nytt framlegg til statsbudsjett.

- I statsbudsjettet for komande år er rammene allereie lagde slik at spelerommet vårt er svært avgrensa. Men når arbeidet med eit nytt statsbudsjett startar etter nyttår, skal den lova opptrappingsplanen til Regjeringa innan forsking og utdanning setjast i verk, sa Lilletun.

UIO-REKTOR GIR JON LILLETUN GOD KARAKTER

Både representantar for høgskulane og universiteta var godt nøgde med bodskapen frå den nye utdanningsministeren. Det var også rektor Lucy Smith ved Universitetet i Oslo.

- Det er positivt at statsråd Jon Lilletun lovar at det skal opprettast eit investerings- og utviklingsfond som skal kjøpa inn naudsynt vitskapleg utstyr til helse- og utdanningsinstitusjonane, seier Lucy Smith. Ho er også godt nøgd med andre lovnader Lilletun kom med.

-Ja, han stadfesta det Kristeleg Folkeparti skreiv i svaret på brevet frå dei fire universitetsrektorane om at den nye regjeringa vil satsa på å få opp dei samla utgiftene til forsking og utvikling til gjennomsnittleg OECD-nivå. Han viste nettopp til rektorbrevet då han skulle forklara kvifor dei hadde tatt med dette punktet i regjeringserklæringa. Ho tolkar det som eit viktig signal at Lilletun gjorde det klart at den tidlegare regjeringa hadde hatt for stor tru på system og struktur i samband med Noregsnettet.

- Dette er eit teikn på at Regjeringa ikkje går inn for at Noregsnettet skal føra til ei byråkratisk styring av universitet og høgskular, seier Lucy Smith, som er trygg på at Jon Lilletun blir ein god statsråd.

- Eg tykkjer han viser ei lyttande og open haldning samtidig som han er inspirerande. Det er også bra at han vil leggja så stor vekt på verdiar, synest rektor Lucy Smith ved UiO.

 

 


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 16 1997

Publisert 28. okt. 1997 22:53 - Sist endra 1. sep. 2014 13:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere