21 år med muskelsmerter

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 14 1997

Førstesekretær Karin Lehn:

Ingen trur på dei når dei seier dei er sjuke. Ingen trur på dei når dei seier det gjer vondt å arbeida. Ingen trur på kvinner med muskelsmerter.

AV MARTIN TOFT

Det er desse kvinnene dokumentarfilmen "Smertefotografen" handlar om. Filmen er laga av medievitar Nefise Özkal Lorentzen i tett samarbeid med sosiolog Ulla-Britt Lilleaas ved Senter for kvinneforsking. Lilleaas har forska på kvinner med slike lidingar. Ei av dei kvinnene som står fram i filmen er førstesekretær Karin Lehn ved Hovudarkivet til Universitetet i Oslo.

21 åR MED MUSKELSMERTER

- Eg valde å delta i filmen fordi eg gjerne ville vera til hjelp for andre som hadde muskelsmerter eller fibromyalgi. Dessutan hadde eg klart å koma meg gjennom det, og fått orden på livssituasjonen min igjen, fortel Karin Lehn som i dag jobbar i halv stilling og er halvt uføretrygda. Det var for tjueein år sidan ho merka muskelsmertene for første gong.

- Seinare fekk eg smerter i armane og sterke smerter i det venstre beinet. Eg var så utsliten at det hende eg sovna på toalettet. Ei av årsakene til det, var nok alt skrivearbeidet som måtte gjerast for hand. Det var så hardt at eg til slutt ikkje klarte å jobba lenger, seier Lehn som måtte sjukemelda seg. Det tok eitt år før ho kom tilbake på jobb. Åtte år seinare kom ho i kontakt med sosiolog Rønnaug Sørensen som hadde kurs i eigenutvikling.

TRAGISK FORTID

- Desse kursa hjelpte oss til å få tru på oss sjølve igjen. Me lærte å ta vare på oss sjølve og ta omsyn til faresignala frå kroppen vår slik at me kunne få ein best mogleg livskvalitet, forklarar Lehn. Ho er overtydd om at svaret på kvifor ho utvikla muskelsmerter ligg i den tragiske fortida hennar.

- Eg hadde ein far som var svært autoritær, som aldri klemte oss eller gav oss andre kjærteikn. Han utleverte heller aldri seg sjølv. Difor blei me aldri skikkeleg kjende med han. Det var sikkert den viktigaste grunnen til at eg gifta meg med den første mannen eg trefte som gav meg kjærleik. Problemet var at han var alkoholikar, og han blei svært valdeleg dei gongene han hadde drukke, forklarar ho. Difor braut ho ut av ekteskapet og måtte ta eineansvaret for dei tre barna deira.

PSYKISK PRESS

- Resultatet blei at eg levde under eit hardt psykisk press gjennom fleire år for å kunne halda hjula i gang. Fysisk gav det seg utslag i at eg fekk så sterke muskelsmerter at eg ikkje kunne halda fram med å jobba lenger, fortel Lehn, som er glad for at UiO no har gitt henne muligheten til å jobba halv dag på den gamle arbeidsplassen sin.

- Leiinga ved Hovudarkivet har gjort alt dei kan for å leggja forholda best mogleg til rette for meg her. Dei har til dømes gitt meg lov til å ta sommarferie i november slik at eg kan dra til Kanariøyane og nyta varmen. Eg er nemleg i mykje betre form i dei varme årstidene enn eg er i vinterhalvåret, seier Lehn, som også måtte lida seg gjennom ein del av opptaka til dokumentarfilmen "Smertefotografen."

ISKALDE FILMOPPTAK

- Fleire av opptaka blei gjort i april i dei gamle og iskalde cellene til Gamle Grønland politistasjon. Difor måtte me dansa og hoppa for å halda varmen. Ja, filmregissør Nefise Öskal Lorentzen nytta også høvet til å læra oss tyrkisk magedans, ler Karin Lehn, som er godt nøgd med filmen. No håpar ho den kan vera til hjelp for andre som har muskelsmerter. Ho vil oppmoda dei til å ta kontakt med Norges Fibromyalgiforbund.

Fibromyalgi

Fibromyalgi (av fibrom "bindevevssvulst", og myalgi), som også blir kalla fibrositt, er ein sjukdom eller eit syndrom med smerter i musklar og senefeste, og ømme punkt på karakteristiske stader, som utløyser ei kraftig smertekjensle ved trykk. Sjukdomen gjer seg utslag i kroniske muskelsmerter, verk, uroleg svevn, depresjon og trøyttleik. I USA har dei rekna ut at mellom tre og seks millionar menneske har denne lidinga. Fleirtalet av dei er kvinner mellom 25 og 50 år.

(Kjelder: STORE NORSKE leksikon og fibromyalgisidene på Internett)

MUSKELSMERTER: Førstesekretær Karin Lehn ved Hovudarkivet til UiO har hatt kroniske muskelsmerter i 21 år. (Foto: Xenia Isaksen)


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 14 1997
Publisert 3. okt. 1997 11:10 - Sist endra 1. sep. 2014 13:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere