- For tam!

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 14 1997

Etterutdanningsinnstillinga

* Alle vaksne skal få mulighet for inntak til høgare utdanning basert på yrkespraksis og annan relevant bakgrunn.

* Lovfesta rett til utdanningspermisjon.

Dette er to av framlegga Buer-utvalet kjem med i innstillinga si om ein nasjonal handlingsplan for etterutdanning. - Dette er for tamt, synest studiedirektør Toril Johansson ved UiO.

AV MARTIN TOFT

- Eg synest det er bra at det ligg føre ei innstilling om vidareutdanning. Også UiO ynskjer ei vidare satsing på dette feltet, understrekar studiedirektør Torhild Johansson. Ho er overraska over at innstillinga legg så lite vekt på høgskule- og universitetssektoren i høve til den vidaregåande opplæringa.

MEIR VEKT På HøGARE UTDANNING

- Det ser ut som om det har vore viktig for utvalet å koma med framlegg til ei reform som kan koma alle til gode. Eg kunne ha tenkt meg at innstillinga også la større vekt på å vidareutdanna folk som har høg utdanning, seier Johansson som viser til at næringslivet og det offentlege heile tida krev at deira tilsette også etterutdannar seg for å halda seg oppdatert om nye ting som skjer.

FYLKESKOMMUNALT UTVAL

Johansson er heller ikkje nøgd med måten utvalet har tenkt å styra inntaket ved universitet og høgskular på.

- No vil dei setja ned eit fylkeskommunalt utval som i kvart tilfelle skal vurdera kven som kan takast inn på universitetet på grunnlag av realkompetanse. Tidlegare hadde alle universiteta denne retten sjølve, og det ville ha vore ein stor fordel om me kunne gått tilbake til ei slik ordning framfor at eit utval skulle bestemma det, meiner Johansson.

Dei samla kostadane for denne etterutdanningsreforma vil koma opp i mellom 1,2 til 1,8 milliardar kroner. Langt over halvparten av denne summen skal gå til vidaregåande opplæring av vaksne. Det er ikkje presisert kor store deler av desse pengane som skal gå til etterutdanningstiltak ved universitet og høgskular.

- Dette tyder på at universiteta og høgskulane ikkje får den plassen dei fortener i denne reforma. For korleis kan utvalet gjera framlegg om å satsa så mykje på vidaregåande opplæring utan å satsa tilsvarande på etterutdanninga av dei som skal undervisa dei, nemleg faglærarane?, spør studiedirektør Toril Johansson ved UiO, som likevel vil sjå heile innstillinga, før ho slår fast at universitet-og høgskulesektoren kjem dårleg ut.

Buer-utvalet gjer også framlegg om å lata universitet og høgskular få kreva eigendel ved alle etter- og vidareutdanningstilbod. Til no har dette berre vore mogleg, dersom eit studium har vore på ti vekttal eller mindre. Alle studiar som universiteta og høgskulane definerer som etter- og vidareutdanning skal vera opne for alle, meiner utvalet som også ynskjer at det blir oppretta ein sentral instans som kan ha ansvaret for å godkjenna utdanning frå norske og utanlandske institusjonar i høve til det norske gradsystemet.

STATEN BETALAR

Etterutdanningsreforma skal finansierast ved at staten dekkar kostnadane ved grunnskuleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne, meiner utvalet. Både arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonane må setja av pengar til etterutdanning i lønsoppgjer og i tariffavtalar. Buer-utvalet vil også at regelverket til Statens lånekasse for utdanning skal gjennomgåast slik at det kan tilpassast betre til etter- og vidareutdanning. For at dette skal lata seg verkeleggjera, er det naudsynt med lovfesta rett til utdanningspermisjon for å sikra lik handsaming av alle arbeidstakarar og arbeidsgjevarar, konkluderer Buer-utvalet.

IKKJE NØGD: Studiedirektør Toril Johansson er ikkje heilt nøgd med etterutdanningsinnstillinga til Buer-utvalet. (Foto: Ståle Skogstad)


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 14 1997
Publisert 3. okt. 1997 11:10 - Sist endra 1. sep. 2014 13:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere