Ibsen-senteret til Observatoriebygningen

Innhold Neste Uniforum nr. 14 1997

Kollegiet har talt:

Senter for Ibsenstudier skal flyttast frå Universitetsbiblioteket til Observatoriebygningen. Det vedtok Kollegiet på tysdag. Senterleiar Astrid Sæther er glad, medan avdelingsleiar Øyvind Norheim i Norsk Musikksamling enno ikkje veit når dei må flytta ut av bygningen.

AV MARTIN TOFT

Glede

- Det er på tide at Senter for Ibsenstudier får sine eigne lokale. Sidan 1992 har me levd i trange og bortgøymde forhold her på Universitetsbiblioteket. Difor er eg veldig glad, når det no endeleg er klart at me kan flytta inn i UiOs eldste bygning, Observatoriebygningen, seier ei overlykkeleg Astrid Sæther. Ho viser til at det held på å bli reist eigne senter både for Ivar Aasen og Knut Hamsun.

- Ja, då skulle det berre mangla at det ikkje var ein eigen bygning for Senter for Ibsenstudier, meiner Sæther. Eit morosamt poeng med å flytta Senter for Ibsenstudier inn i Observatoriebygningen er at Henrik Ibsen blei fødd omlag på same tid som denne bygningen blei reist.

Fakultetsrådet ved Det historisk-filosofiske fakultetet har bede om det blir oppretta ei stilling som forskingsleiar i eit eige professorat ved denne institusjonen, medan stillinga som dagleg leiar bør omgjerast til ei rein formidlingsstilling. Kollegiet bed HF-fakultetet koma med eit endeleg framlegg til kva stillingar som bør opprettast ved senteret, når budsjettet for neste år ligg føre. I vedtaket understrekar også Kollegiet at senteret frå og med årsskiftet skal ha ein tredelt funksjon, dokumentasjon, forsking og formidling. I første omgang skal dokumentasjons- og forskingsaktivitetane ved senteret styrkast. Administrativt skal senteret leggjast under HF-fakultetet, som også blir bede om å gjennomføra forhandlingar med Nasjonalbiblioteket for å få til ein avtale som kan regulera eit samarbeid om drifta av senteret.

Uvisse

- Me ville gjerne ha halde fram med å vera i Observatoriebygningen. Når ikkje det går, håpar me at me raskt får svar på når me kan flytta over til Universitetsbiblioteket. Det seier Øyvind Norheim som er avdelingsleiar for Norsk Musikksamling, som i dag disponerer bygningen.

- Det vil ikkje vera mogleg for oss å flytta over til Universitetsbiblioteket umiddelbart sidan bygningen skal restaurerast og pussast opp etter at Nasjonalbiblioteket har overtatt lokala. Difor vil eg gjerne vita om det er Norsk Musikksamling eller Senter for Ibsenstudier som må flytta over i provisoriske lokale før restaureringa av UB-bygningen er ferdig, seier Øyvind Norheim som synest at universitetsleiinga kunne ha vore flinkare til å informera dei åtte tilsette ved Norsk Musikksamling om kva fylgjer denne flytteprosessen vil få for dei. Norsk Musikksamling er i dag ein del av Universitetsbiblioteket, men etter at UB har flytta til Blindern, vil Norsk Musikksamling leggjast under Nasjonalbiblioteket. Norsk Musikksamling har halde til i Observatoriebygningen sidan 1965. Tidlegare har også Polarinstituttet halde til i bygningen som blei bygd som observatorium i 1833 og som er UiOs eldste bygning.

- Den ligg utruleg fint til her i bakhagen til UB. Heile sommaren kan me arbeida med vindauga opne utan å høyra trafikkstøy. Kor mange andre stader i Oslo sentrum kan du det?, spør Øyvind Norheim, som vedgår at det er me blanda kjensler dei tilsette innser at dei snart må flytta ut av Observatoriebygningen.

GLAD: Avdelingsleiar for Senter for Ibsenstudier, Astrid Sæther er nøgd med at senteret snart kan flytta inn i Observatoriebygningen. (Foto: Xenia Isaksen)

USIKKER: Avdelingsleiar Øyvind Norheim ved Norsk Musikksamling vil ha svar på om han og dei andre tilsette må flytta til provisoriske lokale før dei kan flytta inn i UB-bygningen på Solli plass. (Foto: Xenia Isaksen)


Innhold Neste Uniforum nr. 14 1997
Publisert 3. okt. 1997 11:10 - Sist endra 1. sep. 2014 13:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere