Internasjonale forskarar ved UiO vil inkluderast betre

Felles samlingar med norske og internasjonale forskarar på Universitetet i Oslo, opplæring i språk og intervju med internasjonale forskarar i universitetsmedia. Det er nokre av tiltaka som internasjonale forskarar foreslår overfor UiO-leiinga.

DRØFTA TILTAK: Jusprofessor Malcolm Langford, rektor Svein Stølen, førsteamanuensis Andreas Carlson og førsteamanuensis Giuliano D'Amico har hatt samtale om korleis moglege tiltak kan gjera det mogleg å inkludera internasjonale forskarar ved UiO betre enn i dag.

Foto: Martin Toft

Rett før påske inviterte rektor Svein Stølen dei internasjonale UiO-forskarane Malcolm Langford frå juss, førsteamanuensis Andreas Carlson frå Matematisk institutt og førsteamanuensis Giuliano D’Amico frå Senter for Ibsenstudiar til eit møte. Dei tre hadde i fellesskap tidlegare gjort det kjent at dei ville føreslå idear som ville gi utanlandske forskarar ei betre landing når dei blir tilsette ved UiO.

Svein Stølen ville gjerne vita kva tiltak dei ynskjer å setja i verk for å inkludera internasjonale forskarar endå betre både i fagmiljøet og i det akademiske miljøet på UiO. Til stades var også viserektor Åse Gornitzka, personaldirektør Irene Sandlie, kommunikasjonsrådgjevar Anders Lundell og seksjonssjef Ghazaleh Amini og rådgjevar Erland Nettum frå International Staff Mobility Office (ISMO). ISMO er ei ny sentral satsing, som har til formål å styrkja og profesjonalisera mottaksapparatet for utanlandske vitskaplege tilsette og studentar.

– Ein suksess

Svein Stølen: – Det viktige rundt internasjonalisering er korleis me tar imot dei forskarane som kjem hit, slik at dei lykkast og me gir dei sjansar. Om me snur det heilt på hovudet, så trur eg at om eg skulle bli professor i Roma, så ville eg ha funne det litt vanskeleg å forstå det italienske forskingsrådet og universitetssystemet. Då hadde eg trengt hjelp til å lykkast, trur eg. Det me må syta for, er at internasjonale forskarar blir ein suksess på UiO, seier Svein Stølen.

Åse Gornitzka: – Me har snart på plass den praktiske støtta som utanlandske forskarar kan få. Men den kulturelle integrasjonen går litt saktare. Det går ei stund før de kjem inn i korleis det norske skattesystemet fungerer. Det er også viktig å forstå korleis dette universitetet er skrudd saman samanlikna med universitetet som de kjenner til. Og ikkje minst alt som er rundt universitetet.

Andreas Carlson: – Eg er jo norsk, men då kona mi og eg kom hit frå Harvard, hadde me jo ikkje budd i Noreg på over ti år. Me hadde inga tilknyting til akademia i Noreg, difor var eg veldig positiv til at UiO har eit internasjonalt kontor. Då me flytta hit, var det difor svært overraskande at ein må vera utanlandsk for å kunna få tilbod om ein forskarbustad på UiO, sjølv om ein ikkje har kjennskap til UiO eller bustadmarknaden her. Universitetet i Oslo har også potensial til å gjera mykje meir for nytilsette akademikarar på coaching-biten. Slik kunne me bli meir suksessfulle i den stillinga me er i, meiner han.

Felles samlingsplass

Carlson etterlyser til dømes betre kommunikasjon i ombordstiginga på universitetet når det gjeld praktiske ting som gjeld UiO, men også korleis ein bør skriva søknader til Noregs forskingsråd.

– Då eg starta her presenterte eg meg sjølv for fleire av fagmiljøa, men tenkjer at det også kunne vore ein idé heller å ha ein felles samlingsplass for dei som nettopp har begynt som forskarar ved UiO og kjem utanfrå.

Velkommen?

Jussprofessor Malcolm Langford: – Då kona mi, som er norsk, kom til UiO første dagen, fekk ho spørsmålet: Ja, kva skal me gjera med deg? Me kom til UiO etter mange år ved mellom anna Det europeiske universitetsinstituttet. Etter debatten om internasjonalisering tok mange utanlandske forskarar kontakt med meg. Dei spurde: «Er eg velkommen i dette landet?» I midten av denne debatten i Vitskapsakademiet kom eg inn på Venstres integreringsløft, som blei ein del av den nye regjeringserklæringa. Kanskje det også kunne vera noko for oss på universitetet?

Eg vil løfta fram fylgjande punkt:

1. Facebook-gruppe og samlingar for internasjonale forskarar ved UiO eller heile Noreg. Der kan folk diskutera og spørja om alt om politikk rundt internasjonalisering eller berre korleis eg får barnehageplass. Kanskje ISMO på UiO kan administrera den?

2. Kartlegging og tiltak: Me lurer på om rektoratet kunne senda ut ein førespurnad til alle fakulteta for å høyra kva dei gjer for å inkludera dei utanlandske forskarane og nye tilsette.  Det var også ei tilråding i rapporten frå AFI 2016: «Å være utlending er ingen fordel»

3. Debatt med grunnlag i forsking. Det er ein påstand om at me formidlar mindre enn dei andre. Er det sant? Og kva formidling snakkar me om? Kan me måla det? Du er vald som rektor på ei plattform med særleg vekt på undervisning og formidling. Du burde absolutt få laga ein rapport om formidling blant forskarar.

4. Språk. Det har Giuliano tenkt mykje på. Korleis me kan få utanlandske forskarar raskt inn i norsk kultur og i språkopplæring.

5. Universitetsmedia. Eg vil gjerne at universitetsmedia skal dekkja utanlandske forskarar. Eg spurde ein journalist i Forskerforum om kor ofte dei dekte utanlandske forskarar sine tankar, arbeid og gjennombrot. Ho vedgjekk at det skjedde veldig sjeldan. Om me er 30 prosent av forskarar i Noreg, bør me også stå for om lag 30 prosent av intervjua i universitetsmedia. Det er også første veg inn til nasjonal formidling.

– Må unngå ghetto

Giuliano D¨Amico, førsteamanuensis i Ibsen-studiar

– Det norske, det kulturelle eller det språklege var den problematiske delen av denne debatten. Og om kor vidt språk og nasjonalitet, og forskingsinteresse heng saman. Debatten handlar om nokre få artiklar frå Morgenbladet og Klassekampen. Eg som Ibsenforskar og litteraturvitar tilsett på nordisk, men med utanlandsk opphav, underviser norske studentar i deira eigen litteratur. Og så blir eg ein av dei som blir skulda for ikkje å gjera ein god nok jobb fordi eg ikkje kan godt nok norsk. Det er eit element av sinne i dette å føla at me står utanfor. Det Malcolm og eg har prøvd å gjera er å gjera kvalifikasjonar meir synlege. Og så trur mange at ein utanlandsk forskar alltid underviser på engelsk. Om me set i gang tiltak for utanlandske forskarar, må det bli inkluderande og også vera eit tilbod for forskarar med norsk bakgrunn. Og ein må unngå på alle måtar at det blir ein ghetto, understrekar han.

Eit anna tema som D’Amico vil ta opp, er nettverk og språkløftet.

– Det var ein biolog som sa på Vitskapsakademiet at det ikkje var behov for norsk språk i hans fag. For all litteratur var utdatert og alle mine kollegar kjem frå fleire titals land. Det kan eg forstå til ein viss grad. Men om ein då snakkar om formidling, så vil dei vera totalt utmeldt av eit fellesskap. På eit eller anna nivå er det språklege viktig. Viss du vil ha ei administrativ leiarstilling eller vera instituttleiar, så må du kunna norsk.

Bestod nynorskeksamen

D’Amico held fram: – Eit personleg problem som eg hadde, var at om eg ikkje kunne dokumentera kunnskapen min i nynorsk, kunne eg gløyma å få ein jobb på nordisk. Derfor måtte eg ta Bergenstesten på nynorsk for å kunne dokumentera det. Det gjekk heldigvis greitt, sjølv om det ikkje var noko kurstilbod. Det er nivå som ikkje er dekt av nokon form for initiativ. Men når det kjem ein Malcolm Langford som vil undervisa på norsk på Det juridiske fakultetet, må det gjerast noko med det.

Ynskjer norskpress

Langford: – Det kan henda at det blir mindre attraktivt for ein stjerneforskar å koma til eit senter for framifrå forsking, viss han eller ho blir pålagt å læra seg norsk. Men i det store og det heile trur eg det vil vera ein fordel for alle. Eit anna problem er at ein del yngre utanlandske forskarane som ikkje har engelsk som morsmål må både læra seg norsk og læra seg å skriva endå betre engelsk for å få publisert artiklar i vitskaplege tidsskrift med godt ord på seg. Eg tenkjer at to år for å læra seg norsk kan vera kort tid for nokon, andre klarer det på seks månader, medan nokon må ha fem år. Uansett trur eg at det er viktig med litt press, så det går litt fortare.

Stølen: – Eg trur også dei som kjem til eit senter for framifrå forsking, ville ha ynskt å læra seg norsk. Sjølv har eg hatt forskingsopphald i Japan, og lærte meg japansk. Eg lurer på kor flinke me er til å fortelja dykk om kva kurs me har. Me har både forskingsleiarkurs og formidlingskurs. Me slit med at det er altfor få som kjem på formidlingskursa. Og me har forskingsleiarkurs på engelsk. Me har ein ny handlingsplan for likestilling, der me også har lagt inn mangfald. Når det gjeld formidling, så set me ned eit utval no. Me vil ha eit integreringsløft, men vil ikkje ha ghettoar. Og me skal utfordra oss sjølve, men eg lovar ikkje dette over natta.

Ser høve til betring

Irene Sandlie: – Ein del av dei problemstillingane som de skildra, er jo universelle. Det handlar om å bli tatt imot på ein god måte. Den eininga som får ein ny tilsett må ha ein god plan for korleis du skal få ein god start hos oss og korleis me skal møta deg for at du skal bli integrert på ein god måte og kopla deg opp på ein god måte til ulike miljø. Ein del av dette er universelt. Over tid har me sentralt hatt ein introduksjonsdag for nye tilsette. Denne arrangerer universitetsleiinga for alle. Då spør me om dei har fått ein introduksjonsplan. Ein god del har ikkje fått det, så på dette området ser me eit forbetringspotensial, seier Irene Sandlie.

Stølen: – Eg er positiv til fempunktslista. Mange stiller opp velvillig på alle moglege arrangement. Om me skal laga ein klubb, må me ha det konkret, på fakultets- eller instituttnivå.

Gornitzka: – Det er viktig å delta på arenaer der ein møter folk frå forvaltninga, politikk og det sivile samfunnet for å få knyta eit nettverk.

D`Amico: – Mi meining er at det bør bli ein del av ein universitetspolitikk. På eit institutt blir det for snevert. Uviss på korleis det er på fakultetsnivå. Eg trur det blir betre på universitetsnivå.

– Nokon må setja agendaen

Stølen: – Eg er ikkje sikker på at det er så lurt å dytta ansvaret opp til universitetsleiinga. Mi erfaring er at det då straks blir ei sak som me skal eiga, og så skal me klara å trekkja til oss andre. Eg kan visa til to organisasjonar som har fått masse makt og påverknad dei siste åra; Akademiet for yngre forskarar og UiO.doc. Dei har tatt sin plass og fått ressursar. Magekjensla mi er at me treng nokon som føler for det og som kan setja agendaen.

 • Les meir om internasjonalisering i Uniforum:

– Heile debatten om internasjonalisering er ei avsporing

Ueinige om resultata av internasjonalisering i akademia

Kalle Moene svarer Sigurd Allern om internasjonalisering

Kalle Moenes heroiske kamp mot stråmenn

Kalle Moene: Internasjonalisering har vore ein rikdom for fagmiljøet

Emneord: Internasjonalisering, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 11. apr. 2018 01:11 - Sist endra 13. apr. 2018 10:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere