– Heile debatten om internasjonalisering er ei avsporing

– Heile internasjonaliseringsdebatten er oppkonstruert og ei avsporing. Det meiner biologiprofessor Nils Chr. Stenseth. – Kritikken er eit nesten pinleg bomskot, synest professor i statsvitskap, Øyvind Østerud.

MEST PRAKTISK MED ENGELSK: Biologiprofessor Nils Chr. Stenseth meiner det er mest praktisk med engelsk som felles språk på forskingssenteret han leier. – Men me finansierer også norskkurs for utanlandske forskarar, opplyser han.

Foto: Ola Sæther

Det var sist torsdag Vitskapsakademiet skipa til ein debatt om kor mange utanlandske forskarar Noreg toler. Ein viktig del av diskusjonen handla om at mange utanlandske forskarar truleg ikkje kunne kommunisera godt nok på norsk, og dermed ville engelsk bli det naturlege kommunikasjonsspråket mellom norske og utanlandske forskarar.

         • Les også i Uniforum: Ueinige om resultata av internasjonalisering i akademia

– Ei avsporing

Biologiprofessor Nils Chr. Stenseth er leiar for Senter for økologisk og evolusjonær syntese (CEES). Han var ein av dei som var til stades på debatten og som i klare ordelag tykte det var heilt greitt å bruka engelsk. Stenseth er ikkje særleg begeistra for debatten om internasjonalisering som blei starta i Uviten-spalta i Aftenposten av professor i statsvitskap, Øyvind Østerud.

– Heile internasjonaliseringsdebatten er oppkonstruert og ei avsporing. Det er farleg å generalisera, synest han. – Og eg er viss på at når Øyvind Østerud skal halda foredrag og snakka om norsk klimapolitikk i utlandet, då vil også han halda foredraget på engelsk, seier Nils Chr. Stenseth til Uniforum.

– Bomskot og dumt

Det var UiO-professor i statsvitskap, Øyvind Østerud som altså starta debatten om internasjonalisering i akademia. Han er ikkje einig med biologiprofessor Nils Chr. Stenseth i at debatten har vore oppkonstruert og er ei avsporing.

 – Eg er heilt ueinig. Han har misforstått fullstendig. Eg vil ha ein strategi for balanse mellom internasjonalitet og samfunnsoppdrag som differensierer mellom ulike fag. Sjølv har eg doktorgrad frå Universitetet i London og årelange forskingsopphald i utlandet. Kritikken er eit nesten pinleg bomskot.

MISFORSTÅTT: – Han har misforstått fullstendig, seier professor i statsvitskap Øyvind Østerud om utspelet til biologiprofessor Nils Chr. Stenseth. – Eg vil ha ein strategi for balanse mellom internasjonalitet og samfunnsoppdrag som differensierer mellom ulike fag, understrekar han. (Foto: Ola Sæther)

– Og kor ofte brukar du sjølv engelsk?

– Eg skriv og snakkar dagleg på engelsk, og stadig i utlandet. Ja, eg har halde foredrag på engelsk på fire kontinent. Dessutan har eg også halde nokre av foredraga på fransk. Det er faktisk eit stort problem at for få norske forskarar kan halda foredrag på andre framandspråk enn engelsk. Dette var utruleg dumt, seier Øyvind Østerud og ristar på hovudet av utspelet til Nils Chr. Stenseth.

34 nasjonalitetar representerte

For å forklara utfordringane litt grundigare, viser Nils Chr. Stenseth til situasjonen på senteret han er leiar for, Senter for økologisk og evolusjonær syntese (CEES) ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ved UiO.

– Hos oss er det forskarar frå 25 nasjonalitetar, og om me tar med gjesteforskarar blir det 34, og mange snakkar mange rare språk, og eitt av dei er norsk. Det er grunnen til at det er praktisk for oss å bruka engelsk som kommunikasjonsverktøyet vårt, understrekar han. Og engelsk gir også andre fordelar.

– Å snakka engelsk gir trening før dei skal ut i verda for å halda innlegg på konferansar og kommunisera med forskarar frå andre land. Derfor er det både praktisk eksternt og nyttig internt, slår han fast.

   • Les også i Uniforum: Kalle Moene: Internasjonalisering har vore ein rikdom for fagmiljøet

                                          Gjesteskribent Sigurd Allern: Internasjonaliseringens heiakor

– Snakkar engelsk i Russland

Stenseth viser til at han sjølv også er invitert til å halda populærvitskaplege foredrag på forskingsdagar både i Russland og på New Zealand.

– Då snakkar eg sjølvsagt engelsk. Me skal bruka det språket som dei som er til stades, er mest fortrulege med. Difor brukar eg også eit enklare engelsk i eit populærforedrag i Russland enn det eg gjer på ein fagkonferanse, fortel han.

Men han meiner at han likevel er medviten på korleis fagspråket er, også når han skriv artiklar på norsk til norske tidsskrift eller aviser.

 – Då passar eg på at eg berre brukar norsk fagterminologi og ikkje blandar inn engelske faguttrykk. I Noreg er det sjølvsagt viktig å formidla på norsk, slår han fast.

Betalar for norskkurs

Sjølv er han opptatt av at også forskarar med utanlandsk bakgrunn får høve til å bli kjent med norsk språk og kultur i den perioden dei er i Noreg.

– Difor betalar senteret norskkurs for dei forskarane som ikkje har inkludert det i forskingsfinansieringa. I fjor var det kanskje rundt åtte personar som takka ja til eit slikt tilbod, trur han.

Men han forstår godt at språkpolitikken kan vera annleis på andre institutt.

– Det er klart at på fag der det handlar mykje om norsk språk, norsk historie og andre spesifikke, norske forhold, der må det stillast krav om at forskarar har gode kvalifikasjonar i norsk språk, historie og samfunnsforhold – heilt tilsvarande dei krava eg stiller til biologisk kunnskap hos dei eg tilset på biologi. Andre stader som hos oss, er det meir praktisk og nyttig med engelsk, og til ein viss grad latin, når det gjeld namn på artar, som felles fagspråk, meiner han.

 

 

 

 

 

Emneord: Internasjonalisering, Språk, Språkpolitikk Av Martin Toft
Publisert 24. jan. 2018 11:27 - Sist endra 24. jan. 2018 11:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere