Hanne Bjurstrøm: - Vitnar om det svake rettsvernet for offera

– Denne saka vitnar om det svake rettsvernet offera for seksuell trakassering har hatt i lang tid. Det seier likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm.  

MAKT TIL Å GI ERSTATNING: :Likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm er svært nøgd med at Stortinget har vedtatt og bede regjeringa om å innføra eit lågterskeltilbod og gi diskrimineringsnemnda makt til å gi oppreising og erstatning i trakasseringssaker. Ho har stor forståing og sympati for belastinga ein tidlegare UiO-forskar har opplevd før ho fekk tilkjent erstatning for yrkesskade påført av seksuell trakassering.

Foto: Ola Sæther

Det var den 12. april Uniforum kunne melda at den tidlegare UiO-forskaren Birgitte Moesgaard Henriksen hadde inngått eit forlik med Statens pensjonskasse. Avtalen vil gi henne erstatning for yrkesskade påført henne av seksuell trakassering på Universitetet i Oslo.

– Prinsipiell siger

Sjølv skildra ho det som ein milestolpe for alle offer for trakassering.

– Dette er ein svært viktig prinsipiell siger for alle som er utsette for trakassering, mot maktmisbruk og dårleg leiarskap. Eg opplever at det er ei ny tid og at det nyttar å varsla om slike lovbrot, sjølv om dei offentlege instansane sviktar totalt, sa Moesgaard Henriksen i ein kommentar til Uniforum etter at forliket var klart.

Også advokaten hennar, John Christian Elden meinte at dette viste at Birgitte Moesgaard Henriksen blei trudd på. 

– Etter at det låg føre ein rapport frå retten sin sakkunnige psykiater, var det ikkje lenger omtvista at ho var utsett for overgrep og trakassering medan ho jobba på universitetet. Det blei derfor endra frå ei hovudforhandling til ei rettsmekling for å diskutera dei øvrige erstatningsrettslege vilkåra og utmåling av erstatning, sa John Christian Elden til Uniforum etter at forliket var i hamn.

Kjempa i over ti år

Birgitte Moesgaard Henriksen hadde i over ti år prøvd å få offentlege styresmakter til å handsama saka hennar om seksuell trakassering. Ho skulda rettleiaren sin for å driva med sexpress overfor henne. Saka blei meld inn til hovudverneombodet ved UiO, til Likestillings- og diskrimineringsombodet og Arbeidstilsynet. Ingen ville handsama saka.

–Sympati og forståing

No kjem likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm på bana og fortel at ho forstår kor stor bør denne saka har vore for Birgitte Moesgaard Henriksen.

– Ombodet har sympati og forståing for at Henrikssen har opplevd behandlinga av denne saka som svært belastande. Det er derimot viktig å understreka at verken ombodet eller nemnda har hatt mandat til å behandla saker som gjaldt spørsmål om seksuell trakassering, understrekar Hanne Bjurstrøm i ein epost til Uniforum. 

Samtidig ser ho på saka som eit godt døme på kor svakt offera har stått.

– Denne saka vitnar om det svake rettsvernet offera for seksuell trakassering har hatt i lang tid. Ombodet er svært nøgd med at Stortinget har vedtatt og bede regjeringa om å innføra eit lågterskeltilbod og gi diskrimineringsnemnda makt til å gi oppreising og erstatning i slike saker, seier Bjurstrøm. Men ho ser likevel grunnar til at Likestillings- og diskrimeringsombodet hadde problem med å behandla saka.

– Beklageleg

– Henriksens sak var svært komplisert, og gjaldt forhold som låg mange år tilbake i tid, før den blei ført inn for ombodet. Derfor stod saka fram som uklar og vanskeleg å opplysa for ombodet på ein forsvarleg måte, trekkjer ho fram.

Likevel er ho lei seg for at sakshandsaminga tok altfor lang tid.

– Det er svært beklageleg at saksbehandlinga i ombodet tok så langt tid som det gjorde, og at ombodet gjorde ein saksbehandlingsfeil ved at Henrikssen først ikkje fekk rett til å klaga på ombodet si tilsidelegging av universitetet si handtering av trakasseringssaka. Dette blei derimot retta opp, og Henriksen fekk høve til å klaga. Dette seier me oss leie for. Det er viktig for ombodet å understreka at denne saksbehandlingsfeilen ikkje hadde noko å seia for utfallet av saka, presiserer Hanne Bjurstrøm.

Har etablerte retningslinjer og eit apparat

Birgitte Moesgaard Henriksen er altså  tilkjent erstatning for yrkesskade påført henne av seksuell trakassering på Universitetet i Oslo for over ti år sidan. Prorektor Gro Bjørnerud Mo meiner saka er for gammal til å bli kommentert i dag.

– Denne saka ligg lang tid tilbake i tid, og UiO har ingen nye kommentarar til den. Me tar til informasjon at Statens pensjonskasse har inngått eit forlik, konstaterer ho.

Gro Bjørnerud Mo viser til at Universitetet i Oslo i dag har heilt andre rutinar for å behandla slike sake

– UiO har etablerte retningslinjer og eit apparat for handtering av slike saker i dag. Det er også gjennom den nye handlingsplanen vår for likestilling og mangfald lagt inn tiltak på dette området. Blant anna gjennomfører me denne våren kurs for mange av leiarane våre i regelverket og korleis dei bør handtera enkeltsaker som handlar om trakassering, med særleg vekt på handtering av seksuell trakassering, understrekar Gro Bjørnerud Mo.

  • Les også i Uniforum: Trur ikkje erstatning for seksuell trakassering vil danna presedens

  • Les også i Uniforum: Får erstatning etter seksuell trakassering på UiO

  • Les i Uniforum: Gamle varslarar står opp for nye i akademia

  • Les i Uniforum: Varsler om seksuell trakassering på odontologi

  • Les i Uniforum: UiO beklager trakassering på odontologi

  • Les i Uniforum: Starta varslingstelefon om seksuell trakassering

 

Emneord: trakassering, Likestilling, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 18. apr. 2018 16:29 - Sist endra 18. apr. 2018 16:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere