Svein Stølen: – Norske kandidatar må kunna konkurrera med dei beste

– Kandidatar til vitskaplege stillingar frå Noreg må me gjera så gode at dei kan konkurrera med dei beste utanlandske søkarane, meiner UiO-rektor Svein Stølen. Både han og viserektor Åse Gornitzka talar varmt for internasjonalisering av Universitetet i Oslo.

Foto: Ola Sæther

I sommar har det rast ein hard verbal debatt om dei positive og negative fylgjene av internasjonaliseringa av forsking og høgare utdanning i Noreg. Medan økonomiprofessor Kalle Moene har lovprist internasjonaliseringa sine positive sider både i Uniforum og i Klassekampen, og meiner den fører til  betre diskusjonar, nye idear og nye impulsar,er både historieprofessor John Peter Collett og professor i statsvitskap, Øyvind Østerud meir negative. 

  • Les også: Kalle Moene:  – Internasjonalisering har vore ein rikdom for fagmiljøet

Collett understrekar i Morgenbladet «at vi så fyller opp med folk som ikke er riktig gode nok til å få jobb på Cambridge og Harvard, men kan få jobb hos oss, det gjør at norske universiteter fort blir hverken fugl eller fisk.» Øyvind Østerud fryktar at norske studentar kan mista motivasjonen, dersom berre utanlandske forskarar blir tilsette ved norske universitet. I ein kronikk i Uniforum peikar professor emeritus Sigurd Allern på at det er eit sunt teikn dersom tre av ti ph.d.-kandidatar er utanlandske, men om sju av ti er det, fryktar han at ringverknadene på lengre sikt kan råka rekrutteringa av forskarar i Noreg. Andre fryktar at dersom det ikkje blir tilsette folk med norsk bakgrunn i historiefaget, vil endå færre skriva om norsk historie.

  • Les også: Gjesteskribent Sigurd Allern: Internasjonaliseringens heiakor

UiO-rektor Svein Stølen har inga tru på desse dommedagsprofetiane.

– Skal UiO halda fram med å vera eit leiande europeisk forskingsuniversitet, må me ha ein internasjonal profil, seier han. På spørsmål om ein tysk historikar kan vera ekspert på norsk historie, svarer han: – Vil det seia at ingen norsk historikar kan bli gode i å skriva britisk eller tysk historie? Om nokon gjer det, bør me vera kjempestolte over dei. Om me tilset ein skotsk ekspert på vikingtida, synest eg heller ikkje det er problematisk, seier Svein Stølen.

Heller ikkje for viserektor for forsking og internasjonalisering, Åse Gornitzka, er det ei aktuell problemstilling. – Vitskapen i seg sjølv er global, og slik sett gir det ikkje noka meining å snakka  om "norsk kjemi" eller  "norsk økonomi", slår ho fast.

– UiO må vera internasjonalt orientert

Rektor Svein Stølen meiner at internasjonalisering er noko heilt sjølvsagt på Universitetet i Oslo.

– Me er eit internasjonalt universitet der svært mykje av publiseringsarbeidet byggjer på internasjonalt samarbeid. Den største delen av kunnskapsutviklinga skjer utanfor Noreg. Nettopp derfor må UiO vera internasjonalt orientert, dersom det skal halda fram med statusen som europeisk toppuniversitet, understrekar han så sterkt han kan. 

Samtidig peikar han på at Universitetet i Oslo også har ei anna oppgåve.

– Me må vera klare på at me skal levera kandidatar av høg kvalitet som det norske samfunnet treng, slår han fast.  

– Det norske utdanningssystemet må sjåast i ein global og europeisk kontekst. Derfor må me ta utdanningsoppdraget vårt alvorleg, seier han. Viserektor Åse Gornitzka fylgjer opp. – Me skal heile tida levera på det samfunnet treng, og samfunnet treng også internasjonal kompetanse og forståing. UiO er ein attraktiv samarbeidspartnar internasjonalt, det viser blant anna den store statsvitarkonferansen som går føre seg ved UiO akkurat no. Og det er viktig at me kan ha internasjonale konferansar der me kan bli betre kjende med kvarandre. Me treng alle impulsar utanfrå, meiner ho. 

– Må jobba godt med karriereutvikling

For Svein Stølen er det også ein annan viktig ting som står hjarta hans nær:

– Me må ha fokus på at våre eigne kandidatar skal lykkast. Og då er det akkurat det same om dei lykkast i Tokyo eller i Oslo. Derfor må me også jobba godt med karriereutvikling, synest han. Både rektor Svein Stølen og viserektor Åse Gornitzka synest det er ei positiv utvikling at UiO blir meir internasjonalt.

– Akkurat no skjer det mykje spennande i Aust-Asia, fortel Gornitzka. – Universitet både i  Kina, Japan og Sør-Korea,er viktige samarbeidspartnarar for oss. Framover vil me ha auka merksemd på partnarar av høg kvalitet i den regionen, legg ho til. 

Skal jobba med både europeisk og afrikansk nettverk av universitet

Svein Stølen trekkjer fram universitetsnettverket The Guild.

– Dette samarbeidet med andre europeiske toppuniversitet, gjer det mogleg for oss å påverka europeisk forskingspolitikk på ein heilt annan måte enn tidlegare. Nettverksorganisasjonen har også eit kontor i Brussel for å vera til stades der det skjer.  

Åse Gornitzka  fortel at det også i Afrika blir etablert eitt nytt nettverk. – Det er etablert eit nytt universitetsnettverk i Afrika (ARUA), der fleire av institusjonane har tett samarbeid med UiO. Me har signalisert til The Guild at me kan ta føringa for å etablera eit samarbeid mellom The Guild og ARUA, slik det er interesse for frå begge sider, fortel ho. 

Ber studentane om å reisa ut

UiO-rektor Svein Stølen trekkjer også fram utviklingsavtalen som UiO har gjort med Kunnskapsdepartementet.  – Den legg jo også inn eit krav om at UiO skal vera eit internasjonalt universitet. Dei oppfordrar oss til å leggja til rette for meir studentutveksling for kortare eller lengre periodar. Det vil me sjølvsagt jobba for. Og derfor er også oppfordringa vår til studentane: Reis!

– Så de ser altså ingen ulemper med internasjonaliseringa av UiO?

– Me ser langt fleire fordelar enn ulemper. Og viss nokon er redde for at utanlandske søkjarar skal utfordra søkjarane frå Noreg, må me saman gjera dei norske minst like gode som dei utanlandske kandidatane, seier UiO-rektor Svein Stølen.

Emneord: Internasjonalisering, Universitetspolitikk, Språkpolitikk Av Martin Toft
Publisert 11. sep. 2017 03:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere