UiO-forskar Henrik Svensen tildelt Noregs største formidlingspris

Seniorforskar Henrik Svensen frå Institutt for geofag, UiO fekk i går Forskingsrådets formidlingspris for 2017. Prisen er på 500 000 kroner.

PRISVINNAR: Thomas Evensen i Forskingsrådet overrekte premien på 500 000 kroner til vinnaren av Forskingsrådets formidlingspris, Henrik Svensen. 

Foto: Yngve Vogt/Apollon

– Dette var stort, sa Henrik Svensen då han fekk utdelt prisen frå Thomas Evensen i Forskingsrådet under arrangementet «Forskningsbonanza» i Litteraturhuset torsdag 28.september

I grunngjevinga som blei lesen opp av Thomas Evensen, heiter det at Henrik Svensen får prisen for å vera ein god formidlar av eiga forsking. Han er også flink til å popularisera og brukar langt meir enn ni prosent  av arbeidstida si til å formidla. Dessutan har han vore sentral i arbeidet med å etablera forskingsformidling og kommunikasjon som eit eige studieemne ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.

– Lovpålagt å formidla

Det var ein svært nøgd Henrik Svensen som kom opp på scena og kunne ta imot det synlege beviset på at han er tildelt Forskingsrådets formidlingspris for 2017. - Nokre fredagar og laurdagar ser eg fjernsyn saman med barna mine. Mange gonger ser me saman på Idol. Der går berre dei vidare som er flinke til å formidla. Slik er det ikkje i akademia, sa han med eit smil. 

– Det er lovpålagt å formidla. Oppgåva vår er å fortelja folk kva forsking er, kva kunnskap me har og kva som er korrekt kunnskap. Derfor treng me formidlarar i alle fag. Alle kan formidla, både forskarane og studentane, understreka han.  

30 av 30 000 studentar tar kurset

Svensen er primus motor for emnet i formidling og vitskapsjournalistikk på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.  - I dag er 30 av nesten 30 000 UiO-studentar studentar på det kurset. Det er altfor lite, så difor treng me nye med på laget. Til det treng me drahjelp frå rektor, instituttleiarar og studentane, understreka han. Han brenner for forskingsformidling og sakprosa. 

– Eg synest det er kjempeviktig at den vidaregåande skulen ikkje blir den siste staden der dei unge må skriva eit essay og får tilbakemelding på det.  Og eg set stor pris på alle som arbeider med emnet formidling og vitskapsjournalistikk (MNKOM) ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Dei set alle formidling svært høgt, sa Svensen i takketalen sin. 

Emneord: Geologi Naturfag, Formidling Av Martin Toft
Publisert 29. sep. 2017 01:48 - Sist endra 29. sep. 2017 09:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere