Forskar tapte mot UiO i retten: – Eg vil stå fram med min versjon av historia

Forskaren Godfrey Etokebe gjekk til sak mot UiO for diskriminering og ulovleg oppseiing, og tapte nyleg i Oslo tingrett. Han er ikkje knekt. –  Nei, eg er dømt for at eg ikkje ville vera ein latsabb. Så derfor er eg takksam for den dommen, seier han til Uniforum.

TØFT: – Det er tøft når du tenkjer at du ikkje blir sett pris på. Uansett kva eg gjorde, var det nokre personar som hadde som baktanke at dei ville finna eit påskot for å kasta meg ut, seier forskaren Godfrey Etokebe. Han tapte nyleg ei arbeidsrettssak mot Universitetet i Oslo i Oslo tingrett.

Foto: Ola Sæther

Det var tidlegare i år Godfrey Etokebe gjekk til sak mot Universitetet i Oslo for ulovleg oppseiing og diskriminering. Kjernen i saka er at han gjennom mange år var tilsett i kortare og lengre tid ved Institutt for oral biologi, både som avdelingsingeniør og postdoktor. Han søkte også tre ledige stillingar ved instituttet, og ifylgje advokaten hans, Ole Gramstad Jensen er det heilt uforståeleg at han ikkje fekk ei av desse stillingane. Dessutan blei han heller ikkje kalla inn til intervju.

Då han ikkje lenger hadde jobb på Institutt for oral biologi fekk han likevel høve til å ha arbeidspraksis i laboratoriet med lønnstilskot frå NAV. Då fekk han både adgangskort og PC frå Universitetet i Oslo. Det skjedde over ein så lang periode at advokaten hans i retten hevda at Universitetet i Oslo «har i praksis holdt seg med en gratisarbeider fra Nigeria, under foregivende at de ville gjøre ham kvalifisert for ansettelse på et senere tidspunkt», skriv advokaten i anken. Der har forskar Godfrey Etokebe gått bort frå kravet om å få jobb på UiO. I anken til lagmannsretten krev han erstatning og oppreising for diskriminering, etterbetaling av lønn for den tida han har «jobbet gratis» og erstatning for tapte pensjonsrettar.

         • Les meir i Uniforum: Anker tingrettsdom: Anklager UiO for etnisk diskrimiering og sosial dumping

         • Les meir i Uniforum: Forsker tapte oppsigelsessak mot UiO

Godfrey Etokebe kom frå Nigeria til Oslo i 1988, for å gå på Den internasjonale sommarskulen. Deretter kom han inn på Universitetet  i Bergen for å ta naturfag med kjemi som hovudlinje etter å ha fått stipend. Seinare tok han cand.mag med studieretning biokjemi. Så drog han til UiO der han blei cand.scient. Han heldt fram den akademiske karrieren sin med å ta doktorgrad i immunologi ved Rikshospitalet/Det medisinske fakultetet. 

Uniforum møter Godfrey Etokebe på Universitetet i Oslo. Det er ingen slagen mann som sit framfor oss. No vil han gjerne fortelja sin versjon av denne saka, ein versjon som han meiner ikkje har fått særleg plass i dommen frå Oslo tingrett. Først ynskjer han å visa noko av det han har oppnådd i forskinga i immungenetikk.

– Eg vil finna immungenar og deira samanheng i forhold til sjukdommar. Då eg tok doktorgraden utvikla eg ein genetisk metode for beinmergstransplantasjon.

– Og den har kome til nytte etterpå?

– Ja, det trur eg. Eg finn referansar til den artikkelen også i utlandet. Så det viser at den blir brukt.

– Også ved UiO?

– Då eg fekk jobb som avdelingsingeniør ved Institutt for oral biologi ved Det odontologiske fakultetet, fekk eg ikkje tid til å gå vidare med den type forsking som eg hadde begynt med på Rikshospitalet.

– Så det blei ein litt tøff overgang?

– Ja, men mykje av den teknikken eg hadde utvikla på Rikshospitalet, kunne eg bruka også i laboratoriet på Det odontologiske fakultetet, fortel Godfrey Etokebe.

– Betre enn å  sitja heime og sutra

Han var ferdig utdanna doktor då han fekk tilbod om ein jobb som avdelingsingeniør ved Institutt for oral biologi. – Ja, det er viktig å ta det som ein får. Det er betre enn å sitja heime og sutra. På den måten kunne eg i alle fall vera aktiv, seier han.

Seinare blei han postdoktor ved Det odontologiske fakultetet. – Det skjedde på grunnlag av både doktoravhandlinga mi og av det forskingsarbeidet eg hadde fått tid til å gjera som avdelingsingeniør.

– Tøft

Han vedgår at det ikkje var lett aldri å få fast jobb etter å ha hatt mange mellombelse stillingar både på Rikshospitalet og på Det odontologiske fakultetet.

 – Det er tøft for å seia det sånn. Det er tøft når du tenkjer at du ikkje blir sett pris på. Uansett kva eg gjorde, var det nokre personar som hadde som baktanke at dei ville finna eit påskot for å kasta meg ut.

Var det ein spesiell grunn til det, trur du?

– Nei, eg anar ikkje. Etter at eg blei postdoktor, fekk eg halda fram med å forska i laboratoriet med støtte frå NAV. Gjennom NAV-systemet fekk eg kontakt med ein karriererettleiar som skulle hjelpa meg med å finna jobb. Han spurte meg om kva eg syntest og om korleis me kunne få det til. Og om min siste arbeidsplass. Eg fortalde han at eg hadde ein del ufullførte prosjekt, og spurte han om det ville vera mogleg for meg å bli ferdige med desse prosjekta med NAV-støtte, fordi det ville vera det beste for meg. Han tykte det var ein god tanke. Dermed sette han i gang jobben med å etablera ein praksisplass med lønnstilskot. Så eg tok kontakt med instituttleiar, og spurte om eg kunne få tilgang til rådata til den forskinga eg heldt på med og få snakka med dei, slik at me kunne planleggja og utvikla dette vidare. Og brått så dukka dette brevet opp, seier han, tar det fram frå dokumentmappa og gir det til Uniforum.

Det er eit brev frå karriererettleiaren han hadde hos NAV. Han hadde snakka med folk på laboratoriet ved Institutt for oral biologi og kom tilbake med inntrykk av at det hadde vore ein konflikt mellom Godfrey Etokebe og dei andre på laboratoriet. Det einaste konkrete han hadde funne ut av konflikten var at han «utførte en adferd som ikke er i pakt med labkulturen slik folk ønsket at den skulle være.» Resten av brevet var full av skryt over Godfrey Etokebe som forskar og arbeidstakar, men akkurat den eine negative setninga sjokkerte Godfrey Etokebe.

– Gjekk heim og gret

– Dette hadde eg aldri høyrt noko om før, heller ikkje i den tida då eg jobba i laboratoriet som gratis arbeidskraft for instituttet med støtte frå NAV som praktikant. Og så er eg den som ikkje er kulturelt tilpassa å jobba i laboratoriet lenger? Det var veldig tungt å høyra. Derfor gjekk eg heim og gret lenge. Kona mi sa til meg at det måtte eg ikkje finna meg i. «Eg har nettopp fått eit lån. Du kan gå til advokat og lata han hjelpa deg slik at du får litt fred,» sa ho, ifylgje Ekotebe. Sjølv synest han at dette var ein rar oppførsel. – Om nokre personar har noko imot ein person for noko den personen har gjort utan at det finst dokumentasjon for det, bør dei ikkje då ta kontakt med den personen for å kunna høyra meininga til den personen dei kritiserer? Det skjer ikkje i det tilfellet. Det er bakgrunnen for heile rettssaka, fortel han.

Då saka kom opp for retten, tykte også karriererettleiaren hans at dette var merkeleg.

– For meg er det viktig alltid å få høyra begge sider av ei sak, utan å ta parti. Gjer eg det, blir eg blanda inn i konflikten sjølv. Eg følte eigentleg at det var noko som systematisk var planlagt mot meg. Det var advokaten min Ole Gramstad Jensen som gjekk endå grundigare inn i saka, og fann ut av det var grunnlag for ei rettssak.

LITEN PRIS: – Sjølv om eg blei dømt til å betala saksomkostningar på om lag 110 000 kroner, så er det ein liten pris å betala for den freden eg har fått, seier Godfrey Etokebe etter å ha tapt ei arbeidsrettssak mot Universitetet i Oslo. No har han anka saka inn for Borgarting lagmannsrett. (Foto: Ola Sæther)

– Eg høyrde mange lygner

– Korleis har det vore å gå gjennom denne rettssaka?

– Det har vore veldig tøft. Eg høyrde så mange lygner og halvlygner. Men som eg sa til advokaten etter dommen: Eg er ein ærleg person. Og eg vil ikkje pressa på for å anka saka for eg har faktisk fått ein dom som seier at eg ikkje er ein person som går rundt og skapar konfliktar på arbeidsplassen. For heller ikkje det som verneombodet seier om meg i rettsaka tyder på at eg er ein person som skapar konfliktar. Sjølv om eg blei dømt til å betala saksomkostningar på om lag 110 000 kroner, så er det ein liten pris å betala for den freden eg har fått. Likevel var ikkje advokaten min einig. Han meinte at dommen var feil, og at me måtte anka den.

– Og det støtta du?

– Ja, det var ein del ting som gjorde at eg blei overtydd om at det var rett. Det var så mykje løgn i rettssalen. Sjølv om det blei motsagt i retten, kom ikkje det fram i dommen. Der kom berre dei vitnemåla fram som støtta UiOs side av saka. For meg såg det ut som om dommen var skriven ferdig på førehand. Den speglar ikkje av ting som eg sa der, og som eg høyrde og opplevde der.

– Trur du at du vil vinna fram med ein anke?

– Ingen kan spå om framtida, men eg håpar jo det. Det viktige er at dei ser begge sider av saka. Dommen skal ikkje vera førehandsbestemt før hovudforhandlinga. Alt det positive som blei sagt om meg i rettssalen, kom ikkje fram i dommen. Sjølv om eg ikkje er advokat, kan eg lesa mykje ut av dommen. Og tolkinga mi av dommen var i samsvar med tolkinga til advokaten min. Det eg forstod ut av dommen var at alt var systemisk utan at det hadde noko å gjera med min person. Det fekk meg til å tenkja gjennom ein del ting som hadde skjedd i fortida. Og eg forstod straks at dei hadde hatt juridisk støtte bak seg for å gjera dei tinga dei hadde gjort.

– Takksam for dommen

Godfrey Etokebe evnar trass alt å sjå positivt på dommen mot han i Oslo tingrett.

– Så eg var altså glad for dommen. For eg var ikkje dømt for å ha stole frå nokon, eg var ikkje dømt for å ha tatt livet av nokon, heller ikkje for å vera ein terrorist eller for å ha drive med narkotikasmugling i Noreg. Nei, eg er dømt for at eg ikkje ville vera ein latsabb. Så derfor er eg takksam for den dommen. Derfor skal eg ta godt vare på den og visa den til mine to barn.

– Og derfor vil du stå fram med historia di?

– Ja. Eg er ikkje redd for det. Eg gjekk til rettssak, sjølv om dei åtvara meg og sa at det ville kosta meg dyrt. Eg står fram fordi eg vil at folk skal få vita mi side av denne historia.

– Kva trur du er grunnen til at dei ville ha deg bort frå Institutt for oral biologi?

– Der kan eg berre spekulera. Og om eg seier det, kan det føra til ei ny rettssak. Det handlar om rettferd. Det handlar om noko som blei gjort imot meg då eg var doktorstipendiat.  I retten sa eit vitne at klaga på meg hadde noko med kvinner å gjera. Men då advokaten min spurde det kvinnelege verneombodet om det same i retten, svarte ho at det var kome ei klage på meg og det var at eg hadde gløymt å rydda laboratoriet ein gong i 2005. Kva har det me kvinner å gjera? Er det ein konflikt? Alle kan gløyma å rydda ein eller annan gong. Dei spurte henne til og med om det hadde gjentatt seg. Nei, det hadde berre skjedd ein gong, svarte ho då. Det er veldig rart at dei brukar det mot meg i 2015, synest han.

– Ingen har høyrt mi side av historia

Godfrey Etokebe trur at det er den gamle historia som er grunnen til at han ikkje har fått fast jobb på Institutt for oral biologi.

– Nokon har drive og svartmåla meg overfor alle forskingsinstitusjonar i Noreg. Ingen av dei har høyrt mi side av den historia. Dei trur at eg har hatt ein konflikt som har noko med kvinner å gjera. I rettssaka var det ingen som vitna om at eg hadde vore i konflikt på grunn av kvinner. Det var berre ein instituttleiar som hadde høyrt noko om at eg hadde hatt ein konflikt som hadde å gjera med kvinner. Dette kom ikkje fram i dommen, seier Etukebe.

I 2011 fekk han jobb på eit forskingslaboratorium i Rijeka i Kroatia. – Ein kroatisk kollega sa at han gjerne ville ha min ekspertise og inviterte meg med på eit samarbeidsprosjekt.   

– Eg var veldig flink til å jobba med forsking i laboratoriet. Den tida mangla eg derimot erfaring med in vivo-prosjekt. Det vil seia forsking på rotter eller mus. Det var derfor draumen min som gjekk i oppfylling då eg fekk tilbodet frå Kroatia. Me skulle utveksla ekspertise, og eg kunne ta med meg tilbake det eg hadde lært til Institutt for oral biologi. Eg oppdaga brått at dei ikkje hadde forsøksdyr der. Dei sa dei skulle få dei frå andre land. Så viste det seg at dei ikkje hadde pengar til dette prosjektet.

– Du blei altså lurt?

– Ja, dei var berre ute etter min ekspertise. Då eg oppdaga det, sa eg opp på dagen. Derfor kom eg tilbake til Institutt for oral biologi, og heldt fram med forskinga mi der. I dag har eg mange upubliserte forskingsartiklar. Advokaten min sa at eg hadde produsert rundt halvparten av dei artiklane som er naudsynt for å kunna bli professor. Det som gjer meg stolt, er at tyske forskarar har klart å vidareføra noko av forskinga mi og har gjennomført den in vivo. Dei har brukt fire av mine vitskaplege artiklar som grunnlag for det. Og det dei har gjort, kan få mykje å seia for ostereopose, beintransplantasjon og tuberkulose. Eg drog til Kroatia nettopp med det for auget å gjera det same eksperimentet som dei tyske forskarane seinare gjennomførte.

– Har du fått tilbod om forskarstillingar i utlandet?

–Ja, eg kunne ha dratt ut, men eg ville ikkje dra for at eg har kona mi og to barn her i landet.

Ingen kommentar frå UiO

Uniforum har også vore i kontakt med universitetsleiinga for å få deira vurdering av dommen som gav UiO medhald.

– Me har ingen kommentar til denne saka før ein rettskraftig dom er klar, seier personaldirektør Irene Sandlie til Uniforum.

 

 

Emneord: Arbeidsmiljø, Arbeidsforhold, Odontologi Av Martin Toft
Publisert 27. sep. 2017 04:00 - Sist endra 27. sep. 2017 13:11

Conscience nurtures the soul.

godfreye@webid.uio.no - 28. sep. 2017 07:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere