Diplomatsonen som siktar mot UiO-toppen

Juss var eigentleg ikkje førstevalet til rektorkandidat Hans Petter Graver. – Eg fekk ikkje sendt inn søknaden til andre fag før tidsfristen, avslører han. – Men eg har aldri angra, legg han til.

MOROSAMT: – Det kunne ha vore morosamt å vera historikar eller statsvitar også. Men jussen gir meg dessutan mange vegar inn i samfunnet, seier jussprofessor og rektorkandidat Hans Petter Graver.

Foto: Ola Sæther

Det var trist å måtta flytta heile tida, seier Hans Petter Graver om oppveksten sin som son av den norske diplomaten Petter Graver. Før han begynte på gymnaset, hadde han

Hans Petter Graver:

61 år

Jussprofessor, tidlegare dekan ved Det juridiske fakultetet

Tilsett som jussprofessor ved UiO i 1993

Kone, to døtrer og eit barnebarn

Bur på Tåsen

Frå Oslo

budd både i Oslo, Paris, Geneve, Moskva og i Berlin.

– Då faren min blei utnemnd til norsk ambassadør i Israel og skulle flytta til Tel Aviv, blei eg send til Bø landsgymnas, fortel Hans Petter Graver. Slik kom han nesten tilbake til Tinn kommune der faren hans kom ifrå.

Cuba-krisa i Moskva

Uniforum møter rektorkandidat og jussprofessor Hans Petter Graver på det staselege kontoret ved Institutt for privatrett i Aulabygningen. Frå vindauget har han denne dagen kongeleg utsyn til dei gardistane som har stilt seg opp i giv akt i Karl Johans gate til ære for Islands president og det norske kongeparet.

Langt meir dramatisk var verdssituasjonen då han var elev ved den internasjonale skulen i Moskva i 1962.

– Det var midt under Cuba-krisa i oktober, og då hugsar eg at det var mange antiamerikanske demonstrasjonar mot den skulen eg gjekk på. Den gongen forstod eg nok ikkje heile alvoret, for eg var berre sju år gammal, minnest han.

Kunne blitt historikar eller statsvitar

Sjølv om han i oppveksten budde i mange forskjellige land, er han likevel ikkje i tvil om kvar han kjem frå.

– Eg reknar meg som Oslo-gut, understrekar han. Graver var heller ikkje i tvil om kvar han skulle studera. – Eg tenkte aldri på noko alternativ til Universitetet i Oslo. Sidan eg ikkje var interessert i realfag, ville eg velja mellom statsvitskap eller historie. At eg til slutt hamna på juss, var heilt tilfeldig, avslører han.

– Eg sende ikkje inn søknad om opptak på statsvitskap og historie innan fristen. Dermed var det berre mogleg å gå på juss eller teologi, for det var dei einaste opne studia på den tida. Då var det lett for meg å velja juss, smiler han. – Og det har eg aldri angra på, bedyrar han.

Av og til tar han seg likevel i å tenkja kva som hadde hendt, om han hadde hugsa søknadsfristen for dei to andre faga.

– Det kunne ha vore morosamt å vera historikar eller statsvitar også. Men jussen gir meg dessutan mange vegar inn i samfunnet. Å vera universitetsjurist gir meg høve til å jobba med akkurat det eg er interessert i.

Mest stolt over gjeldsordningslova

Gjennom ein lang karriere som jurist har han også jobba utanfor universitetet, som jurist hos Regjeringsadvokaten og i statsforvaltninga. Som jussprofessor har han leidd mange Graver-utval. Både om vern mot diskrimering skal inn i Grunnlova og om forslag til etiske retningslinjer for Oljefondet, og det siste utvalet han leidde, vurderte om det skulle opprettast særdomstolar for barnevernssaker og ein forvaltingsdomstol for utlendingssaker. Dessutan sat han i eit utval som omsette Grunnlova til nynorsk.

– Kva er du mest stolt over av det du har gjort som jussprofessor?

– Det må vera det arbeidet eg gjorde med lov om gjeldsordning for folk med betalingsvanskar. Dette var unikt i Noreg og unikt i Europa, og nytenkjande når det gjaldt å gjera kredittvesenet ansvarleg for uforsvarlege utlån. Gjennom denne lova, slapp gjeldsoffera å betala restgjelda.

For 15 månader sidan gjekk Hans Petter Graver av som dekan ved Det juridiske fakultetet. Samtidig var han ein av søkjarane til den ledige jobben som høgsterettsjustitiarius etter Tore Schei. Då Uniforum intervjua han den gongen avviste han blankt at han kunne tenkja seg å stilla som rektorkandidat året etter. «Om eg blir vald, må eg heile tida stå på krava til UiO overfor politikarane, og det orkar eg ikkje. Eg vil heller halda fram som jussprofessor», sa Graver i desember 2015. Eitt år seinare avviste han nok ein gong spekulasjonane i ei melding til Uniforum.

Les også: Rettar blikket mot Høgsterett

Brexit og Trump påverka avgjerda om å bli rektorkandidat

– Kva var det som fekk deg til å ombestemma deg og likevel stilla som rektorkandidat?

– Eg har heile tida syntest det var morosamt å jobba som leiar. Men på same tid hadde eg også ambisjonar som forskar. Det eg gjer, må ha ei meining. Nettopp derfor har eg halde på med fleire prosjekt om forholdet mellom dommarar og autoritære regime i Europa. Utviklinga det siste året, med Brexit, altså Storbritannia som melder seg ut av EU i ei folkerøysting, valet av Donald Trump som ny president i USA og overtydinga om at alle avgjerder skal vera grunnlagde på sanning og vitskap, fekk meg til å gjera om på den første avgjerda mi om ikkje å stilla som rektorkandidat.

– Men då visste du ikkje kven som skulle bli med i teamet ditt?

– Nei, først litt seinare møtte eg Inger Sandlie og Jan Frich, som gjerne ville arbeida saman med meg for at me skulle vinna rektorvalet.

– Så du hadde aldri møtt dei før?

– Nei, den første gongen eg trefte Inger Sandlie, var i romjula. Og det var eit hyggeleg møte.

– Kvifor meiner du at du vil bli ein betre rektor for Universitetet i Oslo enn Svein Stølen?

– Eg veit ikkje så mykje om han, eigentleg. Og eg kjenner han ikkje frå før. Det er berre frå det eg har sett og opplevd under rektorvalkampen. Den viktigaste skilnaden trur eg er at me har to forskjellige språk. Han snakkar i tal og teknikk, medan eg snakkar i mål og verdiar.

Hans Petter Graver vil heller snakka om kor godt teamet hans er enn å finna noko negativt å seia om motkandidaten.

– Me vil vera eit godt rektorlag, for me har ein god visjon for kva me vil med UiO. Dessutan vil me klara å gjenerobra initiativet til dei faglege leiarane ved universitetet. Tidlegare har universitetet ofte berre tatt imot signala som kjem utifrå, det vil seia frå Kunnskapsdepartementet.

– Skilnadene har blitt ganske tydelege

– Korleis synest du rektorvalkampen har vore?

– Det har vore ein grei og ryddig valkamp. Skilnadene mellom oss har blitt ganske tydelege. Me har forskjellige visjonar for universitetet. Etter vår meining er det ein viktig forskjell i kor stor vekt me legg på dei akademiske verdiane. Universitetsdemokrati og leiing er eit verdispørsmål, som ikkje berre handlar om rekruttering av dei beste leiarane, seier Graver og driv på nytt litt valkamp.

Graver likar heller ikkje å snakka mykje om seg sjølv. Den einaste gongen han prøver å trekkje fram noko han gjerne vil ta æra for, er frå perioden han var dekan for Det juridiske fakultetet.

– Då fekk me endeleg ei avgjerd som fører til at Det juridiske fakultetet får meir plass, gjennom bygginga av Entra-bygningen i Kristian Augusts gate. Det gjer godt å sjå at det byggjearbeidet er godt i gang. Og det er fint å sjå at det er mogleg å få slikt til gjennom stille og intensiv jobbing. Ja, eg tar gjerne æra for at det var eg som først kom med den ideen, slepp det ut av han.

Vil forska meir på domstolar under diktatur

Dei siste åra har han jobba mykje med domstolar under diktatur, både i Noreg under Nasjonal Samling under Den andre verdskrigen og domstolane i Tyskland og andre vestlege land under diktatura der.

– Eg held på med den siste finpussen på ein søknad til det europeiske forskingsrådet (ERC), der eg vil samanlikna domstolane under dei fascistiske diktatura med måten domstolane arbeidde på i kommuniststatane i Aust-Europa under den kalde krigen. Eg ser på i kva grad deira juridiske tradisjon frå tidlegare spelte inn og kor stor påverknad kommunistpartia hadde over rettsvesenet i desse landa.

GODT LIV: – Og om eg ikkje vinn rektorvalet, vil eg halda fram med eit godt liv som forskar på Universitetet i Oslo, seier rektorkandidat Hans Petter Graver (Foto: Ola Sæther).

Når han trekkjer seg tilbake frå kontoret i Aulabygningen, drar han heim til kona Line Lunde i huset på Tåsen. Han har to døtrer og eit barnebarn.

– Eldstedottera mi arbeider her på Det juridiske fakultet, medan den yngste dottera mi, studerer psykologi og jobbar i Bergen. Til den byen drar Graver ofte, også fordi mora hans no bur i barndomsbyen sin. Og under opphaldet i Tyskland for eit par år sidan, hadde han med seg yngstedottera si. – Eg likar sjølvsagt å vera saman med familien min.

Det er likevel ikkje i Tyskland, men ved Universitetet i Helsinki i Finland han er utnemnd til æresdoktor.

– Eg har alltid hatt eit godt forhold til mine finske forskarkollegaer. Me samarbeider mykje om rettsteori. I det heile tatt har me samarbeidt mykje med juridiske miljø også i Sverige og Danmark. Det er nok viktig at me har eit samlande språk.

– Altfor dramatisk

Når han ikkje skriv eigne bøker eller les juridiske dokument, får han tid til å dukka ned i spenningsbøker. – Det bør helst vera eit problem som lesaren kan vera med på å løysa heilt fram til den siste sida.

– Det hadde vore naturleg å tru at ein krimforfattar som Jo Nesbø ville ha falle i smak hos deg?

– Nei, han blir altfor dramatisk for meg.

Graver brukar også spaserturar til og frå jobben til å dyrka ein hobby som han likar å syna fram. – Eg er glad i å fotografera.

Nokre av bileta hans har også fått plass på kontoret.

Men fotostativet som står i eit hjørne på kontoret har å gjera med rektorkandidaten og ikkje med hobbyfotografen. – Ja, me lagar nokre små kampanjevideoar som me legg ut på Facebook, vedgår han.

Uansett kva som blir resultatet av rektorvalet, veit han kva han vil gjera dagen etter.– Då skal eg dra på ein lenge planlagd tur til våre samarbeidspartnarar i Kina. Det gler eg meg til. Og om eg ikkje vinn rektorvalet, vil eg halda fram med eit godt liv som forskar på Universitetet i Oslo.

Emneord: Juss, Rektorvalget 2017 Av Martin Toft
Publisert 3. apr. 2017 12:47 - Sist endra 3. apr. 2017 13:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere