Rettar blikket mot Høgsterett

Jussdekan Hans Petter Graver vil gjerne ha jobben som høgsterettsjustitiarius. Men han har slått frå seg tanken om å bli rektor ved UiO.

IKKJE POSITIVT: – Om ingen av forskarane våre forskar på skatterett, vil juristane i Finansdepartementet og i det private næringslivet råda grunnen åleine. Og det vil ikkje vera positivt, synest avtrappande jussdekan Hans Petter Graver

Foto: Ola Sæther

Det var i oktober det blei kjent at jussdekan Hans Petter Graver også er blant søkjarane til den snart ledige stillinga som høgsterettsjustitiarius i Noreg. Mange reknar han som ein av favorittane til å få jobben, medan andre peikar på at det ikkje er alle som vil ha ein høgsterettsjustitiarius som  ikkje berre er jussprofessor, men som også kjem direkte frå vervet som dekan for Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. 

Uniforum treffer Hans Petter Graver på kontoret ved Institutt for privatrett i Midtbygningen på Universitetsplassen. Det er like stort som eit husvære med eitt rom på Frogner. Ei klokke med kinesiske motiv og eit portrettmåleri tar opp ein del av veggplassen, medan bokhyller med juridisk litteratur dekkjer resten av veggane. På eit bord ligg også ei utgåve av Klassekampen. 

Om eg ikkje skulle få stillinga som høgsterettsjustitiarius,  så finst det ingen betre jobb enn å vera jussprofessor ved UiO

Dette er ikkje berre dekankontoret, men også professorkontoret til Hans Petter Graver.  

– Difor treng eg ikkje flytta ut når eg går av som dekan etter jul, seier han nøgd.

Etter åtte år som dekan må han tilbake til den faste stillinga som professor i privatrett. Så sant han ikkje blir utnemnt til ny høgsterettsjustitiarius etter Tore Schei. 

– Stillinga er spennande og det passa godt at den er ledig no. Om eg ikkje skulle få stillinga som høgsterettsjustitiarius,  så finst det ingen betre jobb enn å vera jussprofessor ved UiO, seier Hans Petter Graver.

– Høgsterett tenkte prinsipielt

Han gir honnør til Høgsterett for å ha gitt dokumentarfilmregissør Ulrik Imtiaz Rolfsen medhald i saka hans mot Politiets Tryggingsteneste (PST) etter at dei hadde tatt beslag i filmopptaka han hadde gjort av personar i det norske jihadistmiljøet.

 – Med tanke på at denne avgjerda vart teken berre ei veke etter terroråtaka i Paris, var dette eit godt døme på at Høgsterett tenkte prinsipielt, og ikkje let seg smitta av den rådande oppfatninga om at det var viktig å gi meir fullmakter til politi og rettsvesen og innskrenka personvernet til alle oss andre, konstaterer han. 

Hans Petter Graver er opptatt av korleis innføringa av unntakstilstand i Frankrike har ført til at politiet kan ta seg meir til rette utan å be retten om dei løyva dei måtte ha tidlegare. – Det fører til at dei kan stengja forsamlingslokale, overvaka personar og setja folk i husarrest berre på grunnlag av mistanke om at det blir planlagt terroraksjonar, forklarar han.

– Domstolane vernar ikkje mot autoritære straumar

Nyleg gav han ut boka Dommernes krig – Den tyske okkupasjonen 1940–1945 og den norske rettsstaten , der han mellom anna ser på korleis norske dommarar handla under Den andre verdskrigen, då Noreg var okkupert av Tyskland og Nasjonal Samling og Vidkun Quisling hadde kuppa til seg makta. 

Funna mine viser at norske dommarar under eit autoritært regime ikkje skil seg ut frå dommarar i andre autoritære regime

– Målet mitt med boka var å visa korleis domstolane reagerer når tidlegare demokratiske  rettsstatar blir autoritære. I boka Judges Against Justice – On Judges when the Rule of Law is under Attack gjekk eg også gjennom situasjonen i Tyskland under Den andre verdskrigen,  diktatura i Latin-Amerika på 1970- og 1980-talet og Sør-Afrika under apartheid-regimet. Funna mine viser at norske dommarar under eit autoritært regime ikkje skil seg ut frå dommarar i andre autoritære regime. Domstolane våre fungerer ikkje som vern mot autoritære straumar, slik som dei burde gjera. Akkurat no skjer det også i Frankrike etter terroren i Paris. Rettsvernet blir svekt, konstaterer han.  

For å få gjennomført dette prosjektet tok han permisjon i eitt år for å samla inn stoff til boka i Tyskland. 

– For meg er det viktig å profilera Det juridiske fakultetet gjennom forskinga mi. Og om eg etter nyttår skal halda fram med å vera berre jussprofessor, skal eg gå vidare med å skriva om korleis dommarar og rettsvesenet handla i andre land som har vore autoritære. Då tenkjer eg å ta føre meg landa i Aust-Europa som tidlegare var kommunistiske eittpartistatar, avslører han.

– Forskingsmiljø i øvste klasse

Hans Petter Graver er nøgd med Det juridiske fakultetet, slik det står fram når han no sluttar som jussdekan.

– I godt samarbeid med Entra vil me ha løyst plassproblema når utbygginga av Tullinløkka er ferdig rundt 2019. Forskingsmiljøa våre er også i øvste klasse både internasjonalt og nasjonalt. Når det gjeld forskinga på internasjonale domstolar, har me eit senter for framifrå forsking, og nyleg har me også fått fleire forskingsprosjekt innanfor EU-rett, som er tildelt pengar av Det europeiske forskingsrådet. Men eg skulle gjerne sett meir forsking på tradisjonelle emne som prosess- og strafferett og forvaltingsrett. Om ingen av forskarane våre forskar på skatterett, vil juristane i Finansdepartementet og i det private næringslivet råda grunnen åleine. Og det vil ikkje vera positivt, synest Graver.  

For den avtrappande jussdekanen er det også godt å sjå at alle studentane no får digitale eksamenar.

– Det var målet me hadde, då eg begynte på min andre dekanperiode i  2011. Så eg er nøgd med at det no er blitt gjennomført heilt etter planen.

– Som ein gartnar

Det er viktig å lytta til folk på fakultetet, både dei vitskaplege og dei administrative tilsette

– Etter nyttår overtar professor Dag Michalsen vervet som dekan for Det juridiske fakultetet. Kva råd har du til han? 

– Som leiar for fakultetet ser eg på meg sjølv som ein gartnar som vil gi best mogleg vekstvilkår for alle dei tilsette. Det er viktig å lytta til folk på fakultetet, både dei vitskaplege og dei administrative tilsette. Leiaren si oppgåve er også å inspirera folk.

Vil ikkje bli rektor

– Mange ser på deg som ein god rektorkandidat når Ole Petter Ottersen må gå av i 2017. Har du tenkt på om du vil stilla opp?

– Ja, eg har tenkt vel og lenge på det, og eg har bestemt meg for ikkje å stilla opp som rektorkandidat. Om eg blir vald, må eg heile tida stå på krava til UiO overfor politikarane, og det orkar eg ikkje. Eg vil heller halda fram som jussprofessor. Då blir det betre tid til spontane skiturar. I åra som dekan har ikkje det vore mogleg.

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Juss, Universitetspolitikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 18. des. 2015 14:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere