Ole Petter Ottersen blir tilrådd som ny rektor ved Göteborgs universitet

UiO-rektor Ole Petter Ottersen er den beste kandidaten av dei to rektorkandidatane "hörandeforsamlingen" ved Göteborgs universitet har intervjua. Dei gir derfor styret for universitetet råd om å tilsetja Ole Petter Ottersen i jobben.

GÖTEBORGS UNIVERSITETS NESTE REKTOR?  Ole Petter Ottersen kan gå rett frå stillinga som UiO-rektor til å bli rektor ved Göteborgs universitet. Det er klart etter "høringsforsamlingen" ved universitet, rår styret til å tilsetja Ottersen som ny rektor etter Pam Fredman.

Foto: Ola Sæther

Fram til tysdag 20. desember var både prorektor Eva Wiberg ved Lunds universitet og UiO-rektor Ole Petter Ottersen begge er sterke kandidatar til å etterfylgja  Pam Fredman som rektor ved Göteborgs universitet. I går kveld blei det kjent at "hörandeforsamlingen" med 38 stemmer for Ottersen og 23 for Wiberg  går inn for å tilrå styret for universitetet å tilsetja dagens UiO-rektor Ole Petter Ottersen i jobben.

Begge dei to kandidatane blei intervjua førre torsdag, og i eit brev frå "hörandefrsamlingen" som Uniforum har fått tak i, går det fram at Ottersen imponerte forsamlinga både med visjonar og planar for universitetet. Dei peika også på at han utviste tydeleg leiarskap, og hadde ei god merittliste både på leiarstillingar og på eiga forsking. 

Wiberg fekk også god omtale, men fleirtalet av forsamlinga meinte ho var litt mindre klar på visjonar for universitetet enn det den andre finalisten var.

I januar skal styret ved Gøteborgs universitet  ta den endelege avgjerda om kven som skal tilsetjast som rektor ved universitetet.  Så vil den svenske regjeringa formelt peika ut vedkomande som rektor for Göteborgs universitet. Den nye rektoren skal begynna i jobben 1. juli 2017.

Uniforum kjem tilbake med meir stoff om dette.

Emneord: Universitetspolitikk, Sverige Av Martin Toft
Publisert 21. des. 2016 10:01 - Sist endra 21. des. 2016 11:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere