Ho blei gjest 500 000 i Vikingskipshuset

Bjørg Kathrine Liljedal frå Makrellbekken i Oslo blei i dag gjest nummer 500 000 i Vikingskipshuset i 2016. Ho blei heidra med fribillett, blomar og bøker av museumsdirektør Håkon Glørstad.

GRATULERT:  Bjørg Kathrine Liljedal blir gratulert av direktør Håkon Glørstad ved Kulturhistorisk museum som gjest nummer 500 000 i Vikingskipshuset i 2016.

Foto: Martin Toft

For første gong har eit norsk enkeltmuseum hatt 500 000 besøkjande i løpet av eitt år. Det skjedde klokka 15.30  i dag, då Bjørg Kathrine Liljedal kom inn dørene i Vikingskipshuset på Bygdøy.

Direktør Håkon Glørstad frå Kulturhistorisk museum tok imot henne, gratulerte henne og overrekte henne fleire bukettar med blomar. I tillegg fekk ho bokgåver frå museet. 

- Rørt

- Eg blei heilt rørt, fortalde ho til Uniforum etterpå. Då hadde ho også helsa på UiO-rektor Ole Petter Ottersen og styreleiar for Kulturhistorisk museum, Eiif Holthe. 

For henne var det heilt tilfeldig at ho stakk innom Vikingskipshuset i dag.

- Eg var på jakt etter julegåver til barnebarna mine, og det tenkte eg at eg ville finna her. Men eg har vore i Vikingskipshuset tidlegare. Med ein son som mellomalderhistorikar og med eit barnebarn med ei mor som har studert vikinghistorie i Dublin, er interessa der, fortalde ho til Uniforum etter at den største ståheien var over.  

100 sidan funnet av Osebergskipet

Under markeringa minna også museumsdirektør Håkon Glørstad om at det var 100 år sidan funnet av Osebergskipet.

UiO-rektor Ole Petter Ottersen peika på kor unikt Vikingskipshuset er: - Dette er ikkje berre skattar for museet, men ein heil verdsarv, understreka han. 

- Og i 2023 skal alle få høve til å sjå ei endå flottare utstilling i eit tre gonger så stort museum som dagens Vikingskipshus, slo han fast.

HEIDRA: Bjørg Kathrine Liljedal blei årets gjest nummer 500 000 i Vikingskipshuset. Det blei ho heidra for. Her står ho saman med UiO-rektor Ole Petter Ottersen, styreleiar for Kulturhistorisk museum, Eilif Holthe og direktør Håkon Glørstad ved Kulturhistorisk museum (t.h.) (Foto: Martin Toft)

 

Emneord: Vikingskipshuset, Kulturhistorisk museum Av Martin Toft
Publisert 8. des. 2016 18:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere