Øyvind Østerud: – Dei tilsidesette stemte på Donald Trump

Donald Trump overraska nesten alle med å vinna det amerikanske presidentvalet. Medan UiO-professor Øyvind Østerud trur det handlar om at mange veljarar føler seg tilsidesette, peikar forskar Hilmar Mjelde på regjeringsslitasje.

DONALD TRUMP-SIGER:  Forretningsmannen og milliardæren Donald Trump vann i natt det amerikanske presidentvalet.  Han fekk støtte frå folk frå arbeidarklassen og den lågare middelklassen, seier UiO-professor Øyvind Østerud.

Foto: Gage Skidmore Wikimedia

Forretningsmannen Donald Trump vann i natt det amerikanske presidentvalet over motkandidaten og storfavoritten Hillary Clinton. Både dei aller fleste USA-ekspertane og meiningsmålingsbyråa tok dermed grundig feil.

 – Handlar om sosial klasse

Professor i statsvitskap, Øyvind Østerud ved Universitetet i Oslo, har ein klar konklusjon på kvifor Donald Trump vann presidentvalet i USA.

– Donald Trump vann valet fordi store grupper av det amerikanske folket føler seg tilsidesette. Denne ulikskapen har fått utvikla seg gjennom fleire tiår. Mange av dei kan knapt leva på berre ei lønning. Dei må ofte ha tre jobbar for å klara seg. Dei kjem både frå arbeidarklassen og den lågare middelklassen. Når Donald Trump gir frihandelsavtalar og innvandring skulda for at dei har hamna i den situasjonen, treffer han dei heime. Difor handlar valresultatet om sosial klasse, seier Øyvind Østerud til Uniforum.  

– Korleis trur du Donald Trump kjem til å bli som president?

– Det blir spennande. I sigerstalen sin i dag heldt han ein forsonande tone og rekte ut ei hand. Utfordringa hans blir korleis han skal klara å samarbeida med motstandarane sine, både innanfor og utanfor eige parti. Det republikanske partiet får fleirtalet i Kongressen og dei må han arbeida saman med, men han kan ikkje gå så langt at han skuffar støttespelarane sine. Han må gjera begge deler samtidig.

– Ikkje nokon stor katastrofe

Øyvind Østerud har ikkje trur på at det vil gå ille med Donald Trump som president i USA.

– For meg ser det ikkje ut som om Donald Trump har noko godt gjennomtenkt økonomisk program. Men han blir ikkje nokon stor katastrofe. Han kjem heilt sikkert til å skuffa mange av sine eigne veljarar fordi han blir nøydd til å tilpassa seg. Men han kan ikkje bli lik dei andre politikarane. I USA er folk svært skeptiske til dei etablerte politikarane. Det viste også den store oppslutnaden om Bernie Sanders under primærvala til Det demokratiske partiet. Det var den same effekten som no har ført Donald Trump til valsiger.

– Alle dei store meiningsmålingsbyråa tok feil. Kva fylgjer trur du dette vil dette få for meiningsmålingsbyråa i USA?

– Det er klart at dei ikkje har greidd å fanga opp dette. Ein viktig grunn til det, er at mange ikkje vil avsløra i ei meiningsmåling at dei vil gjera noko så kontroversielt som å stemma på Donald Trump. Men når dei kjem til valurna gjer dei det dei hadde tenkt å gjera heile tida. Det same skjedde i Sverige under det siste riksdagsvalet. Ingen meiningsmålingar fanga opp framgangen til Sverigedemokratane, men på valdagen hamna dei på rundt 14 prosent av stemmene.

Øyvind Østerud ser også mange likskapar mellom resultatet av presidentvalet i USA og oppslutnaden om Brexit i Storbritannia i sommar.

–Ja, absolutt. Det var folk frå arbeidarklassen og den lågare middelklassen som stemte for at Storbritannia skulle ut av EU også. Også deira jobbar i industrien hadde blitt flytta til lågkostland.

– Hadde vinnarsjansar

Ein av dei som heile tida har halde fast på at Donald Trump hadde gode sjansar til å bli vald til ny amerikansk president, er forskar Hilmar Mjelde på Rokkansenteret i Bergen. Han er nøgd med at det faglege grunnlaget for spådomen hans, viste seg å stemma.

– Det er jo fagleg sett kjekt at førevarslingsmodellen vår viste seg robust. Eg meinte at Trump hadde nokre nøkkelressursar som gjorde at han hadde vinnarsjansar, som kjent namn, celebritet, medietekke. Det motiverte kronikken min i Aftenposten i august i fjor.

Gir Demokratane skulda for økonomien

– Kva var grunnen til at du tidleg kunne konkludera med at det var ganske sannsynleg at Donald Trump ville vinna presidentvalet, trass i alle varsel om det motsette frå andre USA-ekspertar og dei aller fleste meiningsmålingane?

– Regjeringsslitasjen etter åtte år med same parti er ein veldig sterk faktor. Skifte etter åtte år er nærmast ei fast lov. Veljarane held også Demokratane ansvarleg for ein ikkje heilt friskmeldt økonomi. På bakgrunn av dette kunne me førevarsla republikansk siger.

Både i USA og i Noreg spådde USA-ekspertar og politikarar av ulike fargar at Hillary Clinton truleg ville ta ein lett siger over motkandidaten Donald Trump. Ein av dei få som kom med alternative teoriar, var Hilmar Mjelde. Han tykkjer ikkje det var noko problem for han å stå nesten åleine.

 – Nei, det var ikkje vanskeleg å koma med førevarselet. Me har jo berre kome med eit fagleg, statistisk førevarsel. Me har aldri tatt stilling til politikken hans. Det har folk fått med seg. 

Dei aller fleste meiningsmålingsbyråa i USA tok feil. Kva fylgjer vil dette få for dei?

– Målebommen viser kor vanskeleg det er å modellera veljarskaren i dag, spesielt når det dreiar seg om oppslutnaden om ein høgrepopulist. Ein del folk vegrar seg for å innrømma at dei vil stemma på ein slik kandidat.

– Kan få mykje gjort

Hilmar Mjelde er heller ikkje i tvil om kvifor Donald Trump til slutt vann valet.

– Me har sett at populistar gjer det bra når det representative demokratiet ikkje leverer varene, i folks auge.

– Korleis trur du Donald Trump kjem til å bli som president?

– Med republikansk kongress kan han få mykje gjort, viss han får med seg partiet på den nye kursen. Han har jo brote med ein del Reagan-tankegods som å skulle privatisera velferdsordningar og frihandel, seier Hilmar Mjelde til Uniforum. 

 

Emneord: USA, Statsvitenskap Av Martin Toft
Publisert 9. nov. 2016 14:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere