200 postdoktorar i medisin får karriererettleiing

No kan 200 postdoktorar på medisin få opplæring i karriereutvikling og i korleis dei kan bli betre forskarar. – Eg er heldig som får bli med, seier postdoktor Elleke Landeweer frå Nederland.

NØGDE:  Forskingssjef Eivind Engebretsen er glad for at Det medisinske fakultetet har fått oppretta eit postdoktorprogram. Og postdoktor Elleke Landeweer er svært nøgd med tilbodet. (Foto:Ola Sæther)

Det medisinske fakultetet har til ei kvar tid  om lag 200 postdoktorar. Fleire av dei deltar i store forskargrupper, medan andre held på med mindre prosjekt.  Alle får no delta i eit nytt postdoktorprogram som skal gjera dei til endå betre forskarar og leiarar og støtta den vidare karriereutviklinga deira.

– Vil førebu dei betre

Forskingsleiar Eivind Engebretsen er ansvarleg for drifta av programmet. – Me håpar å bidra til ei skreddarsydd og strukturert karriereutvikling for postdoktorane våre. Håpet vårt er at me kan førebu dei betre på å utføra kompliserte arbeidsoppgåver både innanfor og utanfor akademia, seier han til Uniforum. 

Ifylgje læreplanen skal postdoktorane gjennom kursa bli gode til å tenkja kritisk og få utvikla  ei endå betre dømmekraft. Det skal skje i eit læringsmiljø prega av kreativitet der akademiske talent kan få blomstra opp.

– Postdoktorane skal få læra om korleis dei skal definera mål og planleggja karrieren sin, og om korleis me går fram for å senda søknader om forskingsstøtte til Horisont 2020.  Dei skal dessutan få vita meir om korleis det er mogleg å få til forsking på tvers av ulike fag. Og dei skal læra ein god del om innovasjon og forskingsetikk, fortel Eivind Engebretsen.

Skal finna balansen mellom jobb og privatliv

Det eine hovudkurset handlar om å rettleia og å leia prosjekt. Det andre handlar om karriereplanlegging. Den siste delen av kurset handlar mykje om å leia store prosjekt.

– Det kan vera eit problem at mange forskarar ikkje klarer å skilja mellom jobb og privatlivet. Difor har me også tatt med eit eige punkt om korleis det er viktig å balansera mellom dei to tinga, seier Eivind Engebretsen.  Postdoktorane på medisin har allereie hatt fleire samlingar. Ein av deltakarane  er Elleke Landeweer frå Nederland.  Ho deltar i eit stort forskingsprosjekt på Senter for medisinsk etikk ved Institutt for helse og samfunn. 

— For meg har dette programmet vore svært viktig. Me deler erfaringar med  kvarandre,  samtidig som me får mentorar som me kan spørja om faglege og praktiske spørsmål. Sjølv har eg ein mentor på avdelinga der eg jobbar på Senter for medisinsk etikk. Dessutan får me verdifulle tips frå mentorane og kursleiarane våre når me skal skriva vitskaplege artiklar til internasjonale tidsskrift, seier ho.

– Må ikkje bli for spesialiserte

Eivind Engebretsen understrekar sterkt eit viktig råd som dei gir til postdoktarane. – Dei må ikkje bli for spesialiserte, men må også utvikla dei generiske kvalitetane sine, slik som evna til å analysera, reflektera, skriva, diskutera og jobba i tverrfaglege team. Då vil det lettare opna seg fleire vegar innanfor og utanfor forskinga.

Elleke Landeweer synest det er spesielt viktig for postdoktorane som kjem frå utlandet at dei har tilbod om eit eige forskaropplæringsprogram. – Personleg er eg opptatt av å finna andre forskarar som eg kan jobba saman med. Derfor er det nyttig å bli kjent med andre postdoktorar innanfor det medisinske fagområdet. – Ja, då blir det også til at me kjem saman privat og møtest på fritida, både for å snakka om jobb, men også for å ha det kjekt saman. Dei norske dukkar ikkje så ofte opp på dei sosiale samlingane, sidan mange av dei har familie som dei må ta seg av, seier ho.  Sjølv har ho ein mann i Amsterdam som stadig er på reisefot. – Men ein gong i månaden drar eg heim til Amsterdam for å besøkja han. Då er det praktisk at det er kort veg mellom Oslo og Amsterdam, tykkjer ho.

– Grunnen til at eg kom til Oslo, var at ein av professorane mine ved Universitetet i Amsterdam hadde eit samarbeid med Det medisinske fakultetet ved UiO. Eg har hatt det veldig travelt sidan eg kom, samtidig har eg vore svært heldig som har kome inn på postdoktorprogrammet, seier Elleke Landeweer. 

– Røynde forskarar deler erfaringar

Forskingssjef Engebretsen er stolt over at fakultetet har klart å oppretta dette tilbodet.

– Det er det første postdoktorprogrammet i Noreg på denne storleiken. Og me trur at alle dei 200 postdoktorane på fakultetet vil bli med på fleire av kursa. Dei postdoktorane som ynskjer å delta i mentorordninga blir delte inn i grupper på åtte personar kvar. Professorar  og andre røynde ressurspersonar vil delta på møta og gi dei gode råd om karriereplanlegging, forskarleiing og skriving av vitskaplege artiklar. På den måten kan dei dela tipsa og løyndomane sine med dei som går på programmet, trur Eivind Engebretsen.

 

Emneord: Medisin, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 2. nov. 2016 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere