Universitetet i Oslo mest synleg på nett i Norden

Universitetet i Oslo er det mest synlege universitetet  i Norden på internett.  I Europa blir UiO berre slått av ti andre universitet. Det viser den siste rangeringa av verdas beste universitet frå det spanske rankingbyrået Webometrics.

MEST SYNLEG: Universitetet i Oslo er mest synleg på internett av universiteta i Norden. Det går fram av den siste rangeringa frå det spanske rankingbyrået Webometrics. (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft/Uniforum

Denne gongen klarer altså Universitetet i Oslo så vidt å karra seg forbi Helsingfors universitet, som denne gongen kjem på 12. plass i Europa. Det syner rangeringa frå Webometrics som blei offentleggjort i går. På bronseplass i Norden finn med Københavns Universitet, som får ein 14. plass i Europa. 

På verdsrangeringa over universiteta som er mest synlege på nett og som har flest forskingsartiklar digitalt tilgjengelege, blir Universitetet i Oslo nummer 88. Det har falle 16 plassar sidan februar, då den førre rangeringa blei offentleggjort. Då blei UiO nummer ti i Europa.

- Kan ikkje ignorera desse rangeringane

UiO-rektor Ole Petter Ottersen meiner det er viktig å vera kritiske til slike rangeringar, men han kan likevel ikkje sjå bort frå dei.

- Det begynner vel å likna eit mantra, men kvar gong eg blir spurt om å kommentera universitetsrangeringar, så seier eg det same: Me må vera kritiske til slike rangeringar sidan det er store problem knytte til fortolking og metodar. Desse problema peiker eg på uansett om me går oppover eller nedover på listene, understrekar Ole Petter Ottersen overfor Uniforum.

- Men i mangel av ein betre målestokk kan me ikkje ignorera desse rangeringane, og det er sjølvsagt hyggeleg at UiO er blant dei aller beste universiteta i Europa når det gjeld synlegheit. Ein honnør til forskarane våre og til alle dei som arbeider med nettsidene våre. Det er svært viktig at UiO opnar seg mot samfunnet - gjennom nettsidene,  gjennom formidling og vitenutveksling, og gjennom deltaking i samfunnsdebatten, seier Ole Petter Ottersen.

Harvard på topp

Ikkje uventa er det Harvard-universitetet i USA som toppar lista over verdas beste universitet. Like bak kjem Massachusetts Institute of Technology, Stanford-universitetet og Berkeley-universitetet. Det beste ikkje-amerikanske universitetet er University of Oxford, på ein tiandeplass. Den plasseringa gir University of Oxford førsteplassen i Europa. På pallen får det også selskap av University of Cambridge på andreplass og University College London på tredjeplass. 

ETH-Zürich best utanfor Storbritannia

Det beste universitetet utanfor Storbritannia i Europa, er tyskspråklege Swiss Federal Institute of Technology i Zürich i Sveits. Det får ein fjerdeplass i Europa og ein 36. plass i verda.

Kinesiske universitet i tetsjiktet

Det er også interessant å merka seg at det beste kinesiske universitetet Zheijiang University kjem på 34. plass på verdsrangeringa, tett fylgd  av Peking University som blir nummer 38.

Uppsala best i Sverige

Karolinska Institutet i Stockholm, som i hovudsak driv med medisinsk forsking, er ikkje med på denne rangeringa. På andre universitetslister, som til dømes i Times Higher Education og i Shanghai-rankinga, brukar den institusjonen å liggja i toppen både i Europa og i Norden.

I Sverige er det denne gongen Uppsala universitet som gjer det best, og blir nummer 28 i Europa. Lunds universitet blir nummer 35. 

I Noreg fylgjer Universitetet i Bergen nærast UiO, og plasserer seg som nummer 45 i Europa. På denne rangeringa kjem NTNU i Trondheim på ein 67. plass i Europa.  

Verdas mest synlege universitet på internett

Europas mest synlege universitet på internett

Fakta om Webometrics:

Webometrics blei starta opp i 2004 etter eit initiativ frå den spanske forskargruppa Cybermetrics Lab.
Gruppa er knytt til Spanias forskingsråd og informasjonssenter om forsking og utdanning (CSIC).
I kor stor grad ein lærestad er synleg på nettet, blir av gruppa rekna for å vera ein indikator på forskings-, formidlings- og undervisningskvalitet.
Vekting av indikatorar:
Storleik: Kor mange sider ein nettstad har: 20 prosent.
Synlegheit: Kor mange eksterne lenkjer som peikar til ressursar på universitetet sin nettstad: 50 prosent.
Innhald: Webometrics tel spesielt filformat som .pdf, .doc og andre utvalde format som ein reknar med har spesiell relevans for akademiske aktivitetar: 15 prosent.
Scholar: Webometrics brukar Google Scholar til å henta opp talet på artiklar og siteringar indekserte av den akademiske søkjemotoren: 15 prosent.
(Kjelder: Universitetsavisa, Uniforum og Webometrics)
Emneord: Rangeringer, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 3. aug. 2016 00:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere