UiO skal fortsatt ha valgt rektor

Da Universitetsstyret behandlet Underdal-rapporten mandag 20. juni bekreftet de valgt rektor som styreleder. I tillegg ønsker de å opprette en vise-/prorektor for utdanning.

STYREMØTE PÅ TØYEN: Biletet er tatt rett før møtestart måndag 20. juni klokka 14.00.

 

Foto: Ola Sæther

Tøyen: (Saka blei oppdatert 20.07.16 klokka 19.33)

Ekstern representant Idar Kreutzer blei den einaste som stemte mot framlegget om at Universitetet i Oslo framleis skal ha vald rektor som også er styreleiar. Dermed tapte han avrøystinga, med 10 for vald rektor og ei stemme imot. I Universitetsstyret viste det seg at Kreutzer var den einaste motstandaren av vald rektor, medan andre røyster innanfor UiO, mellom dei to sitjande dekanar og ein tidlegare dekan, har tatt til orde for at også UiO bør ha tilsett rektor.

Forslag frå Underdal-gruppa

Heile diskusjonen i Universitetsstyret måndag 20. juni, dreia seg om forslaga i rapporten frå Underdal-gruppa. Dette arbeidet er blitt leidd av tidlegare UiO-rektor Arild Underdal, og den har bygd mykje av arbeidet sitt på tilrådingane frå den internasjonale rådgivingsgruppa (Strategic Advisory Board). Leiaren for den gruppa var Finlands tidlegare statsminister Esko Aho.

Skal ha søkekomité for rektorval

I eit anna punkt i denne saka, stemte styret samrøystes for å ha ein eigen søkekomité for rektorval ved UiO. Meininga er at dei skal oppfordra personar til å melda seg på som kandidatar til rektorvalet. Universitetsstyret bad om at forslag til kandidatar og samansetjing og mandat for ein slik komité må leggjast fram til hausten saman med forslag til kvalifikasjonar som UiOs rektor må ha.

Ny rekrutteringspolitikk

Av andre viktige punkt i diskusjon rundt rapporten til Underdal-utvalet, blei det også vedtatt at Universitetsstyret har notert seg at det er brei tilslutnad til det arbeidet som er sett i gang for å trekkja opp ein ny rekrutteringspolitikk for UiO, og for å hjelpa yngre forskarar i deira karriereplanlegging. Styret skal diskutera dette tiltaket når rekrutteringssaka blir lagt fram hausten 2016.

Ynskjer prorektor for utdanning

Fleirtalet i styret stemte for å be universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe om å leggja fram endringar som gjer det mogleg å fjerna hindringar for å velja eksterne kandidatar til leiarverv på instituttnivå og fakultetsnivå. Universitetstyret slutta seg også samrøystes til framlegget om å oppmoda framtidige rektorat til å oppretta ein eigen pro-/viserektor med særleg ansvar for utdanning.

Skal ikkje gi frå seg suverenitet

Også eit framlegg om å opna for ein moglegheit til å oppretta eit akademi for framifrå utdanning, fekk full tilslutnad frå Universitetsstyret. Det blei også understreka at dekanmøtet framleis skal vera eit rådgjevande organ overfor styret. - Det er ingen god idé for Universitetsstyret å gi frå seg suverenitet, understreka Ole Petter Ottersen i diskusjonen. 

Uniforum fekk ikkje kopi av endringsforslaga, så oppsummeringa vår byggjer i stor grad på vårt eige referat og på framlegga til vedtak i sakslista.

Styremøtet held fram i morgon mellom anna med saker som forslag til UiO-budsjett for 2017, forslag til vitskapsombod ved UiO og tilsetjing av fleire nye direktørar i hovudadministrasjonen til UiO. Dessutan blir det også bestemt kven som får UiOs prisar for 2016.

Dette er heile saklista til møtet i Universitetsstyret.

Live Blog Møte i Universitetsstyret 20. juni 2016
 

 

Styrerepresentanter ved Universitetet i Oslo

Styreleder: Rektor Ole Petter Ottersen
Vara: Prorektor Ragnhild Helene Hennum

Fast vitenskapelig tilsatte:

Professor Kristian Gundersen
Professor Karin Widerberg
1. vara: Professor Erling Sandmo
2. vara: Professor Mette Halskov Hansen

Midlertidig vitenskapelig tilsatte:

Stipendiat Sofie A. E. Høgestøl
1. vara: Postdoktor Heidi Østbø Haugen
2. vara: Professor II Thorjørn Larssen

Teknisk-administrativt tilsatte:

Avdelingsleder Ole Martin Nodenes
1. vara: Studiekonsulent Kirsten I. Greiner
2. vara: Senioringeniør Espen Trondsen

Studenter:

Heidi Bang
Vara: Tina Alvær

Hans Christian Paulsen
Vara: Knut Frydenlund

Eksterne styrerepresentanter:

Anne-Marie Engel, Lundbeckfonden
Vara: Kristin Hollung, Nofima

Idar Kreutzer, Finans Norge
Vara: Qaisar Farooq Akram, Norges bank

Kjetil Trædal Thorsen, Snøhetta
Vara: Erik Sauar, Differgroup

Guro Slettemark, Transparency International

Emneord: Universitetspolitikk Av Julia Loge, Martin Toft
Publisert 19. juni 2016 16:00 - Sist endra 20. juni 2016 23:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere