UiO satsar endå meir pengar på undervisning

I framlegget til UiO-budsjett for 2017 vert det løyvt fem millionar kroner ekstra til undervisning. Det vedtok Universitetsstyret i går. Pengane blir tatt frå ein post som var tiltenkt frie midlar til forsking. 

TØFFE VERBALE  TAK: Det var mange tøffe verbale tak under møtet i Universitetsstyret tysdag 21. juni. Biletet viser UiO-rektor Ole Petter Ottersen og prorektor Ragnhild Hennum under budsjettdiskusjonen. 

Foto: Ola Sæther

Forslaget om å prioritera ei ekstra løyving til posten læringsmiljø, undervisningsmetode og studentutveksling i staden for til frie midlar til forsking,  blei fremja av ekstern representant Idar Kreutzer under møtet i Universitetsstyret 21. juni.

– Dette trur eg at vil skapa stemning i lokalet. Me har høyrt at talet på vitskaplege tilsette aukar, og at me skårar godt på publisering og EU-midlar. På forsking ligg altså UiO godt an. Samtidig skal me setja fokus på undervisning. Eg foreslår å kutta dei fem millionane til fri forskning, og leggja dei til læringsmiljø og studentar, sa Kreutzer. 

Etter ein lang og intens diskusjon blei det votert over framlegget.

Då stemde sju av representantane i Universitetsstyret for og fire imot å overføra 5 millionar ekstra til undervisningstiltak. Dermed kom den samla summen til læringsmiljø, undervisningsmetode og studentutveksling opp i 9,8 millionar kroner. Pengane blei henta frå potten til frie forskingsmidlar. Denne omposteringa blei det også votert over, og den vart vedtatt med knappast mogleg fleirtal, seks mot fem stemmer. 

– Då er faktisk den posten nulla ut, kunne rektor Ole Petter Ottersen konstatera.

Må kutta 162 millionar

Framlegget til stipulert UiO-budsjett for 2017 er prega av at det må gjerast eit kutt på 162 millionar kroner for å finansiera investeringar.

– Over dei siste 7 åra har ramma til fakulteta og einingane i stor grad blitt styrkt. Me har kanskje vore for rause, og me burde kanskje sett tidlegare at det ville koma eit tidspunkt der me trong større investeringar, sa Ottersen. 

Det blir ikkje tatt omsyn til små og sårbare einingar. Alle må kutta like mykje i prosent av den tildelinga dei får. I budsjettdokumenta går det fram at heller ikkje musea eller fakultetsbiblioteka blir spesielt verna mot kutt. Ekstern representant Kjetil Trædal Thorsen ville gjerne skåna biblioteka mot nedskjeringane:

- Eg sympatiserer med dekanane som vil skjerma biblioteka mot flate kutt. Dei blir omtala som hjartefunksjonen. Dei må også ta sin del, men kanskje litt meir langsamt, sa Trædal Thorsen, som føreslo å lata biblioteka  få ta kutta gradvis over tre år. 

Forslaget fall fordi styret ikkje hadde tilstrekkeleg grunnlag for å sjå konsekvensane av ei slik gradvis opptrapping. 

I forslaget frå universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe går det fram at alternativet til flate kutt basert på kvar eining sin del av den samla løyvinga, ville ha ført til ei vurdering av fagleg dimensjonering. Med andre ord ville det ført til eit behov for å kutta ned på fagporteføljen til UiO. Idar Kreutzer var blant dei som tok til orde for å kutta i fagtilbod.

– Det er litt overraskande om alt me gjer no, er like viktig som det var då me sette det i gang. Det me gjer no, er starten på ein stadig meir krevjande prioriteringsprosess.. Fakulteta må gjerne sjå seg om etter lågthengjande frukter  i form av aktivitetar som kan avviklast, sa han.

MED må kutta mest

Av alle fakulteta er Det medisinske fakultetet det som etter dette vedtaket vil få det største kuttet. Fakultetet får nesten 20,5 millionar kroner mindre å rutta med i 2017 enn i år. Det humanistiske fakultetet vil få 17,6 millionar mindre. Det samfunnsvitskaplege fakultetet blir barbert med nesten 7 millionar kroner.

Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet vil derimot få 13,7 millionar kroner meir enn i år ifylgje forslaget til økonomifordeling for 2017 som blei endeleg vedtatt av Universitetsstyret. Det teologiske fakultetet får ein auke på 475 000 kroner.

 

BUDSJETTFRAMLEGG: Dette er oversynet over framlegget til fordeling for kvar eining som tysdag 21. juni blei lagt fram for Universitetsstyret:

For hovudadministrasjonen til UiO (LOS) vil rammekuttet på 3,85 millionar kroner koma i tillegg til dei 50 millionar kronene som allereie er omfordelte frå sentraladministrasjonen til primærverksemda til UiO, altså forsking og utdanning.

– Forsvarleg

I budsjettdokumentet står det at rammekuttet vil føra til at det ved fleire einingar vil vera naudsynt å redusera aktivitetsnivået. Ubrukte midlar ved fakultet og tilsvarande einingar var ved utgangen av 2016 på 626 millionar kroner. Kuttet for dei same einingane er på 147 millionar kroner. Det blir understreka at einingane har noko tid på seg til å gjennomføra dette. Difor vurderer universitetsdirektøren det som forsvarleg å gjennomføra det skisserte rammekuttet for 2017. 

– Me må vera klare over storleiken på kuttet samanlikna med nivået på ubrukte midlar. Sju av ti einingar har brukt 10 prosent mindre ved utgangen av 2015, sa rektor Ole Petter Ottersen. Uniforum får stadfesta frå Ottersen at kuttet er sett saman av tre element, 52 millionar i avbyråkratiseringskutt og effektivisering frå regjeringa og 90 millionar i flate kutt frå Universitetsstyret. I tillegg kjem eit kutt på 21 milionar kroner som fylgje av det som i byråkratisk språkdrakt blir kalla for "reduksjon i resultatbaserte prisar på forsking."

Ein viktig del av argumentasjonen for å ha flate kutt for alle einingane, er regjeringa sin politikk for avbyråkratisering. Berre det utgjer 52 millionar kroner av det samla kuttet i ramma  på 147 millionar kroner. Det blir rekna med at Universitetet i Oslo får ei samla statsløyving på 3,985 milliardar kroner i statsbudsjettet for 2017 til fordeling.

Satsingar på 242 millionar kroner

Nøkkeltal for det vedtatte, stipulerte UiO-budsjettet for 2017:

Samla statleg løyving: 5,284 milliardar kroner*.

Samla kutt: 162 millionar kroner.

Største satsingar:

100 millionar kroner til investering i bygningar.

63 millionar kroner til faglege satsingar.

29 millionar kroner til infrastruktur for IT.

(*Korrigert 28.06.2016: Det første talet som stod der, 3,985 milliardar var basisløyving, dvs. utan satsingar og resultatbasert omfordeling)

Universitetsstyrets vedtak gjer at UiO skal ha faglege satsingar for 63 millionar kroner. Dessutan skal det investerast i bygningar for 100 millionar kroner. I tillegg har

Universitetsstyret også vedtatt ei nedbetaling av lån på til saman 50 millionar kroner som UiO tidlegare har lånt til seg sjølv. 

Også investeringar i IT-infrastruktur blir eitt av satsingsområda til UiO i 2017. Derfor skal det satsast 29 millionar kroner på det. Til saman vil dette utgjera ei satsing på 242 millionar kroner. 

Mesteparten av dette, 90 millionar kroner, blir finansiert av ein del av dei flate kutta som alle einingane på UiO får i 2017. Ein pott på tilgjengelege pengar til investeringar på 71 millionar kroner skal også gå til å finansiera desse hovudsatsingane.

Og ei omdisponering av 60 millionar kroner som Det humanistiske fakultetet har sett av til renovering av Niels Treschows hus, og ein reduksjon av løyvingane til forskingsinsentiv på 21 millionar kroner, er dei siste brikkene som får ei innsparingspakke på 242 millionar kroner på plass. Desse pengane skal altså finansiera dei ekstra satsingane.

 

 

 

 

 

Emneord: Økonomi, Universitetspolitikk Av Martin Toft og Julia Loge
Publisert 22. juni 2016 16:47 - Sist endra 28. juni 2016 16:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere