Hege Cathrine Finholt ny representant i Universitetsstyret

Hege Cathrine Finholt er valt til ny representant for dei mellombels vitskapleg tilsette i Universitetsstyret. Det viser stemmetala frå omvalet etter at resultatet frå det første valet blei annullert.

NYI UNIVERSITETSSTYRET:  Hege Cathrine Finholt er valt til ny representant for dei mellombels vitskaplege tilsette i Universitetsstyret.

Foto: UiO

Hege Cathrine Finholt vann valet med 162 røyster, medan Einar Eftestøl fekk 152. Finholt er førstelektor ved Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk. Det var stipendiat Einar Eftestøl ved Institutt for biovitskap som blei kunngjort som vinnar av valet for ein månad sidan,  men seinare blei resultatet av valet annullert på grunn av ein vesentleg feil i manntalet. Dermed vedtok det sentrale valstyret ved UiO å forlengja valet frå 16. juni og fram  til og med torsdag 23. juni.

95 nye stemmer

Dei røystene som allereie var gitt, var gyldige, men det opna for at dei som ikkje hadde fått høve til å røysta under den første perioden av valet, kunne få bruka stemmeretten sin. Difor kom det 95 nye stemmer i løpet av den forlenga valperioden, opplyser det sentrale valstyret ved UiO.

Einar Eftestøl blir første vararepresentant

Så dermed blir Einar Eftestøl første vararepresentant, og ikkje fast representant for dei mellombels vitskaplege tilsette i Universitetsstyret.  Henrik Svensenblir 2. vararepresentant. Han er til dagleg forskar ved  Senter for Jordas utvikling og dynamikk.

Til saman blei det tatt imot 364 godkjende stemmer, 17 av dei var blanke. Valdeltakinga var på 16,32 prosent, medan den var på 15,76 prosent i fjor.

Overtar etter Sofie Høgestøl

Hege Cathrine Finholt overtar dermed plassen til Sofie Høgestøl, som har vore fast universitetsstyrerepresentant for dei mellombels vitskaplege tilsette dei siste to åra. Ho hadde heller ikkje høve til å stilla til attval for eit tredje år. 

I valprogrammet til Hege Finholt går det fram at ho vil arbeida for å betra arbeidsvilkåra for dei mellombels tilsette. Dessutan ynskjer ho å arbeida for å betra vilkåra for undervisning ved UiO, slik at det blir betre både for lærar og student.

Hege Cathrine Finholt vil for første gong møta i Universitetsstyret under styreseminaret på Baroniet Rosendal 13. og 14. september.

Emneord: Universitetspolitikk, Universitetsstyret, Valg Av Martin Toft
Publisert 29. juni 2016 11:35 - Sist endra 29. juni 2016 11:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere