– Ei gåte at SiO vel å kommunisera på engelsk

Språkdirektør Åse Wetås reagerer på at SiO brukar engelsk i ein kampanje for treningstilbodet sitt. – Det er trist.

GÅTE: Språkdirektør Åse Wetås synest det er ei gåte at SiO vel å kommunisera med norskspråklege studentar på engelsk.

Foto: Ola Sæther

Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus har denne vinteren kjørt ein kampanje for treningstilbodet sitt på kollektivtransporten i Oslo. Heile kampanjen har vore på engelsk. Det tykkjer språkdirektør Åse Wetås er rart.

– Eg synest det er trist at SiO ikkje bruker norsk i ein kampanje for treningstilbodet sitt. Målgruppa deira er i hovudsak studentar og tilsette ved utdanningsinstitusjonane i Oslo, og dei aller fleste av desse kan norsk. Då er det ei gåte at SiO vel å kommunisera med dei på engelsk.

– Trur du at dei når målgruppa lettare på engelsk enn på norsk?

– Nei, det er det veldig vanskeleg å sjå for seg. Me veit at dei aller fleste er betre i førstespråket sitt enn i andre språk. Når målgruppa her er studentar og tilsette ved norske utdanningsinstitusjonar, gjev vel svaret seg sjølv. 

– Kvifor trur du at at reklamebyrået deira har valt å bruka engelsk i staden for norsk?

– Det er vanskeleg å tru noko om dette, men reklamebyrået må ha fått anten ei bestilling eller ei godkjenning frå kunden på val av språk i kampanjen. Det er uansett SiO som står ansvarleg for det dei publiserer i det offentlege rommet – ikkje reklamebyrået.

– Kva råd vil du gi til direktør Fredrik Øren Refsnes i SiO Athletica før han set i gang neste reklamekampanje?

– Eg vil sjølvsagt råda han til å velja norsk! Norsk er eit fantastisk rikt språk som innbyr til kreativ bruk. Mange norske reklamebyrå er svært flinke til å bruka språket vårt på overraskande og iaugefallande måtar, så SiO vil garantert få gode kampanjar på eit språk kundane deira forstår.

 

 

 

Emneord: Studentsaker, Studentforhold, Språkpolitikk Av Martin Toft
Publisert 17. feb. 2016 16:22 - Sist endra 17. feb. 2016 16:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere