Studentleiar Anna Bergum Furset vil ta opp fylgjene kunstig intelligens får for studentane

Den 1. juli begynte Anna Bergum Furset i vervet som leiar for Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo. Ho vil arbeida både for å få studiestøtta opp til 2 gonger grunnbeløpet i folketrygda og greia ut kva fylgjer kunstig intelligens får for studentane.

Anna Bergum Furset er leiar for Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo

TALAR PÅ VELKOMSTSEREMONI:  – Då vil eg oppfordra dei nye studentane til å bruka studietida fullt ut, ikkje berre gå på førelesing, men vera ein del av studentmiljøet, avslører Anna Bergum Furset, leiar for Studentparlamentet. Her står ho framfor Villa Eika, bygningen der Studentparlamentet held hus. 

Foto: Ola Gamst Sæther

I den einaste trebygningen på Blindern Villa Eika held Studentparlamentet til. Der møter Uniforum også dette studieårets fremste tillitsvalde for studentane Anne Bergum Furset. I vår blei ho valt til leiar for Studentparlamentet for studieåret 2026/27. Ho representerer Venstrealliansen og overtok vervet etter Milad Rezvan som no er blitt internasjonalt ansvarleg i arbeidsutvalet til Norsk studentorganisasjon.

Anna Bergum Furset har studert både kunsthistorie og samfunnsgeografi, samtidig som ho har sete som studentrepresentant i Universitetsstyret og vore med i arbeidsutvalet til Studentparlamentet.

– Førre studieår var eg med i to forskjellige organ på same tid, medan eg dette studieåret kan konsentrera meg full og heilt om å vera den fremste tillitsvalde til studentane, seier ho til Uniforum.

– Men eg skal framleis prøva på halda meg oppdatert på det som skjer i Universitetsstyret, lovar ho.

Vil jobba for å auka studiestøtta endå meir

Som leiar for Studentparlamentet er det tre saker ho blinkar ut som dei høgast prioriterte.

– No skal ein jo endeleg knyta studiestøtta til grunnbeløpet. Det trengst også ein del politisk oppfylging, også frå UiOs side. Det me ynskjer er jo at studiestøtta skal liggja på 2 gonger grunnbeløpet i folketrygda, medan NSO går inn for 1,5 G. Når me no har fått knytt den til grunnbeløpet, så då kan me i alle fall jobba tett saman om det, seier ho.

I heile samfunnet blir det no snakka om kunstig intelligens. Også det er noko ho som leiar for Studentparlamentet vil gripa tak i. Ho peikar på at kva folk meiner om det er i stadig forandring.

– Me må koma fram til eit studentpolitisk standpunkt på KI. Eg trur det er spesielt i høve til sensur og korleis det skal brukast både av førelesarar og studentar. Mange studentar føler seg skikkeleg utrygge for at dei ikkje får den opplæringa som arbeidslivet forventar av dei. Då må me finna eit krav som gir meining, utan at det mister den eigentenking- og refleksjonsdelen som passar, seier ho.

– Me har lagt ein plan

Studentparlamentet har allereie tenkt gjennom korleis dette arbeidet skal gjerast.

BETRE STUDENTAREAL: – Ja, me har heile tida jobba for å få fleire og betre areal for studentane. Dei legg opp til at du ikkje berre skal koma hit for å gå på førelesingar og så dra heim igjen, seier leiar for Studentparlamentet ved UiO, Anne Bergum Furset. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

– Me har lagt ein plan og sett ned ein komité som skal jobba spesifikt med dette og prøva å få med folk som kan litt om det tekniske rundt dette, fortel ho.

Studentparlamentet har heller ikkje gløymt å gjera noko med innføringa av dei ekstra skulepengane som dei internasjonale studentane har måtta betala både til UiO og andre norske universitet.

– Det er eit område der det skjer ein del ting, og der det ikkje er heilt låst. Me må stå på og visa at me mister veldig mykje mangfald her på UiO dersom me held fram med desse skulepengane. Me ynskjer at det skal vera slik det var før rett og slett på ein måte som ikkje skadar UiOs økonomi, understrekar ho.

– Det vil lønna seg på langt sikt

– Så du ynskjer at UiO skal fjerna skulepengane heilt eller delvis slik andre norske universitet nyleg har gjort?

– Eg skjønar godt at det for UiO er litt annleis. Her har me medisinstudiet som er ei svært dyr utdanning med laboratorium. Då skjønar eg at det er vanskeleg for UiO å ta heile rekninga når det blir kutta i grunnbeløpet til universitetet. Det må vera noko som skjer utanfor UiO for at UiO kan dekkja heile rekninga, føreslår ho.

Ho er overtydd om at det er viktig for UiO å ha internasjonale studentar.

– Det vil lønna seg på langt sikt, og det blir også eit større meiningsmangfald av det, peikar ho på.

– Kva synest du er den største skilnaden på situasjonen for studentar for ti år sidan og dagens studentar?

– For det første er det kor langt studiestøtta rekkjer. Så trur eg at gruppene av studentar er mykje større no enn då. Det er langt fleire som tar høgare utdanning i dag. Det fører no som før, til stort press på studentbustader. Dermed får dei ein dårleg start, og det er vanskeleg å få studentkjensla, konstaterer ho.

– Det er viktig å ha god dialog med andre studentar 

Studentparlamentet har gjennom fleire år jobba for å få eit meir levande campusområde.

– Ja, me har heile tida jobba for å få fleire og betre areal for studentane. Dei legg opp til at du ikkje berre skal koma hit for å gå på førelesingar og så dra heim igjen. Då vil du glipp av mykje. Du er ein student, og då er det viktig å ha god dialog med andre studentar og læra i fellesskap, legg ho vekt på. 

Anne Bergum Furset meiner at ein då må ha stader der studentar kan opphalda seg.

– Dei treng ikkje vera her frå klokka ni til klokka fem kvar einaste dag. Men dei må kunne gjera noko anna enn berre å gå på førelesing, og så dra rett heim igjen. Oslo er jo ein kul by, så det er mykje anna som trekkjer studentane, peikar ho på.

– Vil vera ei tydeleg stemme

Sidan krigen mellom Hamas og Israel starta på grensa mellom Gaza og Israel 7. oktober 2023, har det vore mange solidaritetsaksjonar med palestinske studentar og akademikarar i regi av studentar ved UiO. Studentar for Palestina har hatt ein Palestina Camp utanfor Villa Eika, og dei har også hatt aksjonar før møte i Universitetsstyret. No har det roa seg litt, men vil Studentparlamentet ha solidaritetsaksjonar for andre grupper av studentar som opplever krig og overgrep andre stader i verda?

– Me i arbeidsutvalet tar imot tilbakemeldingar frå studentar, og me ynskjer at grasrota skal ha den plassen. Me vil ikkje ta stemma deira. Om grasrota støttar ei studentgruppe utanlands vil me ta dei signala og fylgja dei opp med solidaritetsarbeid. Me vil dela ut informasjon og vera ei tydeleg stemme.

Den dagen Uniforum er i Villa Eika, har Anne Bergum Furset akkurat skrive ferdig manuset til talen ho skal halda under velkomstseremonien for nye studentar i dag måndag 10. august.

– Då vil eg oppfordra dei nye studentane til å bruka studietida fullt ut, ikkje berre gå på førelesing, men vera ein del av studentmiljøet.

Trur ikkje prinsessa vil besøkja Studentparlamentet

Då Uniforum møtte henne, ville studentleiaren ikkje seia noko om kva rolle ho vil ha når UiOs mest berømte student, prinsesse Ingrid Alexandra kjem hit på måndag. Men informasjon frå UiO sentralt viser at Anna Bergum Furset blir ein del av velkomstkomiteen saman med rektor Ragnhild Hennum og SV-dekan Anne Julie Semb.

– Nei, ho er jo ein heilt vanleg utvekslingsstudent. Eg trur neppe ho kjem hit til Studentparlamentet for å snakka om studentpolitikk.

 

Les meir om studentpolitikk: 

18 430 studenter tildelt studentbolig, men over 17 000 står fortsatt i kø

Ho overtar som leiar av Studentparlamentet ved UiO

Mange venter fortsatt på studentbolig: – Sju av åtte overlates til det private markedet

Studentparlamentets nye leder: –  Hvis man har klart videregående,skal man kunne ta universitetsutdanning

Emneord: Studentpolitikk, Studentsaker, Studentforhold. Av Martin Toft
Publisert 10. aug. 2026 04:00 - Sist endra 10. aug. 2026 09:24

Logg inn for å kommentere