Det var i natt det London-baserte selskapet QS Quaquarelli Symonds offentleggjorde rangeringa si over fleire tusen universitet over heile verda. I ei oppsummering frå selskapet går det fram at Noreg hevar seg på denne rangeringa. Grunnen er at Noreg får med to nye universitet inn på lista over verdas beste universitet. Dei to nykomarane er Universitetet i Agder og OsloMet. Dei debuterer med høvesvis ei plassering på mellom 1001 og 1200 og mellom 1201 og 1400. Til saman er åtte universitet frå Noreg inkluderte i denne målinga.
QS World Ranking of Universities 2027 måler både forsking, arbeidsrelevans, internasjonalisering, utdanningskvalitetet og berekraft på insitusjonane.
UiO best i Noreg
Aller beste gjer altså Universitetet i Oslo det, med ei plassering som nummer 131. Det er ein tilbakegang frå den førre målinga, då universitetet kom på 119.-plass.
I Noreg tar NTNU i Trondheim andreplassen med ei plassering som nummer 264 i verda. Universitetet i Bergen er nummer tre i Noreg, men nummer 283 internasjonalt. Universitetet i Tromsø er nummer 629 og blir nummer fire i Noreg. NMBU på Ås ligg mellom plassane 761 og 770, medan Universitetet i Stavanger hamnar ein stad mellom nummer 851 og 900 internasjonalt.
Sverige best i Norden
Når det gjeld Noregs samla resultat på denne rangeringa, hamnar me bak både Sverige, Danmark og Finland.
I Norden er det Lunds universitetet i Sverige som er best, ifølge denne målinga. Dei neste pallplassane tar også svenske universitet, nemleg Kungliga Tekniska Högskolan (KTH) og Uppsala universitetet. Først på fjerdeplass finn me Københavns Universitetet som vanlegvis toppar denne målinga. Både Danmarks Tekniske Universitet, Universitetet i Helsingfors, Universitetet i Aalto i Finland og Århus Universitet plasserer seg før Universitetet i Oslo på lista over dei beste nordiske universiteta. UiO kjem denne gongen på ein tiandeplass.
USA og Storbritannia på topp
På toppen av verdsrangeringa tronar Massachusetts Institute of Technology i USA. Det beste europeiske universitetet er Imperial College London i Storbritannia som deler andreplassen med Stanford University i USA. University of Oxford tar fjerdeplassen rett før nasa på Harvard University på femte. Cambridge University dukkar opp på sjetteplass. Det beste universitetet utanfor den engelskspråklege verda, er ETH Zürich frå Sveits. Det tar åttandeplassen og er dermed det fjerde beste universitetet i Europa, ifølge denne rangeringa.
Universitet frå autoritære regime skårar høgt
Fleire universitet frå autoritære regime som Kina, Singapore, Saudi-Arabia og Russland gjer det relativt bra på verdsrangeringa. Aller best gjer National University of Singapore det med ein tiandeplass. The University of Hong Kong legg seg like under, som nummer elleve. KFPUM frå Saudi-Arabia tar ein 63.-plass. Også Lomonosov statsuniversitet i Moskva får ei høgare plassering enn Universitetet i Oslo. Det kjem på 115.-plass.
Les meir om rangeringar i Uniforum:
UiO ligg 48 plassar bak Nordens beste på Shanghai-rangeringa
UiO held stand som Noregs beste universitetet på ny måling
UiO er det 36. beste universitetet i verda i juss
UiO er framleis i Europas meisterliga
Logg inn for å kommentere