UiO held stand som Noregs beste universitet på ny måling

Universitetet i Oslo tangerer 119-plassen frå i fjor på rangeringa frå QS.  Det gir det ein åttandeplass i Norden. 

BEST I NOREG: UiO gjer det best i Noreg, men dårlegare enn dei beste svenske, danske og finske universiteta på ny måling. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Universitetet i Oslo er framleis langt føre både NTNU og Universitetet i Bergen på rangeringa frå QS. Men på lista over Nordens beste universitet må UiO sjå seg slått av både to finske, to danske og tre svenske universitet. På denne lista er det Lunds universitet i Sverige som tronar høgast med ein 72. plass på verdsrangeringa.  

– Fint nyhende

UiO-rektor Svein Stølen seier i ein kommentar til Khrono at han er godt nøgd med resultatet. 

– Sjølv om me tar rangeringar med ei  klype salt, så meiner eg at både vår suksess innanfor Det europeiske forskingsrådet (ERC) der me er nummer to i Norden etter København, og Forskingsrådets fagevalueringar, der me generelt gjer det svært godt, gir eit konsistent bilete: 

— UiO er eitt av verdas beste universitet - og konkurransen er både hard og aukande. Fint nyhende på ein viktig dag for UiO, seier han. 

MiT er verdas beste

Ifølge denne rangeringa er Massachusetts Institutt of Technology i USA verdas beste universitet. På dei andre pallplassane kjem Imperial College London og Stanford-universitetet i California. Det beste universitetet utanfor den engelskspråklege verda er ETH Zürich som plasserer seg som nummer 7. 

NTNU er nummer 267, medan Universitetet i Bergen ligg 20 plassar under som nummer 287.

National University of Singarpore er det beste universitetet i Asia og hamnar på ein åttandeplass på verdsrangeringa. KFUPM-universitetet i Saudi-Arabia er det beste i Midtausten og kjem på ein 67.plass. I Latin-Amerika gjer Universitetet i Buenos Aires det best med ein 84.-plass. 

I rangeringa frå QS utgjer forsking og innovasjon 50 prosent av vektinga. Arbeidsrelevans og resultat tel 20 prosent. Erfaring med læringa er 10 prosent av den endelege rangeringa, medan globalt engasjement og berekraft gir høvesvis 15 prosent og 5 prosent utslag på den endelege karakteren til institusjonen som er vurdert.

I tillegg er indikatorar som akademisk omdømme, omdømme hos arbeidsgjevar, arbeidsmoglegheiter og internasjonalt studentmangfald også vurderte på ein annan skala. 

• Les meir om rangeringar i Uniforum:
UiO er det 36. beste universitetet i  verda i juss

Emneord: Rangeringer. Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 19. juni 2025 11:31 - Sist endra 19. juni 2025 17:07

Logg inn for å kommentere