Det var onsdag formiddag IT-avdelinga ved Universitetet i Oslo først forstod at noko gale hadde skjedd med fleire av PC-ane som brukar Windows. For IT-direktør Gard Thomassen har det blitt lange arbeidsdagar for å retta opp problemet.
– Skulle sperra frå å kjøra gamle nettlesarar
– Korleis kunne dette skje?
– Me går stadig vekk gjennom programporteføljen på UiOs maskiner. Spesielt ser me på gamle nettlesarar som er ei stor sikkerheitsrisk. Me skulle sperra Windowsmaskiner fra å kjøra gamle nettlesarar. Gammal internet explorer, Firefox, Safari, Chrome med meir skal ikke kjørast, så difor bad me datamaskinene om å sperra slike nettlesarar frå å kjøra på Windowsmaskiner, fortel han.
Så skjedde det fatale.
– Men så blei det ved ein inkurie gjort ein feil som førte til at brukarane våre ikkje fekk lov til å gjera noko som helst med datamaskina. Sidan dette er ei sikkerheitsinnstilling som verkelig er effektiv, blei IT-avdelinga nekta å gjera om på den, sjølv som administrator. Sånn er det laga, slår han fast.
– Problemet vart større
Gard Thomassen fortel at IT-avdelinga fekk vita om problemet onsdag klokka 11.00.
– Då stoppa me oppdateringa som hadde skapt "svart skjerm". Då trudde me det galdt kun 250 maskiner. Så viste det seg at problemet vart større sidan mange maskinar ikkje hadde produksjonssett dei nye sikkerheitsinnstillingane før seint på dagen, seier han.
Gard Thomassen ser også fleire lett tenkjer at dette kan vera eit verst-mogleg tilfelle.
– Når det først skal skje, er det bra at det er me som har tukla det til og ingen framande makter, poengterer han. – Det gjer oppryddinga mykje enklare, legg han til.
Mellom 1100 og 1200 maskiner blei ramma
Først onsdag 4. mars kl. 18.30 såg det ut som om til saman 2100 maskiner var gått i svart. Nesten eit døgn etter seier Gard Thomassen at det talet var for høgt.
– No veit me at det talet på maskinar som gjekk i svart var mellom 1100 og 1200 maskiner. Klokka 14.30 den 5.mars var over 900 av desse i kø, igangsette eller ferdigstilte. Farten på ferdigstillinga, er avhengig av kor mykje software du har og om dei står på eit tregt eller godt nett, presiserer han.
-- Når er arbeidet med reinstallasjonane ferdig?
– Me trur alle maskinene som er i gang, vil vera klare om kort tid. Det er viktig at ein ffylgjer bruksanvisninga om straum, nett og påslått maskin, og har litt tolmod, er rådet hans.
– Ikkje greit
Professor Kristel Zilmer ved Kulturhistorisk museum uttrykte i Uniforum tidlegare i dag harme over det som hadde skjedd og konsekvensane det kunne få.
– Her på KHM står vi blant anna midt i svært hektiske prosessar med arbeid fram mot opninga av Vikingtidsmuseet. Kvar time tel svært mykje når ein ikkje får gjort det ein skal på riktig, understrekar ho.
Kristel Zilmer er heller ikkje imponert over den tida som blei brukt på å informera tilsette om det som var skjedd.
– Innan arbeidsdagens slutt i går hadde det ikkje kome noko om den oppståtte situasjonen frå leiinga ved UiO, og det er ikkje greit. For det var faktisk og er framleis ein kritisk situasjon for mange travelt opptekne tilsette som ikkje får tilgang til den viktige arbeidsreiskapen, som dei er avhengige av, poengterer Kristel Zilmer i ein epost til Uniforum.
– Møter stor forståing
Nokre tilsette har altså vore kritiske til måten IT-avdelinga har handtert dette problemet på, men det er likevel ikkje hovudinntrykket til Gard Thomassen.
– Me møter stor forståing og omtanke frå brukarane. Det er me svært takksame for, UiO- brukarane har vore fantastiske ovenfor IT-avdelinga i dette høvet. No har me god kontroll på saka og pustar rolegare, seier han.
Han lovar at dei jobbar så lenge det er jobb med dette her.
– Nokre av dei tilsette i IT-avdelinga var fysisk på jobb til kl. 21.00 i går kveld, så jobba dei heimanfrå frå kl 22.00 og på jobb igjen seinast kl 08.00 i dag, seier han imponert.
Til saman er det 13 000 fysiske Windows-maskiner på UiO. Dei er både stasjonære og berbare, så rask reaksjon gjorde problemet mindre enn det kunne ha blitt.
– Eg vil takka UiOs brukarar for tolmod, og takka IT-avdelinga for god innsats og god stemning, seier Thomassen.
– IT-avdelinga beklagar hendinga svært sterkt, understrekar han.
– Har forståing for at nokon blir arge
– Har det skjedd noko liknande før?
– Eg veit ikkje om noke liknande ved UiO, men slike ting kan skje når ein liten inkurie vert spreidd av automatikken. Sjå bare på Amazon som tok ned halve verda for nokre månader sidan.
– Kva synest du om kritikken som har kome?
– Eg har stor forståing for at nokon blir arge når ein har tidsfristar og travle dagar, men eg tar det som eit signal på at UiO normalt sett leverer svært gode og stabile IT-tenester. Det er difor så lett å fyra seg opp når noko uføresett skjer og øydelegg kvardagen, seier han.
Les også: 2100 PC-ar på UiO gjekk i svart
Logg inn for å kommentere