– Studentbustadar er avgjerande for at unge skal kunne ta utdanning uavhengig av økonomisk bakgrunn. God tilgang på rimelege bustadar er noko av det viktigaste vi kan gjere for studentøkonomien, slik at studentane kan ha ein trygg kvardag og konsentrere seg om studiane, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland i ei pressemelding.
Tilskota går både til bygging av nye studentbustadar og rehabilitering av eksisterande bygg.
Ramma for studentbustadar i årets statsbudsjett er noko lågare enn i 2025, då det blei gitt tilskot til om lag 3000 bustader. Frå 2025 er nivået på tilsegn om tilskot 3 050 nye tilsegn årleg. På grunn av mellom anna den høge byggeaktiviteten av studentbustader som allereie er i gang, er det ikkje kapasitet til å starte bygging av like mange nye studentbustader i 2026. I år har Stortinget derfor løyvt midlar til 2000 tilskot som eit eittårig tiltak, i samsvar med det studentsamskipnadene hadde meldt inn på førehand som mogleg å setje i gang i 2026.
Prioriterer pressområde
Fordelinga for 2026 gir størst utteljing til dei største studiestadene, der studentsamskipnadene har søkt om tilskot til flest bustadar.
– Leigeprisane steig kraftig i 2025 og ligg no på eit historisk høgt nivå nasjonalt, spesielt i dei største byane. Prispresset er venta å halde fram inn i 2026, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Selnes Skjæran (Ap).
– I regjeringa sin plan for Noreg har vi mål om å setje i gang bygging av 130 000 nye bustadar innan 2030. Studentbustadar er ein viktig del av denne satsinga og kan bidra til å dempe presset på den private leigemarknaden, seier Skjæran.
For to veker sidan kunne regjeringa også vise til at bygging og rehabilitering av studentbustader hadde vore rekordhøgt i 2025. Då blei det bygd 2 366 hybeleiningar for studentar. Det er ei firedobling samanlikna med 2024, då 662 hyblar blei innflyttingsklare.
Les heile pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet.
Les meir om studentbustader i Uniforum:
Regjeringen mener 2025 var rekordår for bygging av studentboliger
Mange venter fortsatt på studentbolig: Syv av åtte overlates til det private markedet
Logg inn for å kommentere