Eit brev Uniforum har fått tak i, viser at universitetsdirektør Arne Benjaminsen og avdelingsdirektør Ingrid Sogner den 12. desember sende eit brev til Kunnskapsdepartementet for å få ei juridisk vurdering av det strafferettslege ansvaret både universitetet og universitetsstyret har i samband med dei inngåtte Horisont Europa-avtalane med israelske partnarar.
Imot bruk av boikott som politisk verkemiddel
I brevet blir det vist til tidlegare møte i universitetsstyret, der spørsmålet om akademisk boikott av israelske institusjonar er blitt diskutert på grunn av Israels krigføring i Gaza. Og det blir understreka at UiOs etiske retningslinjer seier at universitetet er imot bruk av akademisk boikott som eit politisk verkemiddel. Det stadfestar dessutan styrevedtaket frå mai 2024, vert det lagt vekt på. I brevet vert det også peika på at diskusjonen kom opp på nytt hausten 2025.
Les i Uniforum: UiO-styret delte seg, men sa nei til akademisk boikott av Israel
På dei siste møta saka har vore oppe, har det utkrystallisert seg ulike syn på korleis avtalar gjennom det europeiske forskingssamarbeidet Horisont Europa skal klassifiserast. Dette er verdas største forskings og innovasjonsprogram som til saman har eit budsjett på 95,5 milliardar euro. Der er alle EU-landa med. Dessutan er det også inngått ein eigen avtale med Israel, Noreg, Tyrkia, Canada, Sveits, Storbritannia og fleire andre land utanfor EU og EØS-området, viser eit oversyn frå EU. EØS-landet Liechtenstein har takka nei til å delta i samarbeidet, medan Danmark-tilknytta Færøyane er med.
Forskar-til-forskar eller institusjonsavtale?
Er Horisont Europa ein forskar-til-forskar-avtale der prinsippet for den akademiske fridomen skal fylgjast, eller er det ein institusjonsavtale? Om Horisont Europa er det sistnemnde, skal den koma inn under vedtaket til UiO-styret om ikkje lenger å inngå nye avtalar med israelske institusjonar for forsking og utdanning.
Frå 2024 til 2025 har forskarar frå UiO vore partnarar i ti Horisont Europa-prosjekt med israelske partnarar. UiO-leiinga sitt syn har heile tida vore at Horisont Europa-avtalar fell inn under enkeltforskaren sin akademiske fridom, noko institusjonen skal slå ring rundt og som den derfor ikkje skal påleggja forskaren å stansa, går det fram av brevet. Nokre medlemar i UiO-styret meiner at dette derimot er institusjonelle avtalar.
Les i Uniforum: Fekk ikkje tatt opp forslag om juridisk vurdering av Israel-samarbeid for opne dører
Samtidig viser universitetsleiinga til at Kunnskapsdepartementet har late det vera opp til institusjonane å finna grensa mellom kva som er institusjonelt samarbeid og kva som er forskar-til-forskar-samarbeid. Det skjedde i samband med Russlands invasjon av Ukraina den 24. februar 2022.
Kan haldast ansvarleg
Universitetsdirektør Arne Benjaminsen og avdelingsdirektør Ingrid Sogner viser i brevet til at jussprofessor Terje Einarsen ved Universitetet i Bergen har argumentert for at universitetsstyret kan haldast ansvarleg dersom eit forskingssamarbeid fører til straffbare handlingar.Terje Einarsen er styreleiar for Den internasjonale juristkommisjonens norske avdeling.
Det var bakgrunnen for at det i desembermøtet i universitetsstyret kom fram eit ynskje om å få ei juridisk vurdering av universitetet og universitetsstyret sitt strafferettslege ansvar for inngåtte Horisont-avtalar. Forslaget blei lagt fram av representant for dei mellombels vitskaplege tilsette Emma Joanna Lengle, som fekk støtte frå resten av styret.
Les i Uniforum:
Ber om ein juridisk gjennomgang av UiOs Horisont Europa-avtalar med israelske forskarar
Allmenn interesse
No ber UiO-leiinga om at Kunnskapsdepartementet gjer den vurderinga.
Grunngjevinga er at spørsmålet om det strafferettslege ansvaret for internasjonale samarbeidspartnarar sine moglege brot på folkeretten, truleg også kan ha allmenn interesse for universiteta og høgskulane. Den juridiske vurderinga skal seinare presenterast for universitetsstyret, går det fram av brevet frå UiO-leiinga.
Førebels er det enno ikkje kome noka juridisk vurdering frå departementet. Det var grunnen til at det heller ikkje blei lagt fram ei slik juridisk vurdering på møtet i universitetsstyret i går. Tidlegare var det varsla at det skulle skje, slik Uniforum også har skrive.
Uniforum har vore i kontakt med Kunnskapsdepartementet for å høyra når vurderinga vil vera klar. Førebels har me ikkje fått svar på det spørsmålet.
Ynskjer råd frå Forskingsetisk utval
Etter nyttår har UiO-leiinga også søkt råd hos Forskingsetisk utval ved Universitetet i Oslo. I eit brev datert 13. januar spør rektor Ragnhild Hennum og fungerande universitetsdirektør Johannes Falk Paulsen om utvalet kan svara på om dei forskingsetiske normene som er relevante for internasjonalt forskingssamarbeid, er godt nok handsama i UiOs etiske og forskingsetiske rammeverk.
Dei vil også ha svar på i kva tilfelle Forskingsetisk utval meiner det vil vera uforsvarleg for ein enkeltforskar å gå inn i eit internasjonalt samarbeid. UiO-leiinga vurderer det også slik at Universitetet i Oslo som institusjon, har ei sjølvstendig forskingsetisk plikt til å gripa inn overfor enkeltforskarar som er involverte i etisk uforsvarlege forskingssamarbeid.
I brevet etterlyser leiinga Forskingsetisk utval sitt syn på det forskingsetiske handlingsrommet til UiO. Dei vil derfor ha svar på om utvalet kan gi råd til universitetsleiinga om potensielt uforsvarlege forskingssamarbeid.
Les meir om diskusjonen om akademisk boikott av Israel:
Strid i UiO-styret om Horisont Europa er forskar-til-forskar-samarbeid
UiO vil ikkje stansa arbeidet med israelske forskarar i Horisont Europa
UiO-styret delte seg, men sa nei til akademisk boikott av Israel
Logg inn for å kommentere