Spørsmålet om det skal gjennomførast ei juridisk vurdering av Universitetsstyrets ansvar for moglege israelske brot på folkeretten i okkuperte palestinske område i februarmøtet neste år, blei i dag behandla av universitetsstyret bak stengde dører.
Vil avklara det juridiske ansvaret
Forslagsstillar og styrerepresentant Emma Joanna Lengle meiner at det er viktig å avklara det juridiske ansvaret som universitetsstyret har og at alle styremedlemane får tydeleg informasjon om kva forpliktingar dei har.
Emma Joanna Lengle kjem derfor med fylgjande forslag til vedtak til UiO-styret:
1. Universitetsstyret får på universitetsstyrets møte den 3. februar 2026 ein juridisk gjennomgang av universiteta og særleg universitetsstyrets rettslege ansvar i samband med inngåtte Horisont-avtalar, gjennomført av juristar med spisskompetanse på internasjonal rett.
2. Universitetsstyret blir på universitetsstyrets møte den 3. februar 2026 gitt innsyn i risikovurderingane tatt i samband med dei sju samarbeidsavtalane inngått i regi av EUs Horisont-program der israelske universitet deltar som samarbeidspartnarar.
- Les også i Uniforum: Ber om ein juridisk gjennomgang av UiOs Horisont Europa-samarbeid med israelske forskarar
Utanfor hovudinngangen stod Palestina-aktivistar og demonstrerte med banner mot folkemord og trommeslag som blei avslutta like før møtet starta opp. Etter at den lukka delen av møtet var over, kom dei inn og satte seg på publikumsplassane i Professorboligen.

Fekk ikkje gjennomslag for ope møte
Det var nettopp i kva grad Universitetsstyret kan haldast rettsleg ansvarlege for folkerettsbrot i palestinske okkuperte område, Emma Lengle ville ha ei juridisk vurdering av frå internasjonale folkerettsekspertar i UiO-styrets møte i februar.
Emma Joanna Lengle ville at saka skulle behandlast for opne dører, men det fekk ho ikkje gjennomslag for frå UiO-leiinga.
Universitetsdirektør Arne Benjaminsen grunngjev det slik:
– Me har behandla dagsordenen til dagens styremøte. Og det gjer me alltid i lukka møte fordi det handlar om habilitet og godkjenning av dagsordenen, fortel han til Uniforum.
– Men kjem saka til Emma Lengle opp under det vanlege ordinære møtet?
– Me orienterte styret om at me legg opp til at ei innkjøpssak vert behandla i dag. Og den større saka knytt til forskingssamarbeid med Israel, den har me lagt opp til å behandla i neste styremøte, seier Arne Benjaminsen under lunsjpausen til UiO-styret.
Hadde samtale med rektor og universitetsdirektør før møtet
Like etter får me også tak i styrerepresentant Emma Lengle som ikkje er særleg glad for at forslaget hennar blei behandla bak stengde dører
– Eg ynskte at den saka skulle behandlast i ope møte, og sende ein e-post i går da eg såg at den på dagsordenen sto under lukka møte, fortel ho til Uniforum og Khrono.
Ho fortel at ho hadde ein samtale med universitetsdirektør Arne Benjaminsen og rektor Ragnhild Hennum i forkant av møtet i Universitetsstyret.
– Eg fekk forklart at under dagsordenen er ein nøydd til å lukka møtet på grunn av at det kan koma habilitetsspørsmål eller andre saker som ikkje skal vera opne. Og så lurte eg på om det no er ein annan måte å behandla dette på, sånn at diskusjonen om kor vidt saka var aktuell for styret, kunne gjerast offentleg tilgjengeleg, for eg meiner at det er av stor interesse, understrekar ho overfor universitetspressa.
Blir behandla i februar
Rektor Ragnhild Hennum den opne delen av møtet med fylgjande opplysning.
– Me handsama eit innsendt forslag under dagsordenen og kjem tilbake til den saka i februar, seier ho til universitetsstyret.
Det handlar altså om det alternative forslaget til styrerepresentant Emma Joanna Lengle om den juridiske gjennomgangen av UiO-styrets rettslege ansvar for Israels moglege folkerettsbrot i okkuperte palestinske område. Då vil også saka om UiOs forskingssamarbeid med Israel bli tatt opp, noko universitetsdirektør Arne Benjaminsen stadfesta i intervjuet med Uniforum over.
Logg inn for å kommentere