Viser fram yngre forskarar: – Dei forstår ikkje kor gode dei er

Stipendiatar og postdoktorar ved UiO har denne veka deltatt på The Week for å knyta kontakt med moglege arbeidsgjevarar. – Dei forstår ikkje kor gode dei er, fordi dei heile tida er saman med framifrå forskarar, seier initiativtakar Jean-Raphael Martinez ved Mat.nat.-fakultetet.

ORGANISATORAR: Seniorrådgjevarane Jean-Raphael Martinez frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og Ida Louise Rudi Belizia frå Det samfunnvitskaplege fakultetet samarbeider om å få losa The Week trygt i hamn. 

Foto: Martin Toft

Rundt 1300 mellombels vitskaplege forskarar melde seg på arrangementet The Week på UiO denne veka. Målet er å få dei i kontakt med framtidige arbeidsgjevarar både i og utanfor akademia. 

Torsdag formiddag er det eit yrande liv i Vilhelm Bjerknes’ hus der representantar for private og offentlege verksemder står og samtalar med stipendiatar og postdoktorar frå Universitetet i Oslo.

– Begynte å tenkja på det under covid

Seniorrådgjevar Jean-Raphael Martinez ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet fekk ideen til The Week midt i ei krisetid for både landet og universitetet.

– Eg begynte å tenkja på dette under covid, og då fekk eg med meg både Universitetsbiblioteket og Det odontologiske fakultetet. I fjor var me ekstra heldige og hadde flaks, for me fekk med oss SV-fakultetet og Ida, fortel han. Då tenkjer han på kollegaen, seniorrådgjevar Ida Louise Rudi Belizia ved SV-fakultetet.

The Week:

  • ei karriereveke for alle i tidleg forskarkarriere som er interesserte i å utvikla sine ferdigheiter og finna nye karrieremoglegheiter.
  • arrangementet varte frå 12. til 15. januar 2026.
  • samarbeid mellom MN-fakultetet, Det odontologiske fakultetet, SV-fakultetet, Universitetsbiblioteket og Naturhistorisk museum. (Kjelde: The Weeks nettsider på UiO)

Ho nikkar og peikar på Martinez som både initiativtakar og primus motor for tiltaket.

– Det er han som skal ha all æra for at dette kom i stand, understrekar ho.

For Martinez er det viktig å understreka at dette er noko heilt anna enn ei fagleg veke.

– Dette går på generiske ferdigheiter, trivsel og nettverksbygging. Alt det faglege får dei i forskargruppene sine, peikar han på.

Dei færraste vil få jobb i akademia

– Dei forstår ikkje kor gode dei er, fordi dei heile tida er saman med framifrå forskarar, seier Martinez.

Både Martinez og Rudi Belizia viser til at sidan dei færraste av desse kandidatane vil få jobb i akademia, er det viktig for dei å knyta kontaktar.

– Denne veka prøver me å få dei til å visa generiske ferdigheiter som det er mogleg å overføra til andre ting. Det me forsøkjer på å få til, er at dei skal forstå endå betre sine eigne talent, seier Rudi Belizia til Uniforum.

NETTVERKSBYGGING: Under The Week får stipendiatar og postdoktorar frå UiO sjansen til å bli kjent med moglege arbeidsgjevarar frå både privat og offentelg sektor.

– Kan føla seg einsame

Martinez trekkjer også fram ein anna viktig ting som gjorde at han såg behovet for ein slik sosial samankomst.

– Mange av dei mellombels vitskaplege tilsette kan ofte føla seg einsame, og på Mat.nat.-fakultetet er om lag 50 prosent av dei ikkje-norske. Då såg me at det ikkje alltid var så enkelt for dei å koma inn i norske strukturar. Derfor er det viktig å passa på at dei har det hyggeleg så lenge dei er på UiO, og føler seg som ein del av UiO-samfunnet, synest han. 

For han er det også essensielt at dei ser at dei er flinke, og vil vera ein ressurs både for akademia og næringslivet.

Ida Louise Rudi Belizia dreiv tidlegare også med slike tilbod for mellombels vitskaplege tilsette på SV-fakultetet.

– Men det var ikkje alltid så godt oppmøte. Og eg fann ut at nesten alle fakulteta hadde liknande arrangement. Då var eg rask med å melda oss på The Week, og så håpar me å få med fleire fakultet etter kvart, seier ho til Uniforum.

– Oppfyller lovkravet

Ho viser også til at arrangementet er med på å realisera ei endring i Universitets- og høgskulelova.

– No er det lovfesta at me må gi betre karrierestøtte og ha karrieretiltak for dei yngre forskarane våre. Her har me høve til å møta behovet og oppfylla lovkravet, seier Rudi Belizia.

Begge er glade for tilbakemeldingane dei får frå dei yngre forskarane, som er på jakt etter ein fast jobb.

– Dei er veldig takksame. Og det kjem stipendiatar og postdoktorar frå heile UiO, ikkje berre frå SV og Mat.nat.-fakultetet og OD, men også frå både UV, medisin og HF, fortel Martinez og Rudi Belizia.

– Er på jakt etter ein jobb

Etter samtalen med Jean-Raphael Martinez og Ida Louise Rudi Belizia tar me turen lenger bort i foajeen i Vilhelm Bjerknes hus. Der står det representantar for forskingsinstituttet Norce, Det Norske Veritas, SINTEF, Forsvarets forskingsinstitutt og Kartverket og samtalar med moglege framtidige tilsette.

Ein av dei som håpar å skaffa seg ein jobb gjennom desse møta er postdoktor Udalak Biswas frå Institutt for geofag.

PÅ JOBBJAKT: Postdoktor Udalak Biswas vil gjerne jobba for selskap som driv på med geologi og geografi.

– Kontrakten min som postdoktor går ut i desember i år, så no er eg på jakt etter ein jobb. Og eg ser også på om det er mogleg å få seg ei stilling utanfor akademia. Eg har bakgrunn som vulkanolog, og eg har undervist både bachelor- og masterstudentar. Så eg har ein brei bakgrunn som geolog.

– Har du ein favorittjobb?

– Ja, eg vil gjerne arbeida for selskap som driv på med geologi og geografi, seier han og peikar bort på standane til både Kartverket og til forskingsinstituttet Norce.

– Anvendt kunnskap

Nokre stands lenger unna står ph.d-kandidaten Linn Zapffe som er knytt til Senter for teknologi, innovasjon og kultur på Det samfunnsvitskaplege fakultetet.

FORSKING I BRUK: Stipendiat Linn Zapffe er glad for at arrangementet handlar om bruksretta forsking. Sjølv forskar ho på forskingsinnovasjon og kva påverknad den har. 

– Eg synest dette er eit veldig bra tiltak, og så er det anvendt og ikkje berre i teorien. Du får høyra om kva som faktisk skjer. Til dømes hadde me eit seminar om forskingsfinansiering og kva ting ein bør gjera for å få støtte. Dette er anvendt kunnskap som du kan ta i bruk med ein gong i staden for å sitja og bearbeida det, synest ho.

Ho starta på ph.d.-studiet for tre månader sidan, men ho har allereie blinka seg ut eit mogleg selskap ho kan tenkja seg å jobba for.

 – Eg har sett litt på Norce, som kunne vera interessant. Og eg forskar på forskingsinnovasjon og «impact», fortel ho.

– Mange gode kandidatar

Eit av dei private selskapa som har funne seg ein plass i Vilhelm Bjerknes hus, er Det Norske Veritas. 

KUNSTIG INTELLIGENS:  Lidia Luque er trainee hos Det Norske Veritas. På The Week prøver ho å koma i kontakt med yngre forskarar som i framtida kan bli kollegaer med henne. 

Der står Lidia Luque som er tilsett som ressurstrainee i forskingsavdelinga der ho jobbar med kunstig intelligens. Formålet er å finna ut om dei systema som brukar det, er trygge nok. Ho har fått eit godt inntrykk av dei ho har vore i kontakt med.

– Det er mange gode kandidatar og ganske mange av dei har kunnskap om kunstig intelligens, medan andre har relevant kunnskap om ting innanfor shipping som DNV også driv med. Sjølv har eg ein master i fysikk frå NTNU, men no kallar eg meg for forskar i kunstig intelligens, fortel ho til Uniforum.

– Godt å høyra at dei er relevante

Ein som går omkring på messeområdet med eit breitt smil om munnen er Carina Hundhammer, som er direktør for samfunns- og næringslivskontakt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.

VIKTIG MED THE WEEK: Fleire i næringslivet tilset folk med ph.d.-kompetanse, har direktør for samfunns- og næringslivskontakt ved Mat.nat.-fakultetet, Carina Hundhammer fått vita frå Statistisk sentralbyrå. 

–The Week er svært viktig for oss, for det får sett fokus på dei unge sine karrieremoglegheiter i sektoren, men også høvet til å koma seg ut og få relevante jobbar i nærngslivet, forskingsinstitutt eller i offentleg sektor, seier ho.

– Korleis har resultata av dei tidlegare arrangementa vore?

– Me har nyleg hatt eit alumnimøte, der tidlegare deltakarar fortalde om erfaringane sine. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at fleire i næringslivet tilset folk med ph.d.-kompetanse. Og det er godt å høyra frå både NHO og SSB at dei me utdannar, er relevante for samfunnet vårt, seier Carina Hundhammer til Uniforum.

– Inspirerande

Ein av dei andre som besøkte arrangementet på torsdag var Mathilde Skoie, viserektor for forsking og internasjonalisering ved UiO. Ho likte det ho såg.  

TIDLEG UTE: – Eg er stolt av at UiO har vore tidleg ute når det gjeld karrierearbeid i universitets- og høgskulesektoren, seier Mathilde Skoie, som er viserektor for forsking og internasjonalisering ved UiO. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Det har vore veldig inspirerande å sjå at så mange yngre forskarar møter opp. Det er ikkje berre viktig for dei unge forskarane sjølve, men også for institusjonen. Det er avgjerande for at me skal oppfylla samfunnsoppdraget vårt at me klarar å nå ut med kunnskapen stipendiatane og postdoktorane våre har, anten dei vel å bli i akademia eller ikkje, seier Skoie til Uniforum. 

Ho peikar på at arrangementet kom på eit ganske spesielt tidspunkt.

– Det er også ekstra fint å kunna stadfesta at UiO har populære karrieretiltak i den same veka som det blei lagt fram stygge tal for stipendiatane og postdoktorane si mentale helse, poengterer ho. 

– Stolt

Mathilde Skoie er imponert over innsatsen som blir gjort for dei mellombels vitskaplege tilsette på UiO. 

– Det blir gjort mykje godt arbeid, og eg vil gjerne takka alle dei som står bak tiltak som The Week. Det er veldig gøy at så mange fakultet no er med. Eg er stolt av at UiO har vore tidleg ute når det gjeld karrierearbeid i universitets- og høgskulesektoren, seier viserektoren. 

Arrangementet blei avslutta med ein fest for alle deltakarane. Den varte til langt ut på torsdagskvelden.

 

Emneord: Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø Av Martin Toft (tekst og foto)
Publisert 16. jan. 2026 17:24 - Sist endra 19. jan. 2026 11:00

Logg inn for å kommentere