Den nye infrastrukturen for behandling av personsensitive data byggjer på eksisterande løysingar ved Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og NTNU. Dei har også no eit tett samarbeid.
Universitetet i Oslo var tidleg ute med å laga ein infrastruktur for sensitive data. For allereie i 2014, altså for elleve år sidan, kunne dåverande rektor Ole Petter Ottersen opna Tenester for sensitive data. Også den gongen såg dei kor viktig dette var:
– Dette gjer det mogleg å gjennomføra viktig og banebrytande forsking som det var umogleg å driva med for nokre år sidan utan at det ville ha gått utover personvernet, sa Arvid Hallén som den gongen var administrerande direktør i Forskingsrådet.
• Les også i Uniforum: Tenester for sensitive data (TSD) opna på UiO
Målet til regjeringa med å samla alle desse tenestene i ein felles infrastruktur er å styrkja forsking, beredskap og innovasjon, står det i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet. Med å ha sikre analyserom og betre samhandling på tvers av ulike sektorar, skal det leggjast til rette for trygg og effektiv bruk av helsedata til beste for pasientar, forsking og samfunn, går det fram av meldinga.
Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland og helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre står saman bak initiativet, som skal styrkja både helseberedskap, forsking og innovasjon.
– Målet vårt er å gjera gode helsetenester endå betre. Ein viktig del av dette arbeidet er å sikra betre og tryggare bruk av helsedata. Med ein felles styrings- og finansieringsmodell kan me få¨ein meir effektiv bruk av dei felles helsesdataene våre, som forsterkar både forsking og innovasjon på helsefeltet, seier Vestre i pressemeldinga.
Betre og tryggare utnytting av sensitive data
Ved å samla desse infrastrukturane ynskjer regjeringa å gi større kraft til arbeidet med å forbetra helsetilbodet til forskarar og andre brukarar av sensitive data. Målet er at det slik skal leggjast til rette for ei betre og tryggare utnytting av sensitive data. Desse infrastrukturane kan til dømes brukast til å lagra og prosessera genetiske data frå kreftpasientar og kreftsvulstar, heiter det i den felles meldinga frå statsrådane Jan Christian Vestre og Sigrun Aasland.
Vil løyva 10 milliionar kroner
– Noreg har samla inn store mengder helsedata av høg kvalitet, og dette gir eit stort potensial for betre helsetenester, men også for verdiskaping. For å få mest mogleg ut av denne gullgruva, må slike sensitive data bli lettare tilgjengelege for forsking og utvikling, på ein trygg måte som tar vare på personvernet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland.
I statsbudsjettet for 2026 føreslår regjeringa å løyva 10 millionar kroner til arbeidet med ei. felles nasjonal infrastruktur for personsensitive data. Den skal etablerast formelt frå 1. januar 2026.
• Les meir om sensitive data i Uniforum:
Ny nasjonal superdatamaskin: Dette vil UiO-forskere bruke den til
Riksrevisoren fryktar at dårleg sikring kan føra forskingsdata på avvegar
Tenester for sensitive data (TSD) opna på UiO
Logg inn for å kommentere