Sjølv om Senter for global berekraft blei opna i dag, er det framleis utan eige hus. Planen er at det skal inn i berekrafthuset på Nedre Blindern når Farmasøytisk institutt flyttar ut av dagens Farmasibygning og inn i Livsvitskapsbygningen i 2026/27.
I desember i fjor blei professor Helge Jordheim tilsett som senterleiar for Senter for global berekraft. Han kom då frå stillinga som professor i kulturhistorie ved Det humanistiske fakultetet på UiO.
• Les også: Helge Jordheim blir leder for Senter for global bærekraft
Den første store oppgåva hans var å organisera den offisielle opninga av senteret. Det skjedde klokka 18.00 i dag, og det var forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland som hadde fått oppgåva med å vera snorklippar.
Først peika ho på kor viktig det er å ta vare på ressursane våre.
– Det handlar om ein stadig større og meir uføreseieleg verdssituasjon. Og de forstår sikkert kva eg siktar til. Det handlar om ein aukande knappleik på ressursar som me har tatt for gitt. I Noreg vil det også bli ei kraftfull demografisk endring. I 2030 vil me ha over 100 000 fleire personar over 67 år enn i dag. Det handlar om ei klima- og energiomstilling som me allereie er inne i, trekte ho fram. Ho kom også inn på andre store endringar i verda.
– Me er samtidig inne i eit stort digitalt skifte som me kan bruka til noko skikkeleg bra, men som kan føra oss på ville vegar om me ikkje styrer det. Felles for alle desse megatrendane er knappleik på ressursar. Den eine er jo folk, folk som har lært noko til dømes på Universitetet i Oslo. Det er mange som søkjer seg til høgare utdanning, og det er også for at utdanningsinstitusjonar som Universitetet i Oslo har blitt mykje flinkare til å laga utdanningar og læringsmiljø som gir folk jobb, var karakteren ho gav.
– Me treng folk som kan handtera dei store utfordringane
Aasland understreka også kor viktig det er å utdanna folk som kan løysa dei problema me opplever i dag.
– Me treng folk som kan vera med på å handtera dei store utfordringane på ein fornuftig og berekraftig måte og hjelpa oss til å forvalta ressursane på ein betre måte. Me må også sørgja for at folk får læra gjennom heile livet og aldri blir ferdige med å læra, var oppfordringa hennar. Den andre ressursen ho meinte me må læra oss å bruka, er å samarbeida på tvers av ulike fagdisiplinar, ulike institusjonar og ulike institutt.
– Og for ein forskings- og høgare utdanningsminister er det også viktig å påpeika at eg er heilt for akademisk fridom, slo ho fast.
Så viste ho til at det framleis var viktig å samarbeida med universitet i USA som Columbia og Harvard.
– Det kan vera krevjande, men i dag har me gjort det mogleg å få gjort det samarbeidet lettare, understreka ho.
– Gratulerer med dagen, sa ho før ho fekk ei saks og klipte over snora som markerte at Senter for global berekraft no er opna.
– Høyrer ikkje til eitt fag åleine
Før det skjedde, var det prorektor Åse Gornitzka som fortalde kor viktig det var å få etablert Senter for global berekraft.
– Senteret samlar forskarar som skal omforma klima- og miljøkrisa til problemstillingar som det er mogleg og viktig å forska på. Dei kan sjå samanhengen mellom reinare luft i Oslo og mineralutvinning i Peru. Også behovet for rein elektrisitet sett opp mot naturkraft og urfolksrettar, understreka ho.
Gornitzka viste dessutan til at klimaendringane fører til helseproblem.
– Felles for problemstillingane er at dei ikkje høyrer til eitt fag åleine, slo ho fast.
– Me har ingen tid å mista
Viserektor Mette Halskov Hansen har dratt i trådane for å få realisert senteret. Ho var opptatt av å takka alle som hadde bidratt med gode idear og innspel til Senter for global berekraft.
– Me har ingen tid å mista. Og det er kanskje endå meir aktuelt i dag enn før. Det er viktig både med demokrati, klima og inkludering, sa ho.
– Fint å vera ein del av ein historisk augneblink
Helge Jordheim hadde sin første arbeidsdag som senterleiar for Senter for global berekraft frå 1. juni.
– Det er fint å vera ein del av ein historisk augneblink som dette, spesielt for ein historikar, sa Jordheim som er professor i kulturhistorie.
– Historiske augneblinkar er ikkje berre til for å feirast, men også for refleksjon, la han vekt på. Jordheim heldt fram med å visa til situasjonen i USA.
– I USA står vernet av dei kunnskapsmessige og dei politiske verdiane på spel. Columbia har falle, og Harvard står under angrep. I dag er statsfinansierte universitet i stabile demokrati den beste garantien for positiv kunnskap og kunnskapsutvikling, var han sikker på.
– Skal halda oss med eit breitt berekraftsystem
Han trekte fram oppgåva til Senter for global berekraft.
– Det høyrer til senteret sin natur at me skal halda oss med eit breitt berekraftsystem. Klimaendringane trugar livsvilkåra til menneska både dei naturlege og dei samfunnsmessige. Me skal finna løysingar på dei utfordringane som dette stiller oss overfor, sa han.
Alle møteromma i Domus Bibliotheca var fullt opp under opninga av senteret. Av dei 80 som skal jobba på senteret var 70 til stades. I tillegg kom det mange andre frå heile universitetet.
Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ville ikkje bli med
Då ideen om eit Senter for globalt berekraft først blei lansert som eit av fleire forslag frå arbeidsgruppa som senterleiar Vebjørn Bakken ved UiO:Energi og miljø leia for å utforma ein ny klima- og miljøstrategi for UiO. Først var det meininga at både Senter for tverrfagleg kjønnsforsking, Senter for utvikling og miljø, UiO: Energi og miljø, UiO: Demokrati, UiO:Livsvitskap og den medisinske eininga SUSTAINIT skulle inn i senteret. Eininga er ein «klynge» sett saman av sentra Senter for berekraft i helseutdanningane (SHE), Senter for global helse (CGH) og Senter for pandemi- og éi-helseforsking (P1H). Til saman vil det vera 80 tilsette på Senter for global berekraft.
I fjor vår blei det klart at Senter for tverrfagleg kjønnsforsking (STK) ikkje ville bli med. Grunnen var kravet om at det då måtte ha blitt oppløyst som eige senter på same måte som Senter for utvikling og miljø (SUM).
Sidan senteret er leiande på kjønnsforsking i Norden og fordi dåverande senterleiar Inger Skjelsbæk meinte at det aldri har vore viktigare å driva med kjønnsforsking i den tida me lever i fordi kjønnsforsking er under sterkt press i mange land, takka senteret nei til å bli med.
• Les meir: Utsetter beslutningen om bærekraftsenteret - dette er forklaringen
Ein tverrfagleg møteplass
Senteret skal bli ein tverrfagleg møteplass for forskarar frå heile universitetet, går det fram av nettsidene til UiO. Der skal dei møtast for å driva forsking, kunnskapsdeling og samarbeid med eksterne partnarar. Senteret skal bidra til utvikling av studium, livslang læring og formidling som handlar om berekraft. Den faglige organiseringa blir i fleksible tematiske område, går det fram av informasjonen frå UiO.
Til hausten får senterleiar Helge Jordheim selskap i administrasjonen for Senter for global berekraft. Då begynner Ane Marte Rasmussen som administrativ leiar.
Logg inn for å kommentere