Ti dagar før fristen går ut, har det meldt seg få kandidatar for dei mellombels vitskaplege til valet på nytt universitetsstyre. Derfor har Det sentrale valstyret i dag bestemt seg for å utsetja fristen til 24. april kl.10.00. Den opphavelege fristen var sett til 22. april klokka 10.00 til liks med dei andre veljargruppene på Universitetet i Oslo.
I valet på nytt universitetsstyre denne våren skal det veljast representantar frå alle veljargruppene, det vil seia faste vitskaplege tilsette, teknisk og administrativt tilsette, studentar og mellombels vitskaplege tilsette.
Desse skal veljast til nytt universitetsstyre i 2025:
- To representantar for fast tilsette i vitskaplege stillingar – skal veljast for fire år
- Ein representant for mellombels tilsette i vitskaplege stillingar – skal veljast for eitt år
- Ein representant for teknisk og administrativt tilsette – skal veljast for fire år
- To representantar for studentane – skal veljast for eitt år (Kjelde: UiOs valsider)
Det vert valt to vararepresentantar for kvar kategori. I tillegg vert fire eksterne representantar utpeika av Kunnskapsdepartementet.
– Få kandidatar
Den sistnemnde veljargruppa har dei også denne gongen problem med å få rekruttert kandidatar frå. Det opplyser leiaren for Det sentrale valstyret, Marit Halvorsen til Uniforum. Og det er ikkje første gongen det har skjedd.
– Dessverre ser det ut til at det kan bli få kandidatar til vervet som representant for dei mellombels tilsette. Eg beklagar at dei på fakulteta som burde ha tatt ansvaret for dette, ikkje har tatt det alvorleg nok, seier ho til Uniforum. Derfor blir fristen for denne veljargruppa altså utvida til 24. april klokka 10.00.
–Treng stemmene til dei mellombels vitskaplege
No ber ho alle om assistanse i dette arbeidet.
– Samtidig vil me innstendig oppfordra alle einigar til å hjelpa til med å finna gode kandidatar. Eit styreverv er eit godt høve til å bli kjent med heile vårt mangfaldige universitet, og til å påverka beslutningane. Universitetsstyret treng også stemmene til dei mellombelse tilsette, understrekar Marit Halvorsen. Den som blir valt som representant for dei mellombels vitskaplege tilsette, vil setja i Universitetsstyret i eitt år. Det same vil studentrepresentantane gjera. Alle dei andre representantane, inkludert dei eksterne som blir utpeika av Kunnskapsdepartementet etter forslag frå UiO, vil sitja i fire år.
Valet på nye representantar til Universitetsstyret startar 9. mai og vill halda på fram til 23. mai. Resultatet blir kunngjort kort tid etterpå.
Les alt om valet på valsidene til Universitetet i Oslo.
Logg inn for å kommentere