Tidlegare UiO-rektor Arild Underdal er død

Professor i statvitskap og tidlegare rektor ved UiO Arild Underdal er død.  Det melder Universitetet i Oslo. 

DØD: Tidlegare UiO-rektor Arild Underdal er død, 78 år gammal.  

Foto: Ola Sæther

Det var i går kveld UiO kunngjorde at tidlegare UiO-rektor Arild Underdal var død, 78 år gammal. Dagens rektor Svein Stølen uttaler fylgjande om dødsfallet: "Det er med stor sorg jeg har mottatt beskjeden om at tidligere rektor Arild Underdal har gått bort. Mine tanker går først og fremst til hans nærmeste familie, men også til venner og kollegaer ved universitetet og i hele hans store nettverk nasjonalt og internasjonalt. Fred over Arilds minne"

Arild Underdal var rektor ved UiO frå 2002 til 2005.  Han var også prorektor i den første rektorperioden til Lucy Smith frå 1993-95. Han var tilsett som professor i statsvitskap ved UiO. Spesialområdet hans var internasjonal politikk.  I 2006 blei han utnemnt til Kommandør av St. Olavs Orden for embetsfortenesta si. 

Her er ein artikkel frå dagen då Arild Underdal vann rektorvalet i 2001.

Portrettintervju med Arild Underdal i 2002

 

Emneord: Arild Underdal Av Martin Toft
Publisert 21. apr. 2025 11:13 - Sist endra 22. apr. 2025 09:55

Logg inn for å kommentere