For andre gong i år samlar Universitetsstyret seg til eit felles møte i Professorboligen. Det skjer i morgon, tysdag 11. mars klokka 10.00. Hovudsaka handlar om status og vegen vidare for Global University Academy, initiativet frå UiO om å gi fleire flyktningar og internt fordrivne høgare utdanning akkurat der dei oppheld seg. Dette blir ei rein informasjonssak der seniorådgjevar Marianne Knarud frå Univeristetssdirektørens stab vil fortelja styret kor langt dette prosjektet har kome. Ho er også prosjektleiar for Global University Academy (GUA).
Vil gi høgare utdanning til endå fleire flyktningar
I sakspapira blir det vist til at det i dag er 140 millionar flyktningar og fordrivne personar i verda. Målet til FN er å auka den delen av flyktningane som får høgare utdanning frå sju prosent til 15 prosent innan 2030.
Det var dette som fekk UiO for rundt eitt år sidan til å ta initiativet til ein global dugnad der mange universitet hjelper til med kurs og modular som saman dannar undervisningstilbod under den same paraplyen, går det fram av sakspapira. Så langt har planen fått støtte frå universitet i tre verdsdelar, fleire frivillige organisasjonar, utviklingsaktørar og FN-systemet.
• Les også: 18 universitet frå ni land vil delta i ein akademisk dugnad for flyktningar
I løpet av dette året har Global University Academy (GUA) ambisjon om å levera ein fleksibel modell for akademisk samarbeid, ein partnarskapsmodell for aktørarar utanfor akademia og planar for tre eller fire år lange pilotar der GUA skal samarbeida med nasjonale universitet og styresmakter. Mellom dei er Flyktninghjelpa, Redd Barna og UNHCR (FNs menneskerettskommissær). I tillegg har GUA ambisjon om å levera ein økonomimodell og ein langsiktig strategi for finansiering, står det i sakspapira.
I møtet i morgon får Universitetsstyret ei samla orientering om kor langt dette arbeidet er kome.
• Les også: Stølen på tur sør for Sahara
• Les også: Katastrofalt for mange millionar jenter i Afghanistan
"Mer anstrengt økonomisk situasjon"
Dei andre sakene som kjem opp er meir tradisjonelle styresaker. Den første ordinære saka som skal handsamast for opne dører, er verksemdsrapporten for 3. tertial 2024.
I den går det fram at det er mørke skyer i horisonten for økonomien til UiO i tida framover. Universitetet gjennomfører likevel om lag alle aktivitetane sine om lag som planlagt heilt i samsvar med tildelingsbrevet frå Kunnskapsdepartementet for 2024,heiter det. Men universitetsdirektør Arne Benjaminsen legg ikkje skjul på at økonomien ikkje er så bra som tidlegare.
"UiO er i ferd med å komme i en mer anstrengt økonomisk situasjon enn vi har vært i de siste årene"
Det blir vist til til at utvikliinga med store isolerte meirforbruk også heldt fram i tredje tertial. I 2024 blei det akkumulerte opparbeidde mindreforbruket redusert med om lag 260 millionar kroner, og er derfor no nede i 290 millionar kroner. Det utgjer 4 prosent av løyvinga for 2024.
"Ikke finansiert for en slik økning i årlige husleiekostnader"
Spådomen han kjem med for 2025, er at det vil bli endå meir økonomisk uvisse. Håpet er at einingane lykkast godt med å henta inn pengar frå konkurransearenaer på forsking og å produsera studiepoeng.
UiO er i gang med å omstilla seg til ei tid med stramare budsjett. Den framtidige husleiga for Livsvitskapsbygget blir nemnt serskilt. "UiO står overfor økte kostnader til husleie i forbindelse med innflytting i Livsvitenskapsbygget og sykehusarealer som ikke er kompensert. Vi understreker at UiO ikke er finansiert for en slik økning i årlige husleiekostnader.", går det fram av kommentarane til saka som Universitetsstyret skal handsama tysdag 11. mars. Forslaget til vedtak er at styret tar verksemdsrapporten til vitande.
Endå sterkare i posisjonen som leiande europeisk universitet
Også den endelege årsrapporten for 2024 med den avlagde årsrekneskapen inkludert, skal til handsaming i Universitetsstyret. Her peikar universitetsdirektøren på kor godt UiO har gjort det på forsking internasjonalt dei siste åra. Gjennom å vera blant dei tre fremste universiteta i Norden når det gjeld tal på prosjekt universitetet har fått frå det europeiske forskingsrådet (ERC), har posisjonen som eit leiande europeisk universitet blitt endå sterkare, går det fram av saksdokumentet.
Samtidig har UiO fått 424 millionar kroner i EU-midlar i 2024. Det er ein auke på 25,7 prosent samanlkna med 2023. Eit anna poeng som universitetsdirektøren nemner, er det faktum at UiO har 10 av 19 senter for framifrå forsking i Noreg. UiO fekk også ein tredel av dei nasjonale FRIPRO-tildelingane 2024, vert det peika på.
Auka produksjonen av studiepoeng i 2024
Også når det gjeld utdanningsverksemda trekkjer UiO fram korleis den syner endå betre takter enn tidlegare. Eit godt teikn på det er at produksjonen av studiepoeng styrkte seg i 2024 både per student og totalt, står det i sakspapira.
Konklusjonen UiO slår i bordet med, er at arbeidet med å utvikla framifrå utdanningstilbod og utdanningsmiljø ved alle fakultet, er godt i gang.
På området etter- og vidareutdanning er UiO enno ikkje kome så langt. Det blir meldt om stor interesse, men dette "krever konsolidering og avklaring av støttetjenester og økonomiske rammevilkår" står det i omtalen i årsrapporten.
Framlegget til vedtak er at både årsrapporten og årsrekneskapen for 2024 blir vedtekne med dei endringar som kjem fram under møtet. Styret skal også gi universitetsdirektøren fullmakt til å ferdigstilla dokumentet.
Internrevisonen har sett på trugsmål og vald mot tilsette
Ein annan årsrapport Universitetsstyret får på bordet er frå Eining for internrevisjon. Der går det fram kva typar revisjon og kvar eininga har gjennomført revisjonar i 2024.
Trugsmål og vald mot tilsette er eit av punkta internrevisjonen har sett på. Her blir det peika på at institutta gjennomfører fleire risikoreduserande tiltak, "herunder ved arrangementer, forskningsoppdrag, reiser og oppfølging av studenter", står det i rapporten. Det blir også rapportert om at enkelte einingar har supplert sentrale rutinar med eigne rutinar og tiltak. Og tilsette blir oppfordra til å ta kurs.
Internrevisjonen meiner likevel det er risiko for underrapportering av vald, trugsmål og uheldige belastningar og for at heilskapleg førebygging og oppfylging ikkje er systematisk nok. Grunnen til det trur internrevisjonen kan ha å gjera med at system og retningslinjer ikkje er godt nok kjente, at "Si fra-system" ikkje alltid blir brukt og ikkje fungerer godt nok. Det kan stillast ytterlegare krav til systematisk oppfylging og rapportering om tilstanden innan HMS, står det i årsrapporten frå Eining for internrevisjon.
Samlingane til Naturhistorisk museum er eit anna område det har revidert. Også medisinsk og helsefagleg forsking, Psykososialt læringsmiljø,Sakshandsaming fuskesaker, EU-prosjektrevisjonar og Norsk senter for menneskerettar er blitt reviderte i 2024.
I framlegg til vedtak blir Universitetsstyret bede om å ta rapporen frå internrevisjonen til vitande. Samtidig blir administrasjonen beden om å fylgja opp dei føreslegne tiltaka og rapportera tilbake til styret.
Skal handsama sju "kallelser"
I den første delen av møtet i morgon skal Universitetsstyret bak stengde dører godkjenna forslag til sju kall ("kallelser") i vitskaplege stillingar ved Det medisinske fakultetet, Det samfunnvitskaplege fakultetet og Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Kallingane utgjer stillingar frå 10 til 100 prosent.
Møtedagen begynner med eit besøk frå Riksrevisjonen. Dei vil bak stengde dører informera om arbeidet sitt og om moglege funn i revisjonen for 2024.
Når møtet blir opna igen får Universitetsstyret ein presentasjon av Naturhistorisk museum ved direktør Brit Lisa Skjelkvåle.
Morgondagens møte skal etter planen halda på fram til klokka 14.00.
Dette er heile saklista til møtet i Universitetsstyret:
Møte nr. 2/2025 i universitetsstyret
Møtet vil bli streamet
Tid og sted: – , Professorboligen , Karl Johansgate 47
Saker til behandling i lukket møte
Ordinære saker
V-sak 11-25 Godkjenning av dagsorden og habilitet
Forslag til vedtak:
Dagsorden og habilitet ble godkjent.
Informasjonssaker
I-sak 5-25 Riksrevisjonen informerer om sitt arbeid og eventuelle funn i revisjonen for 2024
Ordinære saker
V-sak 12-25 Kallelse til fast 100% stilling som professor (SKO 1013) i medisin ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk medisin, Klinikk for kirurgi, inflammasjonsmedisin og transplantasjon
Saksnr. 2025/1693
Saken er unntatt offentlighet etter offl § 25.
V-sak 13-25 Kallelse til midlertidig stilling i ekstraerverv (20%) som Førsteamanuensis II (SKO 1011) innen statsvitenskap ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet, Institutt for statsvitenskap
Saksnr. 2025/84394
Saken er unntatt offentlighet etter offl § 25.
V-sak 14-25 Kallelse til midlertidig stilling i ekstraerverv (10 %) som førsteamanuensis (SKO 1011) ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, Institutt for teknologisystemer
Saksnr. 2025/86238
Saken er unntatt offentlighet etter offl § 25.
V-sak 15-25 Kallelse til midlertidig stilling i ekstraerverv (10%) som universitetslektor (SKO 1009) ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, Institutt for teknologisystemer
Saksnr. 2025/86253
Saken er unntatt offentlighet etter offl § 25.
V-sak 16-25 Kallelse til midlertidig stilling i ekstraerverv (20%) som førsteamanuensis (SKO 1011) ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, Institutt for teknologisystemer
Saksnr. 2025-86244
Saksnr.
Saken er unntatt offentlighet etter offl § 25.
V-sak 17-25 Kallelse til midlertidig stilling i ekstraerverv (10%) som førsteamanuensis (SKO 1011) ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, Institutt for teknologisystemer
Saksnr. 2025-86240
Saken er unntatt offentlighet etter offl § 25.
V-sak 18-25 Kallelse til midlertidig stilling i ekstreraverv (15%) som førsteamanuensis (SKO 1011) ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, Institutt for teknologisystemer
Saksnr. 2025/86260
Saken er unntatt offentlighet etter offl § 25.
Saker til behandling i åpent møte
Informasjonssaker
I-sak 6-25 Presentasjon av Naturhistorisk museum
Ved direktør Brit Lisa Skjelkvåle
Ordinære saker
V-sak 19-25 Virksomhetrapport per 3. tertial 2024
Saksnr.
Forslag til vedtak:
Styret tar virksomhetsrapporten for 3. tertial 2024 til etterretning.
Saksdokumenter:
V-sak 20-25 UiOs årsrapport 2024 inkl. avlagt årsregnskap
Saksnr.
Forslag til vedtak:
1. UiOs årsrapport for 2024, inkl. årsregnskap for UiO, vedtas med de endringer som kom fram under møtet.
2. Universitetsdirektøren gis fullmakt til å ferdigstille dokumentet.
Saksdokumenter:
V-sak 21-25 Årsrapport 2024 - Enhet for internrevisjon
Saksnr.
Forslag til vedtak:
Universitetsstyret tar internrevisjonens rapport til etterretning. Universitetsstyret ber administrasjonen følge opp de foreslåtte tiltakene og rapportere tilbake til styret.
Saksdokumenter:
Informasjonssaker
I-sak 7 Status og veien videre for Global University Academy – et initiativ fra UiO for å gi flere flyktninger og internt fordrevne tilgang til høyere utdanning der de befinner seg.
Saksnr.
Saksdokumenter:
Orienteringssaker
O-sak 2-25 Orienteringer fra universitetsdirektøren
Saksnr.:
Saksdokumenter:
Saker til behandling i lukket møte
Informasjonssaker
I-sak 8-25 Eventuelt
Ordinære saker
V-sak 22-25 Godkjenning av protokoll for inneværende møte
Forslag til vedtak:
Protokollen ble godkjent.
Protokoll
Logg inn for å kommentere