No vil Bernt Hagtvet kjempa for dei pensjonerte professorane

– Det er meiningslaust at folk blir kasta ut av universitetet straks dei fyller 70 år. Det må vera mogleg å få dei til å kunna halda fram, samtidig som det ikkje skal gå utover yngre forskarar, seier Bernt Hagtvet, «emeritus-rådgjevar» for rektorkandidat Giske Ursin.

SLAVEKONTRAKTAR: – Me får tilbod om eit honorar på 200 kroner timen, det er reine slavekontraktar, meiner Bernt Hagtvet. Han siktar til betalinga pensjonerte akademikarar får for å halda førelesingar. Her er han på rektorvaldebatt i Historisk museum.

Foto: Ola Gamst Sæther

Professor Bernt Hagtvet skal vera emeritusrådgjevar for rektorteamet til Giske Ursin og Stefan Krauss. Om Giske Ursin vinn rektorvalet, er Bernt Hagtvet klar på kva han vil gjennomføra i den nye rolla si.

– For det første må det blei ei einskapleg behandling av kontorplassar for alle professor emeriti på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og Det medisinske fakultetet og andre realfag. Men også på andre fakultet må det skje, er ambisjonen hans om Giske Ursin blir rektor på UiO. Bernt Hagtvet var professor ved Institutt for statsvitskap på UiO til han måtte gå av for aldersgrensa då han fylte 70 år. 

• Les også: Bernt Hagtvet blir "emeritus-rådgiver" for Giske Ursin

– Meiningslaust

Bernt Hagtvet synest dagens tvungne aldersgrense for når professorar går ut på dato må endrast.

– Det er meiningslaust at folk blir kasta ut av universitetet straks dei fyller 70 år. I gjennomsnitt lever me 18 år etterpå.  Det må vera mogleg å få dei til å kunna halda fram i stillingane sine, samtidig som det ikkje skal gå utover yngre forskarar, understrekar han. 

Samtidig saknar han møteplassar på universitetet for dagens pensjonerte professorar. 

Han føreslår at det kan etablerast faculty clubs, der dei kan møtast. 

– Grunnen er at eg aldri har blitt spurt

Hagtvet fortel kvifor dei tvangspensjonerte professorane ikkje held fram med å gi førelesingar på universitetet. 

– Me får tilbod om eit honorar på 200 kroner timen, det er reine slavekontraktar, synest han.

Han fortel at han som professor i statsvitskap tok initiativ til arrangement som han ikkje fekk ekstra betalt for. 

– Saman med Anders Ravik Jupskås på Institutt for statsvitskap arrangerte me 150 Frokost med Bernt-møte, peika han på.  I 2009  fekk han UiOs formidlingspris for det tiltaket.

• Les også: Frokost med Bernt Hagtvet er blitt historie. UiO tvangspensjonerer frokostverten

I dag er han 78 år, og han er framleis ein aktiv føredragshaldar.

– I formiddag har eg førelese på Høgskolen i Østfold. Eg seier ja til å førelesa overalt. Den einaste staden eg ikkje gjer det, er på Universitetet i Oslo. Grunnen er at eg aldri har blitt spurt. Men eg gjer det gjerne, om dei ber meg om det, lovar Bernt Hagtvet. 

– Giske Ursin tok direkte kontakt

– Korleis enda du opp med å bli ein del av støtteapparatet til rektorkandidat Giske Ursin?

– Giske Ursin tok direkte kontakt med meg. Ho tar sikte på å inkludera tilsette, både vitskaplege og administrative, og ho vil kombinera breidde og topp frå heile universitetet, fortel han.

– Giske Ursin er ivrig på å skaffa ekstern finansiering frå privatpersonar og private selskap til forskinga på UiO. Korleis ser du på det?

– Det er nødvendig med ekstern finansiering. UiO kan sikta seg inn på alumniordningar med tidlegare UiO-studentar. Noreg manglar denne tradisjonen som dei har ved både britiske og amerikanske universitet.  UiO kan gjerne få pengar frå Stein Erik Hagen og Kjell Inge Røkke, men dei skal vera utan bindingar. Anders Jahres medisinske prisar er døme på dette, der pengane går til framifrå forsking, trekkjer Bernt Hagtvet fram.

• Les mer om rektorvalget 2025 ved UiO: 

Bernt Hagtvet blir "emeritus-rådgiver" for Giske Ursin

Uenighet om kunstig intelligens blant rektorkandidatene

Rektorvalgdebatt om innovasjon: – Jeg snakker jevnlig med Legemiddelindustrien

Harald Eia : – Jammen, i svarte! Jeg tror kanskje jeg har noe å bidra med her!

Ragnhild Hennum: – Det kommer til å fungere dritdårlig

Giske Ursin: – Vil jobba for å auka gjennomføringsgraden for studentane

Internasjonal rektordebatt: - Det er en dum lov, men det er ingen ting vi kan gjøre med den

Rektorkandidat Ragnhild Hennum: – Dette er historielaust

Giske Ursin trur Harald Eia kan bidra til å gjera UiO meir kjent

Første rektorvalgdebatt: – Man sitter og gjør ingen ting

– Giske Ursin gjer rektorvalet til eit useriøst sirkus

No er det klart: Desse tre blir rektorkandidatar ved UiO

Harald Eia blir med i rektorteamet til Giske Ursin

Direktør i Kreftregisteret Giske Ursin melder seg på som rektorkandidat ved UiO

Hanne Flinstad Harbo blir rektorkandidat ved UiO

Ragnhild Hennum stiller som rektorkandidat ved UiO

Professorveldets endelige endelikt på UiO

 

 

 

Emneord: Rektorvalet 2025, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 12. feb. 2025 16:41 - Sist endra 12. feb. 2025 19:46

Logg inn for å kommentere