Det blir kamp om rektorvervet ved UiB: Lise Øvreås melder seg på

Den sitjande rektoren ved Universitetet i Bergen, Margareth Hagen har gjort det klart at ho tar ein periode til. No blir ho utfordra av professor  i geomikrobiologi Lise Øvreås, melder Khrono i dag. 

VIL BLI REKTOR: Lise Øvreås vil stilla som rektorkandidat ved Universitetet i Bergen. 

Foto: Eivind Senneset /UiB

Dermed blir det eit reelt rektorval i 2025 både på Universitetet i Oslo og på Universitetet i Bergen.  Begge stader er det så langt to kvinner som stiller mot kvarandre i dei to rektorvala. Med dagens kunngjering frå Lise Øvreås, er det klart at dagens rektor ved UiB Margareth Hagen må gå gjennom ein valkamp, før det blir avgjort kven som skal vera rektor for UiB i den neste fireårsperioden. Ifølgje Khrono vil klimaforskaren Endre Tvinnereim, vera med i Lise Øvreås sitt tea,  truleg som prorektorkandidat. Lise Øvreås er også preses for Vitskapsakademiet ut 2024, eit verv ho har site i sidan 2022. 

 

 

 

Publisert 19. des. 2024 11:44 - Sist endra 19. des. 2024 11:44

Logg inn for å kommentere