Det var den 24. august i fjor førsteamanuensis Ingunn Björnsdottir ved Farmasøytisk institutt på UiO, så vidt redda livet etter å blitt angripen med kniv av ein farmasistudent i lokala UiO leiger i Gydas vei 8 på Majorstua. Ho blei redda av ein kvinneleg kollega som klarte å avbryta handlinga til den mannlege studenten frå Austlandet.
Ifylgje tiltalen frå Oslo tingrett blei førsteamanuensen forsøkt drepen ved å skjera henne i halsen og stikka henne i buken og overkroppen med kniven. Redningskvinna og andre greip inn akkurat tidsnok til at vitale organ ikkje blei skadde. Ho fekk også raskt medisinsk hjelp. Desse to faktorane gjorde at ho overlevde. Kollegaen som greip inn, fekk kuttskader frå kniven i den venstre handa og i den høgre underarmen.
Vedgår ikkje skuld for drapsforsøk
No er den 24 år gamle farmasistudenten tiltalt for både drapsforsøk og kroppsskade. Men han vedgår ikkje skuld for drapsforsøk, berre for grov kroppsskade. Det skriv advokaten hans Petar Sekulic i ein epost til Uniforum. «Min klient erkjenner ikke straffeskyld for drapsforsøk mot den ene fornærmede, her erkjennes kun straffeskyld for grov kroppsskade. Når det gjelder den andre fornærmede, erkjennes ikke straffeskyld i det hele tatt», går det fram av meldinga frå Petar Sekulic.
Straffesaka mot farmasistudenten startar i Oslo tingrett måndag 26. august, og vil halda på til og med torsdag 29. august. Om den tiltalte blir funnen skuldig i drapsforsøk, kan han få ei fengselsstraff på over seks år.
Uniforum har også forsøkt å få ein kommentar frå førsteamanuensen sin bistandsadvoktat Hege Salomon. Så langt har me ikkje fått noko svar frå henne.
MN-fakultetet representert med tilhøyrarar
Dekan Solveig Kristensen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet på UiO stadfestar overfor Uniforum at fakultetet hennar vil vera representert med HR-sjef og med instituttleiar ved Farmasøytisk institutt når rettssaka startar i Oslo tinghus på måndag. Ho understrekar at dei vil vera der som tilhøyrarar og ikkje som vitne.
• Les meir i Uniforum:
Etter knivangrep: UiO skal gjera sikkerheitskursa sine betre kjente
UiO-rektor Svein Stølen: Me hadde møte med mykje alvor
Ein mann i 20-åra er sikta for drapsforsøk etter knivstikkinga i lokala UiO leiger
Valdshending i eit UiO-lokale på Majorstua
UiO-leiinga bestod katastrofeøving
Logg inn for å kommentere