Statsvitskap og sosiologi på UiO er rangerte som nummer 29 i verda

UiO gjer det skarpt i både statsvitskap og sosiologi på den siste Shanghai-rangeringa over fag. Begge tar ein 29.plass i verda.

Hovudbygningen til SV-fakultetet, Eilert Sundts hus

VERDSKLASSE: Både statsvitskap  og sosiologi på UiO hamnar på 29.-plass i verda på fagrangeringa til Shanghai-målinga.  Begge faga held til i Eilert Sundts hus på Blindern.

Foto: Ola Gamst Sæther

Sjølv om statsvitskap på  UiO gjer det svært godt i verda og i Europa, er det ikkje godt nok til å bli  best i Norden. For ikkje berre  Aarhus Universitet i Danmark, men også Göteborgs universitet og Uppsala universitet  i Sverige blir plasserte høgare enn UiO, og får høvesvis plass nummer 11, nummer 16 og nummer 29 i verda. Det gir statsvitskap på UiO fjerdeplassen i Norden. Og i verda er det ikkje uventa Stanford University i USA som tar førsteplassen framfor Harvard University og Princeton University. Det beste europeiske er University of Oxford på fjerdeplass. 

Sosiologi tangerer resultatet til søsterfaget statsvitskap. Med sin 29. plass i verda kjem faget på .femteplass i Europa og som nummer 1 i Norden. Først på 37.-plass kjem Stockholms universitet før Københavns universitet går inn frå nummer 51 til 75. Psykologifaget legg seg inn mellom nummer 76 og 100. 

På bronseplass i Europa i informasjonsteknologi

Men i faget informasjonsteknologi er det berre University of Oxford og  ETH Zürich som skårar høgare enn UiO i Europa på Shanghai-rangeringa over fag. 

På engelsk blir denne fagkategorien kalla for "Computer Science and Engineering".  Dei som gjer det aller best i dette faget er universitet i USA og i Kina. På verdsrangeringa ligg Massachusetts Institute of Technology på topp, tett fylgd av Stanford University og Tsinghua University frå Kina.,

På verdsrangeringa tar UiO plass nummer 38. Det er langt framfor nest beste nordiske universitet som er Københavns Universitet.  Det plasserer seg mellom nummer 51 og 75 på denne lista. Nummer tre i Norden er Universitetet i Oulu/Uleåborg i Finland.  NTNU er mellom nummer 201 og 300 på denne rangeringa. 

Rektor Svein Stølen er godt nøgd med resultata til UiO i denne fagrangeringa.

–UiO gjer det godt i breidda av universitetet si faglege breidde, og kanskje er plasseringa innan computer science og teknologi av spesiell interesse. Nummer 3 i Europa innan eit område der talet på kinesiske universitet innan Topp 50 har auka frå 10 i 2017 til 23 i 2023. Her må Europa intensivera innsatsen! synes UiO-rektoren. 

UiO klarer seg også svært godt innanfor utdanningsvitskap, om me skal tru Shanghai-rangeringa si vurdering av enkeltfag. For det gjer det også veldig godt og hentar inn ein sterk 42.-plass. Det gir UiO ein tredjeplass i Europa. For det er berre dei nederlandske universiteta Utrecht University og Vrie Universiteit Amsterdam som gjer det betre i det faget i denne verdsdelen. 

Gode plasseringar for geofysikk og naturgeografi

I geofysikk på Institutt for geofag gjer også UiO det bra. Der tar universitetet 46.-plassen i verda. 

I naturgeografi, som på UiO også ligg under Institutt for geofag, plasserer Noregs eldste universitet seg mellom  nummer 51 og 75 i verda. 

Den same plasseringa får klinisk medisin ved UiO. Det gir faget ein plass som nummer 27 i Europa. Det nærliggjande faget odontologi gjer det heller ikkje så verst. Det endar med å bli nummer 76 og 100 i verda. Det gir det ein delt 26.-plass i Europa. 

Rettsvitskap høgt oppe

Innanfor rettsvitskap kjem UiO inn på ein stad mellom 51 og 75. Også på fagrangeringa til Times Higher Education gjer rettsvitskap på Det juridiske fakultetet det bra. Der kom faget på 43.-plass i verda.  På Shanghai-rangeringa ligg jus på førsteplass i Norden. Købehavns Universitet er på andreplass i Norden, og inntar ein plass mellom nummer 76 og 101, i verda, medan Stockholms universitet på tredjeplass, ligg som  mellom nummer 101 og 150 på verdsrangeringa over rettsvitskap. 

Når det gjeld astrofysikk, endar UiO  ein plass  mellom nummer 101 og 150 i verda. Det same er tilfellet for samfunnsøkonomi. Den same plasseringa får faget biovitskap ved Institutt for biovitskap. UiO får same resultat i både human biovitskap og farmasi. Samla sett utgjer desse faga livsvitskap ved Universitetet i Oslo. 

Men geniet Niels Henrik Abels universitet gjer det ikkje veldig godt i matematikk. I det faget  landar UiO på ein stad mellom nummer 201 og 300 på  verdsrangeringa. 

Det er altså innanfor statsvitskap  og sosiologi UiO skårar høgast på denne målinga med ein 29.-plass i verda for begge faga. 

Ingen fag frå Det humanistiske fakultetet er med i denne rangeringa. 

Det står meir om rangeringa på denne nettstaden. 

• Les meir om universitets- og fagrangeringar: 

Jus på UiO gjer kjempebyks på ny internasjonal rangering

UiO faller på ny rangering

UiO tangerer 20.plassen i Europa på ny rangering

UiO er framleis i Europas meisterliga

 

(Oppdatert med kommentar frå UiO-rektor Svein Stølen og Norden-plasseringa til rettsvitskap 1. november klokka 10:36)

Emneord: Rangeringer. Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 31. okt. 2023 15:56 - Sist endra 1. nov. 2023 10:36

Logg inn for å kommentere