Får over 118 millionar kroner til å forska på pestutbreiing

Biologiprofessor Nils Chr. Stenseth ved UiO og fagfellar frå Storbritannia og Frankrike får 10 millionar euro for å finna ut meir om korleis pesten oppstod og spreidde seg frå Sentral-Asia og vidare til Europa frå 1300 til og med 1900.

Portrett av ein mann med briller og skjegg

 DRØYMELAG: – Det er eit ekte drøymelag me har klart å danna saman, seier biologiprofessor Nils Chr. Stenseth. No har han fått i land eit forskingsprosjekt på 10 millionar euro frå Det europeiske forskingsrådet (ERC).

Foto: Martin Toft

Det er det europeiske forskingsrådet (ERC)  gjennom ERC Synergy Grant som i dag har løyvd over 118 millionar kroner til forskargruppa som Nils Chr. Stenseth står i brodden for. Målet er å finna ut endå meir om korleis pestutbrota i denne perioden oppstod og sjå på kva grad lopper og rotter har vore smittespreiarar. 

– Derfor er også forskarar som er ekspertar på desse dyra med i dette prosjektet. Og det er veldig  moro å vera med på dette, og at me har fått positivt svar på søknaden vår, seier Nils Chr. Stenseth til Uniforum på telefon frå Kastrup. 

Heilt konkret får prosjektet i oppdrag å rekonstruera dei miljømessige, biologiske og sosiale drivarane som førte til pestutbrot i Eurasia mellom 1300 og 1900.

Får finansiering frå 2024 til og med 2030

Prosjektet får hovudsete på Senter for økologisk og evolusjonær syntese (CEES) på Institutt for biovitskap ved UiO.  Det vil også vera nært knytt til Forskingsenteret for pandemi og éi helse ved Det medisinske fakultetet på UiO. Med seg i prosjektet har Nils Chr. Stenseth  kjente forskarar som  Phil Slavin, University of Stirling og Ulf Büntgen, University of Cambridge frå Storbritannia. Men også  Florent Sebbane, Institute National de la Santé et de la Recherche Medicale frå Frankrike er med i forskargruppa.

I tillegg vil Stenseth sjølv vera leiar for forskingsprosjektet.

 – Det er eit ekte drøymelag me har klart å danna saman. No gler biologiprofessoren seg til å setja i gang dette prosjektet frå 2024. Planen er at det skal halda på fram til og med 2030. 

Seks norske forskarar får 262,9 millionar kroner 

Til saman får seks norske forskarar finansiering frå dette programmet, med ei samla tildeling på 22,2 millioner euro (262,9 millionar kroner), opplyser Forskingsrådet i ei pressemelding. Forskarane er tilsette ved Universitetet i Tromsø, NTNU og Universitetet i Oslo og Norce.   Nils Chr. Stenseth er den einaste forskaren frå UiO som har fått tildelt pengar frå dette forskingsprogrammet.

Dette er prosjekta som får støtte: 

  • Professor Nils Chr. Stenseth ved Universitetet i Oslo får saman med tre forskarar frå University of Stirling (Storbritannia), University of Cambridge (Storbritannia) og Institute National de la Santé et de la Recherche Medicale (Frankrike) 10 millionar euro til prosjektet "Reconstructing the environmental, biological, and societal drivers of plague outbreaks in Eurasia between 1300 and 1900 CE".
  • Professor Brita Elvevåg ved Universitetet i Tromsø får saman med tre forskarar ved Academisch Ziekenhuis Groningen (Nederland), Universitat Pompeu Fabra (Spania) og University of Zürich (Sveits) 9,9 millionar euro til prosjektet "The Delta of Language". 
  • Forskar Jochen Knies ved Universitetet i Tromsø og forsker I Stijn De Schepper ved NORCE får saman med ein forskar ved Alfred-Wegener-Institut Helmholtz-Zentrum für polar- und meeresforschung (Tyskland) 12,5 millionar euro til prosjektet "Into the Blue - Resolving past Arctic greenhouse climate".
  • Professor James R. Dawson ved NTNU får saman med tre forskarar ved TU Darmstadt (Tyskland), ETH Zürich (Sveits) og CNRS (Frankrike) 12,7 millionar euro til prosjektet "Hydrogen under pressure".
  • Professor Thorsten Hamann ved NTNU får saman med tre forskarar ved Tel Aviv University, University of Regensburg og University of Nottingham 9,8 millionar euro til prosjektet "Discovering how plants sense water stress".  (Kjelde: Forskingsrådet)

Forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch er svært nøgd. 

– Dette er fantastiske resultat. Norske forskarar hevdar seg svært godt i den tøffe internasjonale konkurransen. Internasjonalt samarbeid og brei deltaking i dei europeiske forskings- og innovasjonsarenaene er ein føresetnad for at me kan hevda oss som ein kunnskapsnasjon og lykkast med omstillinga av samfunnet, seier Sandra Borch.  

Også administrerande direktør Mari Sundli Tveit i Forskingsrådet er imponert. 

– Dette er utruleg bra og det beste norske ERC-resultatet gjennom tidene!  Her samarbeider forskarane på tvers av landegrenser, og løyser store utfordringar som kun kan løysast gjennom samarbeid, seier Mari Sundli Tveit i pressemeldinga frå Forskingsrådet. 

    Statistikk for 2023-utlysinga:
    Heile utlysinga: Det er totalt 387 søknadar som blei evaluerte. 34 søknadar er inviteret til kontraktsforhandlingar, som tilsvarer ein suksessrate på 8,8 prosent, melder Forskingsrådet.  
    Dei norske resultata: Det var 23 søknader med norsk deltaking. Fem av desse får finansiering som tilsvarar ein suksessrate på 21,7 prosent. 
    Norsk statistikk: Det var norsk deltaking i 5,9 prosent av alle søknadar, det er norsk deltaking i 14,7 prosent av alle dei finansierte prosjekta. 
     
    Norske søknader i 2023 
    I dei 23 søknadane med norsk deltaking var det 32 norske 'Principal investigators'. Alle dei norske søknadane har deltaking frå minst éin institusjon utanfor Noreg, og dei fleste hadde tre utanlandske institusjonar, skriv Forskingsrådet.
    Dei utanlandske institusjonane ligg i 18 forskjellige land, noko som viser at norske forskarar samarbeider breitt. går det fram av pressemeldinga. Tyskland, Storbritannia og Nederland var dei vanlegaste samarbeidslanda, med høvesvis 8, 6 og 5 søknadar. Det var ni ulike norske institusjonar som deltok i søknadane. 
    Emneord: Biologi, Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, Internasjonalisering, ERC Av Martin Toft
    Publisert 26. okt. 2023 12:00 - Sist endra 26. okt. 2023 13:41
    Legg til kommentar

    Logg inn for å kommentere

    Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
    Opprett ein WebID-brukar for å kommentere