Det er ein kamplysten forskings-og høgare utdanningsminister Sandra Borch som slik forsvarar innføringa av studieavgifter for studentar frå land utanfor EU, EØS og Sveits.
Torsdag 8. september var Sandra Borch på Universitetet i Oslo for å lansera milliardsatsinga på kunstig intelligens saman med statsminister Jonas Gahr Støre.
– Det er ein spennande sektor å jobba med
Uniforum fekk høve til å ta ein prat med henne på tomannshand også om andre område innanfor sektoren.
Sandra Borch har no vore forskings- og høgare utdanningsminister i fire veker. Så langt har ho brukt tida på å bli kjent med sektoren. Og ho har ikkje blinka seg ut saker som er viktigare enn andre.
– Eg skal ikkje velja ei, men eg meiner at heile sektoren innanfor forsking og høgare utdanning er viktig. Eg ser at det er ein spennande sektor å jobba med. Det er det ingen tvil om, så her vil det vera mange viktige saker framover.
For ti dagar sidan kom Sandra Borch saman med utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim med nyhendet om at dei ville innføra ei stipendordning for studentar frå dei aller fattigaste landa som vil studera i Noreg. Til saman kan det vera snakk om 200 stipend. Men ho meiner det er feil å tolka det som ei stadfesting av at ho meiner det var feil å innføra studieavgifter for studentar frå land utanfor EU, EØS og Sveits.
– Nei, eg står fullt og heilt på at me gjorde denne endringa. Alle land rundt oss tar betaling frå heilgradsstudentar frå land utanfor EØS. Så er det viktig at me skal få på plass ei stipendordning slik at studentar frå det globale sør også i framtida får høve til å koma til Noreg som heilgradsstudentar, understrekar ho, før ho held fram:
– Den stipendordninga har me jobba med lenge. Den skal rettast inn mot studentar frå utviklingsland som ikkje har den same moglegheita til å ta utdanning. Det var også viktig for regjeringa då me innførte studieavgift.
– Afrika vil vera ein sentral del
– Denne hausten er det ingen studentar frå Afrika som driv med eigenbetaling av studia sine på UiO. Vil det seia at afrikanske studentar kan søkja på dette stipendet?
– Ja. No har NORAD fått i oppdrag å laga premissar for korleis denne søknadsordninga skal bidra. Men det er klart at Afrika vil vera ein sentral del av det.
– På Universitetet i Oslo er det i gang to svære byggjeprosjekt, Livsvitskapsbygget og utvidinga og oppgraderinga til nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy. Har du fått tid til å kika på desse prosjekta etter at du kom inn i den nye statsrådstolen?
– På mitt område har eg hatt ein gjennomgang av prosjekta og fått ei orientering om status. Så veit me at det har vore ei generell utfordring at byggjekostnadane har blitt veldig høge, og nettopp derfor trekte regjeringa tilbake ein del for å koma med nye kostnadsestimat og få ned prisen.
– Ei av dei beste tidene eg har hatt
– Du har sjølv vore jusstudent på Universitetet i Tromsø. Er det noko du lengtar tilbake til frå studietida?
– Ja, det er det. Først og fremst er det samhaldet, studievenner og det å dra ein torsdags ettermiddag på studentøl. Det er jo ting som eg ikkje får gjort no lenger. Ei av dei beste tidene eg har hatt, var studietida på Universitetet i Tromsø, fortel ho.
– Har du fått nytte av det du lærte i vervet som statsråd?
– Ja, og som jurist. Det å læra å lesa føreskrifter og NOU-ar og lovar, det meiner eg er ein stor fordel når du skal inn i politikken.
• Les meir om Sandra Borch i Uniforum:
Regjeringa gir ein milliard til forsking på kunstig intelligens
Ingen eigenbetalande studentar frå Afrika begynte på UiO
Regjeringen innfører stipendordning for noen av utenlandsstudentene
Sandra Borch opna Norsk nukleært forskingssenter på UiO
Sandra Borch blir ny forskings- og høgare utdanningsminister
Logg inn for å kommentere