Før helga gjorde forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch og utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim det kjent at dei ville innføra stipend for studentar frå dei fattigaste landa som vil studera i Noreg. Derfor vil 200 av studentane frå desse landa få finansierte studia sine av pengar frå desse stipenda. Ifylgje dei to statsrådane vil dei setja i verk ei slik ordning frå neste studieår.
• Les også: Regjeringa innfører stipendordning for noen av utanlandsstudentene
Nedgang på 50 prosent
Denne hausten har derimot UiO og andre norske universitet tatt imot eigenbetalande studentar som trudde studiet var gratis, då dei søkte, men seinare oppdaga at det var det ikkje. Likevel valde 60 av dei å koma til Universitetet i Oslo, sjølv om dei altså må betala for studia sine sjølve.
– Det var ein reduksjon på 50 prosent av studentar frå land utanfor EU, EØS og Sveits, samanlikna med tidlegare år. Men andre universitetet har fått opptil 80 prosent færre av desse studentane, konstaterte studiedirektør Hanna Ekeli i ein gjennomgang for Universitetsstyret i dag.
Fleirtalet kjem frå Kina og USA
På eit spørsmål frå studentrepresentant Sivert Arntzen om kor mange av dei 60 eigenbetalande studentane som kjem frå det globale sør, gav studiedirektør Hanna Ekeli eit klart svar.
– Nesten ingen kjem frå det globale sør, og ingen frå Afrika. Fleirtalet av desse studentane kjem frå Kina og USA, slo ho fast.
Men på spørsmål frå studentrepresentant Solveig Martha Tynkkynen om kva som ville skje med dei studentane som kom frå land utanfor EU, EØS og Kina, men begynte før innføringa av studieavgifter, hadde ho eit svar som kunne roa henne litt ned.
– Nei, dei kan halda fram med å studera gratis til dei er ferdige med graden sin, understreka ho.
– Høg tilstrøyming til teknologi og mindre til humaniora
Ekstern styrerepresentant Kristin Clemet viste til at etter innføring av studieavgifter for utanlandske studentar utanfor EU, EØS og Sveits i Sverige og Danmark, gjekk talet på desse studentane ned.
– Men så gjekk dei opp igjen.
Viserektor for utdanning Bjørn Stensaker gav henne rett, men viste til at då kom det berre studentar frå USA og Kina.
– Og det var høg tilstrøyming til teknologi og mindre til humaniora, slo han fast.
Ekstern representant Maria Strømme, som sjølv er professor ved Uppsala universitet, meinte at det kunne vera ein god idé å sjå korleis det går i Sverige og Danmark, og la representantar for to universitet frå dei landa fortelja om sine erfaringar til Universitetsstyret.
Føreslo eit eige UiO-stipend for studentar frå Afrika
Ekstern styrerepresentant Eirik Frantzen trekte fram at det viktigaste konkurransefortrinnet norske universitet hadde hatt samanlikna med universitet i andre land, var at studia var gratis. Han lurte derfor på om det ville vera mogleg for UiO å oppretta eit stipend på til dømes 30 millionar kroner frå pengar UiO ville få frå staten til å kunna betala for studia til studentar frå Afrika.
Universitetsdirektør Arne Benjaminsen tvilte på det, og viste til at Kunnskapsdepartementet hadde gitt UiO og dei andre universiteta og høgskulane streng beskjed om at studieavgiftene skulle dekkja alle kostnadane.
– Det er berre legat og fond UiO kan dela ut pengar til studentar frå i dag. Elles er det Lånekassen som sørgjer for utdeling av pengestøtte til studentane, trekte han fram.
– UiO er attraktivt
Rektor Svein Stølen konkluderte med at UiO måtte vera populært, sidan så mange eigenbetalande studentar hadde begynt.
– UiO er attraktivt for studentar frå ein del land, peika han på.
No skal studiedirektør Hanna Ekeli og medarbeidarane hennar i Avdeling for studieadministrasjon jobba vidare med og fylgja opp oppdraget frå universitetsdirektøren med å sjå på behovet for å vurdera kva strategiar UiO skal ha for å sørgja for internasjonalt mangfald og internasjonale perspektiv på utdanningane dei komande åra. Eit slikt arbeid ynskjer universitetsdirektør Arne Benjaminsen å få sett i gang i løpet av denne hausten.
• Les meir om studieavgifter:
Regjeringa innfører stipendordning for noen av utanlandsstudentene
Studentleiaren fillerista statsråden framfor kong Harald V
UiO-styret sa ja til studieavgifter: – Høgare enn hos nokre av dei mest prestisjetunge universiteta
UiO-styret delte seg i synet på innføring av studieavgifter for studentar utanfor EØS
Logg inn for å kommentere