Det var i går Aftenposten meldte at Skatteetaten den 31. mai slo til mot ein privatbustad og eit kontor knytte til to kinesiske forskarar. Dei er begge tilsette på eit universitet på Austlandet, melder avisa.
Universitetsdirektør Arne Benjaminsen opplyser til Uniforum at det ikkje dreiar seg om Universitetet i Oslo. Han viser til at han ikkje hadde høyrt om saka før han las om den i Aftenposten i går. Benjaminsen peikar på at om Universitetet i Oslo hadde vore involvert, ville det ha vore naturleg om Skatteetaten hadde tatt kontakt sidan, også eit selskap som det aktuelle universitet eig, ifylgje Aftenposten, er ein del av saka. Han understrekar at han ikkje er kjent med at eit selskap UiO har eigarskap til, er involvert i ei slik sak.
Dei to kinesiske forskarane det handlar om har ei ti år lang fartstid som tilsette på det universitetet der dei arbeider. Selskapet som no er blitt utsett for ein skatterazzia, blei etablert nokre år etter at dei begynte å jobba for det aktuelle universitetet, og er basert på forsking på universitetet. Det aktuelle universitetet stadfestar overfor avisa at Skatteetaten også gjennomførte ein skatterazzia i lokala deira. Det felles målet med razziaen i privatbustaden og i lokala til universitetet var å skaffa bevis i ei skattesak.
Den eine av dei to forskarane vil ikkje svara på spørsmål frå avisa, før saka har fått ei avklaring. Den andre forskaren har ikkje svart på dei meldingane avisa har sendt til han.
Logg inn for å kommentere